Engedal (Kvinesdal gnr. 177)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Engedal
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 177
Ant. bruksnr.: 13 (2018)

Engedal er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Han har i dag gardsnummer 177, og hadde tidlegare gnr. 8 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 179 og gamalt matrikkelnummer 299.

Engedal er prega av stabilitet gjennom historia. Garden blei truleg aldri lagt aude etter Svartedauden, talet på innbyggjarar har vore om lag det same sidan 1600-talet og det har mest alltid vore fire bruk. Det som kan ha truga denne stabiliteten var ein stor brann i 1896 som nær tok alle husa på garden.

Geografi

Med utsyn mot Engedalstjødna ligg Engedal i ei nordvesthelling ned mot Vesterdalen. Det er ei sideelev til Kvina – Sløåna – som renn frå Øvre Kvinlog til Engedal. Der Kvina møter Sløåna, på austsida midt i mot Bjorøyna, skifter Engedal med Helle. Frå Bjorøyna følger skiftet austsida av Kvina langs Risøymonen til Trollfossen. Frå Trollfossen byter Engedal med Øvre Kvinlog i eit rett strekk nordaust over Sløåna og over Migansbergan og ned i dalen der gardane Engedal, Øvre Kvinlog, Åsen og Fjotland møtest i eitt punkt sør for Kvernhushola. Deretter følger grensa sør over Engedalsheia til Hommevatnet. Her møter ein Helle att, og dei to gardane følger kvarandre side om side over Årkleiva og Stighommen tilbake att til Bjorøyna. I 1662 gjekk dei opp grensa frå Hommevatnet over Årkleiva og Stighommen til Bjorøyna.[1]

Gardsnamnet

Namnet Engedal er samansett av to ledd. Første ledd Eng- tyder eng eller grasmark. Andre ledd -dal er – ikkje overraskande – eitt av dei hyppigast nytta namneledda i Noreg, både på stadar og gardar.  

Namnets karakter av landskapsskildring kan tyda på eit eldre opphav, men den samansette forma peiker i ei anna retning og nyare opphav. Det at vi her har å gjera med Engedalen, tyder at denne plassen har hatt ein funksjon i ein samanheng der det har vore naudsynt å skilja han frå andre dalar. Ein kan sjå føre seg at garden har vore ein teig på ein større gard, men ikkje av dei eldste i bygda.  

Det har vore hevda at Engedal kjem frå Åmland.*

*Reinert Engedal i følge Johan Jerstad.[2]

Skriveformer har mellom anna vore Engedall i 1723, og i 1865 Engedahl. Den siste varianten har vore nytta som slektsnamn av mange av dei som reiste til USA.

Gardsbeskrivingar/Livsgrunnlag

I 1661 hadde dei ei flaumkvern og nok ved i skog til å varma opp hus og laga mat. På den tida var det 10 menn som budde på Engedal. Med koner og born kan ein rekna om lag 30 personar på Engedal alt på 1660-talet. Dette heldt seg stabilt gjennom heile 1700- og til midten av 1800-talet då utvandringa til Amerika tok til. I frå 1865 til 1900 minka folketalet med om lag 1/3 frå 29 til 19 personar, før det steig att fram mot 1920.

Kor mange bebuarar (M: Berre vaksne menn)

1665 1801 1865 1900 1920
10M 28 29 19 28

Som på dei fleste andre stadar, auka likevel volumet i produksjonen kraftig på 1800-talet. På Engedal var det jordepledyrkinga som utgjorde auken. I 1802 hadde dei kome i gong med jordeple og sette to tønner med eit utkome på seks fold. I 1865 dyrka dei 25 tønner; ei tolvdobling frå 63 år tidlegare. Jordepledyrking hadde den fordelen at ein fekk ei avling uansett, sjølv om jordepla blei små i dårlege år. I kalde somrar kunne heile kornavlingar gå tapt, og det kunne vera fatalt i ein lite fleksibel økonomi. Engedal låg i «bakli» - som dei skreiv i 1723 – og kunne vera utsett. Volumet i korndyrkinga låg relativt fast heilt frå 1720-talet.

