Elling K. Tjønneland: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Mellomlagring)
(Mellomlagring)
Linje 17: Linje 17:
Alt frå 1898 var Tjønneland medlem av fråhaldsrørsla [[IOGT]], og han dreiv aktivt losjearbeid også i si tid i Skjåk. Elles interesserte hans eg sterkt for helsestellet, og var i ei årrekkje leiar i det lokale helselaget i Skjåk.
Alt frå 1898 var Tjønneland medlem av fråhaldsrørsla [[IOGT]], og han dreiv aktivt losjearbeid også i si tid i Skjåk. Elles interesserte hans eg sterkt for helsestellet, og var i ei årrekkje leiar i det lokale helselaget i Skjåk.


== Kjelder og litteratur ==
''Norske skulefolk'', bd. II, red. Karl Bakke, Dreyer forlag, Stavanger 1952.
Timberlid, Jan Anders: ''Bygdebok for Gaular. Band 4. Gardar og folk Viksdalen sokn''.


{{DEFAULTSORT:Tjønneland, Elling K.}}
{{DEFAULTSORT:Tjønneland, Elling K.}}

Sideversjonen fra 4. mar. 2012 kl. 14:48

Elling K. Tjønneland (fødd i Gaular 1881, død i Skjåk 1960) var folkeskulelærar i Skjåk frå 1904 til han gjekk av med pensjon i 1951. I sine haldningar og gjennom si verksemd i og utanom lærargjerninga svara han godt til dei gjengs førestillingane om den typiske vestlandslærar. Han ivra for fråhaldssaka og målsaka, og var elles aktiv i skulepolitikk, helsearbeid og ungdomslagsarbeid. Hans arbeid for nynorsk skulemål skaffa han ikkje berre vener i bygda. Under okkupasjonstida var han ein frittalande antinazist, og han var aktivt med i den organiserte sivile motstandskampen.

Familie og oppvekst

Han var fødd og oppvaksen på gardsbruket Tjønneland (også kalla Stølen eller Knutsstølen) i Viksdalen sokn i Gaular. Det var eit lite, veglaust og tungdrive bruk som ligg 570 meters høgde over fjorden. Foreldra var Knut Sørensson Tjønneland (1832-1917) og Olina Ellingsdotter (fødd Hellebust, 1842-1903). Elling var den sjuande av ein syskenflokk på ni.

Tjønneland gifta seg i 1917 med Ragnhild Risheim frå Skjåk (fødd 1892), dotter til gardbrukarparet Ola og Gunhild Risheim. Elling og Ragnhild Tjønneland fekk 11 born, fødde i tidsrommet 1920-1934. Tre av borna døydde som spebarn.

Lærargjerning og samfunnsvirke

Tjønneland tok lærareksamen ved Volda lærarskule i 1903. Etter eit vikariat i Horte og Håland krinsar i Landvik (nåverande Grimstad kommune), kom Tjønneland til Skjåk hausten 1904. Der var han lærar samstundes i Øygard og Gjeilo krinsar fram til 1916. Etter det var han i Gjeilo skule heilt til den vart nedlagd og Tjønneland gjekk av med pensjon i 1951.

Tjønneland var lærarrepresentant i Skjåk skulestyre frå 1918, og var medlem, nestformann og formann i skulestyret mykje av tida han verka som lærar, med unntak av åra 1940-1945.

Han medverka til at det vart innført landsmål som skulemål, fyrst i utkantkrinsane Gjeilo, Øygard, Åmot og Bråtå frå 1908, så i Marlo, Holemork og Skamsar midt på 1920-talet. Særleg i denne siste runden spela Tjønneland ei sentral rolle. Han var ein av fire målmenn i skulestyret som vart refsa frå preikestolen i Skjåk kyrkje av presten og riksmålsmannen Harald Bakke, ei sak som naturleg nok skapte debatt og usemje i bygdesamfunnet.

Alt frå 1898 var Tjønneland medlem av fråhaldsrørsla IOGT, og han dreiv aktivt losjearbeid også i si tid i Skjåk. Elles interesserte hans eg sterkt for helsestellet, og var i ei årrekkje leiar i det lokale helselaget i Skjåk.

Kjelder og litteratur

Norske skulefolk, bd. II, red. Karl Bakke, Dreyer forlag, Stavanger 1952. Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band 4. Gardar og folk Viksdalen sokn.