Elvøy (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring
m (kategorisplitting)
Linje 15: Linje 15:


[[Kategori:Jostedalen]]
[[Kategori:Jostedalen]]
[[Kategori:Grender og bygdelag i Jostedalen]]
[[Kategori:Grender og bygdelag]]

Sideversjonen fra 15. apr. 2013 kl. 08:23

Elvøy med stovehuset i det opphavlege bruket i Fossen i framgrunnen

Elvøy er ei lita grend i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane. Grenda ligg på ei elveslette på austsida av Jostedøla i nedre del av bygda. Bruka og bustadene som utgjer grenda, høyrer til under matrikkelgardane Fossen og Ormberg. Elvøy høyrde tidlegare til den nedlagde skulekrinsen Myklemyr skule.

Busetnaden i Elvøy går attende til kring 1860. Den 17.10.1860 vart eit lite bruk (bnr. 2, Fossen/Elvøy) utskild frå hovudbruket (bnr. 1) i Fossen. Parsellen skal den gongen ha vore ei øy i Jostedøla. Bruket vart delt 19.5.1891 då Kasøy (bnr. 6) vart fråskild.

Elvøy ligg i grenselandet mellom Fossen og Ormberg, og det har veksla noko kva gardsnummer eigedomane har høyrt under.

På den delen av Elvøy som låg under Ormberg, vart det rydda to plassar i midten 1930-åra. Den eine, Elvestad, vart 17.7.1939 utskild som bnr. 7 frå hovudbruket (bnr. 1) på Ormberg. Den andre husmannsplassen følgde då med og vart ikkje fråskild før 15.10.1985 som bnr. 16 (Elvøy).

Elvøy har vore utsett for flaumane i Jostedøla, men det er i nyare tid bygt elveførebygnad langs heile grenda.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 82-170. (Digital utgåve, NBdigital)