Husdyrhaldet, derimot, auka i likskap med jordepledyrkinga. I 1865 hadde dei 61 får, 51 geiter og ein gris, mot berre totalt 40 «smaa kreaturer» i 1802.  

1665 1723 1865
Korn 3 ¾ t 8 t 12 ½ t
Jordeple - - 25 t
Hestar 1 0 2
Storfe 9 12 21
Småfe 12 24 113

Kulturminne

I jordeboka frå 1617 står det ei opplysing om at det høyrde ein øydegard til Engedal. Mange gardar blei lagde aude som følge av nedgangstida i seinmellomalderen. Dei blei lagde inn under kringliggande gardar, gjerne der dei først hadde kome frå. På 1600-talet fekk styresmaktene interesse i å legga til rette for at dei gamle øydegardane blei tekne opp att. Fleire skatteobjekt gav meir inntekt, og mange øydegardsmenn fekk skattelette dei første åra. Men øydegarden som låg under Engedal i 1617 ser aldri ut til å ha blitt rydda opp att.

Rett vest for dagens bruk 1, Slåta, litt nord for sjølve Engedal ligg Solbar, Solbarheia og Solbarmyra. Lokal tradisjon skal ha det til at det her låg ein gard i mellomalderen, og at det er denne garden som er nemnd i 1617. Eigedomen ligg i dag under Øvre Kvinlog, men segna forklarer dette med at garden følgde med ei jente frå Engedal som gifta seg til Øvre Kvinlog. Ein annan teori er at Vermund Øysteinsson måtte selja Solbar for å klara bøtene etter han hadde drepe Jesper Stakkeland i 1640.[3] Ein treng ikkje meina så mykje om innhaldet i slike segn, men det er noko særmerkt med grensa mellom dei to gardane. Dei eldste byta gjekk oftast beint mellom stavane, som ytterpunkta blir kalla. Om ein trekker ei rett line over heile grensestrengen mellom Engedal og Øvre Kvinlaug frå Trollfossen til Kvernhushola, så ser ein at bytet «bøyer av» for Solbar og treffer vestsida av Sløåna nokre hundre meter sør for der det vender opp på austsida. Det kan tyda på ei omskiping av byta langt tilbake i tid. Plassen heiter i dag Hauan.

Godt gras på Solbar.

På Engedal har dei og hatt kvernbruk. Ein finn spor etter det i innmarka.

Matrikkel

1639 1661 1723 1802 1838 1886 1950 2019
Nr - - 61 299 179 8 8 177
Skyld 1 h 4 ksk. 1 1/3 h 1 ½ h 1 ½ h 4 rd 3 mark 12 sk. 6 mark 75 øre - -
Tal på bruk - 3 4* 4 4 5 7 13

*tal på oppsittarar

Eigedomsforhold

Engedal har vore i bondeeige i så lang tid vi har kjelder. Garden er nemnd som «Øde gaard» i forbindelse med Akershusskatten i 1594. Om garden blei lagd aude etter seinmellomalderen, så blei han teken opp att innan slutten av 1500-talet.

I 1665 blei landskylda sett opp frå 1 1/3 h til 1 ½ h, og i 1723 blei den foreslått sett opp til 3 huder. Den siste blei ikkje driven gjennom.

Engedal blei tidleg skild i fleire bruk. Talet varierer noko i kjeldene, men frå midten av 1600-talet må det reelle talet ha vore tre eller fire. I 1661 var dei tre oppsitjarar, medan fire år seinare blei det registrert seks brukarar. I 1723 var talet fire, og slik har det i praksis vore sidan.  

Dei fire bruka på Engedal har alltid vore jamstore. I 1838 hadde dei alle ei skyld på 4 ½ hud, og i matrikkelen som blei tatt opp i 1886 hadde dei om lag same tal på menneske og dyr. I alt budde det 29 personar på Engedal i 1886.

Torsdag 30. januar 1896 brann det på Engedal. Brannen starta på ettermiddagen, medan ei tre år gamal jente var åleine inne. Det bles sterkt frå nordvest og brannen spreidde seg fort. Tre av bruka brann ned til grunnen, bortsett frå ein låvebygning. Jenta blei berga. Alt dei elles klarte å berga var nokre sengeklede og nokre gangklede. 18 menneskje blei huslause. Dei flytta alle inn hjå Torgrim Johannessen. Bruket hans var det einaste som ikkje blei ramma.[4]

I etterkant av brannen blei bruk nr. 1 – Dør heima – flytta ned til Vesterdalsvegen, midt i mot Hauan.  

