Rodal og Engdal

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Engdal og Rodal»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Aurgjeldsgeita «Stormfuglen», som låg i Nesstunaustet i Engdalen før. No er båten utstilt på Geitbåtmuseet.
Foto: Olve Utne (2011).

Rodal og Engdal er eit bygdelag på innersida av Vinjefjorden, rett overfor Todalen i Aure kommuneNordmøre. Mot aust grensar bygdelaget mot Vinje i Sør-Trøndelag. Området, da kjent som Innlandet krets, var ein del av Aure kommune fram til det vart overført til Halsa kommune søndagen den 23. mars 1975. Den 1. januar 1976 vart området overført frå Aure sokn i Aure prestegjeld til Valsøyfjord sokn i Halsa prestegjeld. Tidlegare gikk dampskipsruta frå Kristiansund til Vinjeøra forbi her og hadde anløpsstad i Engdalen. Engdalen hadde òg postkontor, som i 1968 fikk postnummer 6689 Engdal. Seinare vart det bygd ferjeleie der, og dette vart etterkvart lagt til Renndalen lengst vest i bygdelaget. Ferja Ervik–Rendal var siste rest av den gamle båtruta her inne, og ho vart nedlagt i 1989. E39 går gjennom bygdelaget og er hovudtrafikkåra i dag.