Emma Sunniva Karlsen (1886–1944)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Emma Sunniva Augusta Jacobine Karlsen.
Foto: Ukjent

Emma Sunniva Augusta Jacobine Karlsen (1886–1944) (fødd 13. juli 1886 i Kvernes, død 13. januar 1944 i Ravensbrück) var sjukepleiar. Under andre verdskrigen vart ho fengsla for tyskfiendtlege kommentarar. Etter ei tid på Grini vart ho sendt til konsentrasjonsleiren Ravensbrück, der ho omkom.

Ho var dotter av Magnus Carlsen og Anna Sofie Karlsen f. Johannessen (f. 1861). Faren var svensk, medan mora var frå Mo i Rana. Dei var katolikkar, og hadde ein barneflokk som fyller stereotypen: I 1910 var det tolv ungar i heimen på Kolvereid.

I 1900 var ho i teneste som barnepike på Trondenes. I 1910 vart ho registrert hjå foreldra på Kolvereid, men ho var då i sjukepleiarlære i utlandet. Emma Sunniva Karlsen fekk utdanninga si Belgia. Ho arbeida i Stavanger og Haugesund.

Den 7. februar 1943 vart ho arrestert i Haugesund, og same dagen vart ho sendt til Grini, der ho fekk fangenummer 6318. Så bar det til Ravensbrück den 6. oktober 1943, og der fekk ho fangenummer 24128. Det er mogleg at ho vart arrestert ein god før dette òg, for i Våre falne står det at ho vart pågripen våren 1942.

Ho er minna på Krigsminnesmerket ved St. Olav domkirke i Oslo. Ho er òg nemnd i jubileumsskriftet for St. Svithun katolske kyrkjelyd i Stavanger, som ho tilhøyrde.

Litteratur og kjelder