Dei hadde utskifting på Engedal i 1915.

Bruk og eigedomar

Bnr. Bruksnamn Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950 Notat
1 Dør heima Gardseigedom 658a 2 mark 31 øre Reinert J. Pedersen Lars J. Engedal
2 Dør framme Gardseigedom bruk 1 1876 658b 1 mark 18 øre Torsten Olsen Johannes Engedal
3 Dør framme Gardseigedom bruk 4 ca. 1661 659 Reinert J. Pedersen Reinert J. Pedersen kjøpte heile "Dør framme" lnr. 659 omkring 1872-1873, og skilde ut bruket igjen under nytt løpenr. 658b i 1876 og selde til Tosten Solli. Restane ble slått saman med bruksnr. 1 i 1916.
4 Dør uppe Gardseigedom bruk 1 1604-1647/1898 660 1 mark 64 øre Staale T. Eielsen Severin Seland
5 Dør inne Gardseigedom bruk 1 ca. 1665-1701 661 1 mark 52 øre Salve A. Johannessen Ingeborg Kvinlaug

Folket på Engedal

Dør heima

Dør heima/Slåta

Den udelte garden

Bruk  1

Lnr. 659 og 658a

Ein veit ikkje om Dør heima var den opphavelege garden, men namnet kan tyda på det, og anna har ein ikkje å gå etter. Etter delinga kan ein følgja brukarrekka fram til dagens eigarar og brukarar. Etter brannen i 1896 flytta dei husa ned til hovudvegen, og bruket har gått under namnet Slåta sidan.

  • Øystein Olsson Engedal (n. 1584 – d. 1614)
  • [ukjent]
    • Per (1584-1665) Sjå nedanfor
    • Vermund (d. 1649) Sjå Dør uppe

Øystein var son av Olav Austre Ersdal i Bakke sokn og broren til Hoskuld Olsson på Nedre Kvinlog og Siri Olsdotter på Helle. Frå faren må han ha arva halve garden, for han kjøpte andre halvdelen av Øyu Tjølsson Åmland i 1604. Øyu og faren Olav hadde vore med å kjøpa «Helles gods», som Engedal var ein del av, nokre år tidlegare. Les meir om det under Helle. Øystein var ein av bøndene som fór til Feda i 1591 for å velja ein representant frå tinglaget som skulle reisa til Oslo for å delta i hyllinga av Kong Christian IV. Han er òg nemnd i eit gjestebod på Øvre Kvinlog i 1584. Kona veit ein ikkje namnet på, heller ikkje om dei hadde døtrer. Garden blei delt mellom dei to sønene deira. Per blei verande på Dør heima, medan Vermund fekk Dør uppe.

-

  • Per Øysteinsson (1584-1665)
  • [ukjent]
    • Olav (1622-)
    • Hoskuld (1630-) Sjå nedanfor
    • 2 døtrer (f. før 1630)

Per pantsette halve garden til presten Jørgen Tomassen, som selde pantet vidare til presten Peter Godtzen, båe prestar i Kvinesdal. Det blei seinare odelssak om denne gardparten. I 1661 dreiv Per og sonen Olav garden saman. Olav dreiv ein stund aleine, men har truleg døydd utan arvingar. Hoskuld tok over etter kvart.

-

  • Hoskuld Persson (1630-)
  • [ukjent]
    • Annsten (d. om lag 1705) Sjå nedanfor
    • Øystein (n. 1682) På tinget i 1682 fekk Øystein eller Eyvind Hoskuldsson bot på fire pund for å ha skore Jo Lindeland i handa, i tillegg til tre pund sølv for å ha stole hesten til Barbara Basskår i 1682. Ålmugen på tinget kunne fortelja at Øystein ikkje hadde nokon eigedom.  

