Embretstølen med Øynan (Ustaoset)

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 8. okt. 2016 kl. 22:40 av Marianne Wiig (Samtale | bidrag) (Marianne Wiig flyttet siden Embretstølen (Ustaoset) til Embretstølen med Øynan (Ustaoset))
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Embretstølen. Biletet er teke i retning Ustaoset.
Foto: Marianne Wiig (2012).
Ruinar etter steinbu ved Embretstølen.
Foto: Marianne Wiig (2012).

Embretstølen (lokalt oftast kalla Embrikkstølen) ligg nordvest for Embretstøltjørni mellom Ustaoset og Haugastøl, Hol kommune. Eigedomen strekk seg frå Embretstøltjørni i sør til Hyllun i nord, og omfattar også den nedlagte stølen Øynan (Øynadn) mellom Embretstølen og Raggen. (Denne må ikkje forvekslast med Øynan ved riksvegen). Stølane på eigedomen har vore i bruk i alle fall frå 1700-talet, det meste av tida som langstølar til Raunsgard, 65/1, i Ustedalen.

Eigedomstilhøve i eldre tid

Då nordre Tufto (på den tid også kalla Nestegard) vart delt i nørdste og myljo i 1772, følgde Embretstølen og Øynan myljo Tufto. Nils Helgeson Tufto, som dreiv myljo Tufto etter delinga, selde i 1782 ein firedel av Embretstølen til svigersonen Ola Kitilson Rygg, Kvisla. Svein Olson Raunsgard, Ustedalen, må ha kjøpt stølen eller delar av han før 1790, for dette året selde han dei tilhøyrande Djuptjørna til Ola og Elling Tufto, Kvisla. I 1806 selde sonen til Svein, Ola, myljo Tufto med Embretstølen og Øynan, til den eldre broren Tolleiv.

I 1825 vart hamnedelet mellom Embretstølen og Åkerstølen fastsett. Det gjekk frå eit merke ved Embretstøltjørna og opp i Hallingskarvet. To år seinare vart hamnedelet mellom Raggen og Embretstølen med Øynan fastsett. Fiskerett til Djuptjørna og Embretstøltjørnet, vedrett, jaktrettar, torv. Hamn for eigne fe, leigefe og driftefe.

Arvefeste til Brusletto i tre generasjonar

Frå 1842 var stølseigedomen i ei periode bortleigd til Brusletto. Det var Svein, sonen til Tolleiv, som ga arvefestebrev på Embretstølen og Øynan til Hans Olson Brusletto, Lio, for tre generasjonar. Etter at Hans døydde i 1848, dreiv kona Turi garden og stølane. Om ho skriv Andreas Mehlum mellom anna: ”Ho var som ein kar i arbeid og framferd, gjekk i skinnbrok, køyrde fôr frå Embrikkstølen om vintrane og ved or skogen, reiste til Oslo og Branes med varer, og handla hestar, - ho vart kalla ”Handels-Turi”.[1] Då arvefestetida lei mot slutten, kjøpte Rognald Brusletto, som var barnebarn av Hans og Turi, Lysthusstølen på sørsida av Ustevatnet.

Raunsgard tilbake på 1900-talet

Medan Brusletto brukte Embretstølen, støla Raunsgard på sørsida av Ustevatnet (lokalt kalla ”vestsida”), der Svein hadde fått arvefeste på Hornbustølane. Garden hadde framleis vedrett i Øynan og dessutan i Kjersundlie. Då arvefestet til Brusletto gjekk ut i Per Larson Rønsgård[1] (1892-1962) si tid, tok kona til å støle på Embretstølen. Det heldt ho fram med også nokre år etter at sonen Lars (1944- ) hadde overteke garden, men i 1965 slutta dei med kyr og stølsdrift.

Lars Rønsgård var med mor si på Embretstølen frå han var tre månader gamal og var her heile sumaren kvart år. Systera hans var seksten år eldre, og det var ingen ungar på dei næraste stølane, men det vart ikkje keisamt, for han var tidleg med på stølsarbeidet. At dei var langt frå velferdsgode, fekk han merke ein sumar han brekte armen. Då var det å slå seg til tåls med smertene til dagen etter, gå stigen ned til riksvegen, for så å ta bussen til Haugastøl.

I Lars si tid på stølen buførte dei opp vegen frå Haugen-Øynan, men grisane jaga dei frå Ustaoset sentrum. Fôret henta dei ned med hest om vinteren. Når dei kom opp, hadde dei også med ved frå bygda, til sumarsbruk. Til brensel brukte dei ei tid også torv, som dei vann ut frå myrane omkring, turka og lagra i ei eigen bu på stølen. Blant dei som reiste rundt for å ”misjonere” for torvsaka, var P. Chr. Asbjørnsen. Han vitja Hol i slutten av 1860-åra.