-

  • Annsten Hoskuldsson (d. om lag 1705)*
  • Guri Helgesdotter Øvre Kvinlog (-1725)
    • Svend (1698-n. 1729)  
    • Hoskuld (1704-) g. 1724 m. Siri Reidarsdotter Nedre Kvinlog (-1763) Sjå Dør inne
    • Siri (-1763) Sjå nedanfor
    • Gro (-1763) g. m. Ånen den eldre Knutsson Åmland (1743-1754) Sjå Åmland

*I Kvenåsen 1 nemnes at Annsten skal ha vore gift med ei datter av Olav Sørensson Lindhom. Det må i så tilfelle ha vore før han var gift med Guri.[5]

Guri blei enke omkring 1705. Ho gifta seg ikkje opp att, slik ein ofte gjorde. Ho dreiv garden sjølv fram til ho døydde i 1725. Enker hadde same rettar og myndigheit som menn, og det kan sjå ut til at ho drog nytta av det. I 1722 la ho inn odelsstemning på bruket Torjus Bjørnsson eigde og sørgde for at sonen Hoskuld fekk seg eit gardsbruk.[6]

Eldste sonen Svend tok over dette bruket, men selde til søstera Siri og mannen Sigmund i 1729.

-

  • Siri Annstensdotter (-1763)
  • g. 1725 med Sigmund Reidarsson Nedre Kvinlog (1704-1761)
    • Gunvor (1725-)
    • Gunvor (1727-) g. 1753 m. Jo Olsson Eikeland (1722-) Sjå Eikeland
    • Gudtorm (1727- d. f. 1753)
    • Reidar (1730-1808) Sjå nedanfor
    • Annsten (1732-1802) g. 1765 m. Berte Diriksdotter Homme (1736-) Sjå Sindland
    • Øystein (1734-d. f. 1753)

Sonen Reidar overtok.

-

  • Reidar Sigmundsson (1730-1808)
  • g. 1753 med Karen Persdotter Lindeland (1730-1808)
    • Siri (1754-1825) Gravlagd som «Gammelpige frå Engedal»
    • Alette (1756-1819) g. 1797 m. Sigbjørn Kidelsson Valdro (1762-1842) Sjå Valdro
    • Gunvor (1759-1843) g. 1794 m. Knut Jespersson Åmland (1757-1822) Sjå Åmland
    • Sigmund (1761-)
    • Guri (1762-1830) g1. 1803 m. Ommund Larsson Knabenes (1775-1817), g2. m. Sigbjørn Kidelsson Valdro (1762-1842). Sjå Galdal og Valdro
    • Sigmund (1765-1839) Sjå nedanfor
    • Kari (1768-1840) g1. 1795 m. Jesper Markusson Øyusåsen (1770-1797) g2. 1799 m. Olav Olsen Nedre Bruli (1777-1857) Sjå Nedre Bruli
    • Malena (1774-1837) g. 1794 m. Tron Olsson Versland (1769-1815) Sjå Versland

Eldste sonen, Sigmund, tok over garden, stifta familie og blei husbond. Eldste dottera blei ugift tenestejente same sted. Begge foreldra budde hjå Sigmund i 1801.  

-

  • Sigmund Reidarsson (1765-1839)
  • g. 1800 med Anna Gunnleivsdotter Haddeland i Eiken (1773-1823)
    • Reidar (1801-1837)
    • Gunnleiv (1804-1823)
    • Per (1808-1881) Sjå nedanfor  
    • Andreas (1816-1887) g. 1838 m. Ingeborg Torgrimsdotter Eikeland (1812-1853) Sjå Dør inne og Eikeland

Reidar fekk først garden, men han døydde ung. Den yngre broren Per tok over i 1837.

-

  • Per Sigmundsson (1808-1881)
  • g. 1837 med Torborg Persdotter Solli (1812-1852)
    • Reinert Johannes (1838-1920) Sjå nedanfor
    • Salve Andreas (1841-1915) fekk sonen Salve Andreas (1864-) med Anne Marie Tobiasdotter Hamre og sonen Johannes (1864-) med Inger Tobine Persdotter Øvre Kvinlog. Salve Andreas reiste til Wisconsin i USA i 1865 der han gifta seg med Anne Bertine Persdotter Øvre Kvinlog. Ho var søster til Inger Tobine. Dei kom etter kvart til Minnesota. Johannes utvandra òg til USA i 1886.  
    • Gunnleiv (1846-) Til USA i 1871
    • Per (1848-) Til USA i 1871
    • Anna (1849-1851)

-

  • Reinert Johannes (1838-1920)
  • g. 1868 med Berthe Sofia Johannesdotter Engedal (1850-1896) frå Dør inne
    • Dødfødd jente (1870-1870)
    • Per (1871-) g. 1893 i USA m. Marie Dorthe Fatland. Til USA i 1888
    • Johannes (1873-) Til North Dakota, USA
    • Torborg (1877-1885)
    • Dødfødd gut (1879-1879)
    • Siri (1880-1956) Sjå nedanfor
    • Anne Sofia (1883-) Hjå onkelen Salve Andreas i Minnesota i 1905. Til USA
    • Torborg (1886-1887)
    • Torborg (1892-1969) gift i USA med Ole Anundson Haatvedt frå Rauland i Telemark. Mor til Ole Haatvedt var Karen Sofie Tostensdotter Engedal. Til USA

-

  • Siri Reinertsdotter (1880-1956)
  • g. 1901 med Johan Larsson Haddeland (1871-1956)
    • Berte Sofia (1901-) g. m. Torleif Olsen Haug frå Drammen. Til USA i 1922
    • Rikard (1902-1925) Døydde i New York
    • Lars (1905-1983) Sjå nedanfor
    • Peder (1907-1965) g. 1941 m. Alma Andersen frå Lista. Til USA i 1925
    • Aadne (1909-1988) g. 1932 m. Borghild Førde (1904-1985) Sjå Knaben Gruver og Åmot
    • Ole Andreas (1912-1982) g. 1939 m. Helene Risnes (1912-1998) Sjå Åsemoen
    • Åsa (1914-1998) g. 1934 m. Sigurd Risnes (1908-1945) Sjå Åsemoen
    • Trygve (1917-1971) g. m. Gudrun Trælandshei (1923-1984) Til USA
    • Jørgen Seval (1919-1919)
    • Johanne Synnøve (1920-1983) g. m. Jakob Egenes (1920-) Sjå Egenes.
    • Jørgen Sevald (1923-1980) g. m. Åse Haugen. Til Tokke
    • Rikarda (1926-1998) g. m. Lars Fredrik Staddeland (1919-2011) Sjå Faret

I Siri og Johan si tid, i 1919, blei husa flytta ned til vegen (Slåta) og eigedomsteigane  blei samla att i eitt bruksnummer 1. Dei tok folge i 1934 og Lars tok over garden.  

-

  • Lars Johansson (1905-1983)

Søstera Johanne Synnøve og mannen Jakob budde på Engedal saman med Lars dei første åra. Då den eldste sonen Erling var fire år, flytta dei til Egenes, men Erling ville vera på Engedal og vaks opp hos morbroren sin. Erling fekk garden etter Lars i 1974.

-

  • Erling Engedal (1939-2016)
  • g. 1967 med Gerd Solfrid Rossevatn (1946-1999) Frå Eiken
    • Fire born

-

Dør inne

Per pantsette halve Dør Heima  til presten Jørgen Thomassen, som selte pantet vidare til presten Peter Godtzen. Omkring 1690 kjøpte barnebarnet Anna og mannen Bjørn opp pantet og flytta hit. Det er uklart om dei var dei første på Dør inne eller om bruket hadde vore leigt ut tidlegare.  

  • Anna Øysteinsdotter Engedal (-1712)
  • Bjørn Olsson Skjervedal i Vennesla (d. f. 1718)
    • Dorte
    • Åsa (-1749) g. m. Karl Gunnleivsson (1694-1769). Sjå Nedre Kvinlog
    • Torjus (1688-) Sjå nedanfor
    • Olav kan ha hatt ei dotter med namn Maria (f. 1726)
    • Tollak (1698-)
    • Andres
    • Tosten

Anna hadde vakse opp Dør uppe på Engedal. Dei kjøpte ut garden etter at Anna sin onkel, Per Øysteinsson, hadde pantsett denne delen av Engedal. I skiftet etter Anna blei bruket, som var verdsett til 4 ½ engelsk, omtala som odelsgods. Sonen Torjus fekk likevel odelssøksmål av Guri Helgesdotter som la sak på vegne av sønene sine i 1722.[7] Utfallet av saka er usikkert, men ingen av Torjus sine arvingar blei verande på Engedal.