Turisme

Før andre verdskrigen var det planar om å varde ei fotturløype frå Haugastøl over Embretstølen, men då krigen kom vart planane lagt på is. Nokre hyttefolk og fotturistar kom likevel forbi for å kjøpe med seg rømme, smør, mjølk og andre stølsprodukt. Blant dei som var nedom for å få fylt opp lagra, var Arne Næss og ungane hans. Dei hadde ikkje dagleg kontakt med omverda oppe på Tvergastein, så dei brukte å spørje kva dag det var, i fall det skulle nærme seg skulestart. Ein del turistar var også innom i samband med utfluktar i regi av hotellet. Dei kom for å fiske i Embretstøltjørnet som Stange-familien, som dreiv hotellet, leigde fiskeretten til.

Då Solveig Rønsgård gifte seg med Lars i 1968, var tida for støling forbi, men dei nytta Embretstølen som hytte for seg og ungane. I 1989 bygde dei på stølen på den austre sida. På oppmoding frå skiløyparar i området starta dei i 1992 med enkel servering for påsketuristar gjennom ein disk i døråpningen. Tilbodet vart populært, og i 1996 bygde dei den vestre fløya med serveringsdisk, bord og benkar. I nitten år, fram til 2011, dreiv dei Embretstølen som serveringsstad om vintrane. Dei fyrste åra brøytte dei sjølve løype med skuter.

Stølshusa og vollane

På Embretstølen vart det i 1985 registrert tre tufter med reistar etter steinmurar, to av dei innbygde i skråninga, og ein ruin etter ei stølsbu i stein. Den eine muren er delvis nedrive og syner korleis dei isolerte gjennom å sette opp to rekkjer med steinmurar med torv i mellom. Ein av veggane som framleis står, er avrunda der peisen sto. Byggeåret er ikkje kjend for nokon av tuftene, men i Lars sin barndom hadde stølsbua enno timra gavl og torvtak. Dei budde ikkje her, men i ei trebu, truleg sett opp på 1930-talet. Frå same tid er antakeleg fjøset og grisehuset som far til Lars mura opp. Blant stølshusa var også ei fôr- og ei torvløe, som berre tuftene syner etter. På vollane er det ikkje steingjerder som på dei andre stølane i området. Kanskje skuldast det at det her låg ein naturleg voll med lite stein, som dei slapp å rydde.

Sørperaset i 2013

På Øynan vart det i 1985 registrert ruinar etter tre steinbuer med ukjend byggeår, med steingjerder i mellom. I følgje Marita Bakken, dotter til Rognald Brusletto, Lars Rønsgård kjenner til ei tuft i tillegg til desse. Steinmuren etter denne ligg innbygd i ei skråning litt nord for buene. Fram til 2013 var dei tre steinbuene i relativt god stand, men ein gong mellom 17. og 19. mai 2013 vart to av dei teke av eit sørperas. Det var Raggemyrene som hadde demt seg opp, og derfrå kom mellom 500 000 og 1 million m3 vatn ned skråninga mellom Embretstølen og Raggen. Raset drog med seg steinar på opptil seksten tonn, og sørgde for at Embretstølelva endra hovudløp. Same året var det stor flaum i sentrum av Ustaoset, og brannvesenet vart tilkalla for å pumpe.

Bever i tjørnet

Ein familie som kom til Embretstølen i 1990 og sidan har vorte verande, er beverfamilien. Nede ved elveoset er eit belte av vier, som dei både et og byggjer demningar av. Namn som Bjoreia tyder på at det har vore bever på Hardangervidda i gamal tid, men i Embretstøltjørnet og Ustedalsvassdraget er han ny. Kvar kveld tek han ein symjetur rundt tjernet for å markere revir.

Fotnotar

  1. Per endra skrivemåten frå Raunsgard til Rønsgård.

Kjelder og litteratur

  • Lars og Sigurd Reinton: Folk og fortid i Hol. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. Bind 6 og 7.
    • Om Embretstølen: B6 (s. 691), b7 (s. 17, 340ff)
    • Om Øynan: B6 (s. 337, 356, 559, 573ff, 622ff, 691ff), b7 (s. 13, 17, 342ff)
  • Samtale og befaring med Lars og Solveig Rønsgård 31/7-2016.
  • Roland, Hilde og Anne Merete Knutsen: Verneplan for Hallingskarvet. Deltema: Kulturminner. Utg. Buskerud fylkeskommune. Rapport nr 5, 2003.


Koordinater: 60°32′3″ N 7°55′51″ Ø