-

  • Torjus Bjørnsson (1688-)
  • [ukjent]
    • Bjørn (1721-)

Torjus var soldat i 1712.

-

  • Hoskuld Annstensson (1704-d. e. 1769)
  • g. 1724 med Siri Reiersdotter Nedre Kvinlog (-1763)
    • Guri (1725-)
    • Gunnar (1727-)
    • Berte (1730-)
    • Berte (1731-)
    • Annsten (1736-)
    • Annsten (1739-1769) Sjå nedanfor
    • Olav (1743-)

Det kan sjå ut til at alle borna døydde tidleg. Ingen av dei var til stades ved broren Annsten si skifteforretning i 1769. Annsten hadde teke over garden, medan faren Hoskuld hadde gått i folge. Hoskuld overlevde kona og sju born.

-

  • Annsten Hoskuldsson (1739-1769)
  • g. 1759 med Berte Tronsdotter Versland (1737-d. e. 1794)
    • Hoskuld (1759-1838) Sjå nedanfor
    • Ingeborg (1762-1843) g. 1787 m. Olav Gaudsson Audalstøl (1739-1821) Sjå Audalstøl
    • Siri (1765-1844) g. 1791 m. Tore Larsson Sinland (1753-1835) Sjå Sinland
    • Tron (1768-) g. m. Anna Malene Knutsdotter Drange i Heskestad sokn (1777-)

Ein kan lesa Annstens skjebne i kyrkjeboka: «blev funden død af Frost d 17de Januarii ude paa Marken i Sneen». Eldste sonen Hoskuld var berre ti år då, så Berte dreiv garden vidare til Hoskuld tok over i 1794.

-

  • Hoskuld Annstensson (1759-1838)
  • g. 1792 med Ingeborg Andersdotter Røynestad (1758-1836)
    • Berte (1792-1878) Døydde medan ho var på Røyland
    • Anders (1793-) Sjå nedanfor
    • Annsten (1796-1873) Flytta til Audalstøl i Kvinesdal, men døydde på Toddemonen under Stakkeland
    • Olav (1797-1858) g. 1816 m. Randi Bjørnsdotter Valdro (1790-) Sjå Risøya
    • Søren (1800-1825)
    • Malene (1803-1823)
    • Tønnes (1806-1858) g. 1831 m. Karen Malena Josdotter Stakkeland (1808-1899) Sjå Hagen under Stakkeland

-

  • Anders Hoskuldsson (1793-1882)
  • s.m. Anna Gunnleivsdotter d.y. Haddeland i Eiken (1786-1873)
    • Anders (1820-1822)
  • s.m. Ane Torsdotter Fogne i Gjerstad
    • Anders (1820-)

Anders fekk to søner med ein månads mellomrom i 1820. Først fikk han ein son med tenestejenta Anna Gunleivsdotter d. y. Haddeland, og deretter ein son med Ane Torsdotter Fogne i Gjerstad. Begge gutane fekk namnet etter faren, Anders. Anders gifta seg i 1822.

  • g. 1822 med Asgerd Toresdotter Risøy (1803-)
    • Ingeborg (1822-1864) g. 1860 m. Jon Osmundsson Josdal i Sirdal (1824-1888) Til Sirdal
    • Hans Jakob (1825-)
    • Inger Tonette (1826-1860) g. 1855 m. Per Gunnarsson Salmeli (1829-1859) Sjå Solhom
    • Malena (1826-1887) g1. 1849 m. Kristian Larsson Tekse (1829-1854) Til Tekse i Heskestad. Kristian blei drepen i eit lynnedslag i 1854. Malena og borna utvandra til USA, g2. i USA m. Lars Larsson Fladestøl. Dei var først i Wauzeka, Wisconsin før dei kom til Bridgewater i South Dakota.  
    • Hans Jakob (1830-)
    • Anne Sofie (1833-1931) g. 1859 m. Olav Gunnarsson Salmeli (1835-1918) Til USA i 1870. Først til Wauzeka, Wisconsin og Bridgewater, SD. Seinare til Saskatchewan i Canada.
    • Tore (1835-1880) g. m Inger Elisabeth Larsdotter Røyland (1841-) Sjå Valdro. Tore døydde i Risnes og Inger Elizabeth reiste i 1885 til Colfax, Kandiyohi County, Minnesota, USA.
    • Andreas (1838-1903) g. m. Anne Gurine Kristensdatter (1841-). Politibetjent. Til Kristiansand
    • Anne Tonetta (1842-) g. 1860 m. Erik Markusson Åsemoen (1825-) Til USA i 1871. Sjå òg under Åsemoen
    • Tobias (1845-1933) g. i USA m. Maren Salvesdotter Hodne (1842-1915) frå Hornnes i Aust-Agder. Først til Wauzeka og seinare til Bridgewater, som resten av familien i USA i 1871.
    • Mathias (1850-1851) tvilling
    • Bernt Andreas (1850-1850) tvilling

Anders og Asgerd flytta til Fjotland i 1842 og fòr vidare til USA i 1871. Dei kom først til Wauzeka i Wisconsin, der Anders døydde i 1882. Seinare reiste familien til Bridgewater i South Dakota. Der døydde Asgerd.

-

Andreas Sigmundsson Engedal (1816-1887)

g. 1838 med Ingeborg Torgrimsdotter Eikeland (1812-1853)

Dei var på Engedal frå 1842-1848. Så flytta dei til Eikeland. Sjå meir om familien der.

Andreas og Ingeborg selde bruket til Johannes Torgrimsson Seland i 1848. To månedar seinare makeskifta han garden med Tosten Lindhom, som makeskifta med sin son Ole Tostensson att. Alt tinglyst på same dag 2. mai 1848. Året etter, i mars 1849, bytta Ole Tostensson og Johannes Torgrimsson tilbake. Då denne skiftinga var over gifta Johannes seg med Siri Persdotter og dei flytta inn på Engedal.

-

  • Johannes Torgrimsson Seland (1815-1857)  
  • g1. 1849 med Siri Persdotter Øvre Kvinlog (1822-1855)
    • Berte Sofia (1850-1896) g. 1868 m. Reinert Johannes Persson Engedal (1838-1920) Sjå Dør heima
    • Torgrim (1851-1926) g. 1885 m. Anne Tonetta Tostensdotter Røyland (1864-) Sjå Dør framme
    • Anne (1854-1854)
  • g2. 1856 med Siri Tostensdotter Lindhom (1818-1901)
    • Salve Andreas (1856-1942) Sjå nedanfor
    • Johanne Sofie (1858-1950) g. 1879 m. Nils Osmundsson Seland (1851-1928) Sjå Seland

Siri Tostensdotter var dottera til Tosten Lindhom som Johannes hadde makeskifta med tidlegare. Johannes døydde medan Siri gjekk gravid med dottera Johanne Sofie. Ho dreiv garden fram til 1875 då sonen var 19 år og kunne ta over garden og ansvaret for moras livsopphold i ei folgekontrakt.  

-

  • Salve Andreas Johannesson (1856-1942)  
  • g1. 1878 med Ingerid Tostensdotter Røyland (1858-1896)
    • Johannes (1879-1930) Bygningssnikkar. Reiste til USA med broren Tønnes Andreas i 1904, men kom heim. Døydde av tuberkulose på Solhøgda sanatorium i Mandal.
    • Sigrid (1882-1963) g. m. Olaf Lerfall (1881-). Ho var husmor og han var elektromontør. Til Trondheim
    • Tønnes Andreas (1886-) Til USA i 1904.
    • Anna (1889-1917) g. m Ola Pedersson Lauvsland i Finsland i Kristiansand (1878-) Til Finsland
    • Inger Sofie (1893-1968) tvilling g. 1921 m. Johannes Nilsson Seland (1887-1975) Til Lindhom
    • Andreas (1893-1976) tvilling g. 1924 m. Inger Tobine Røyland (1901-1973) Sjå Røynebu
  • g2. 1897 med Gurine Olsdotter Eikeland (1871-1955)
    • Ole Andreas (1898-1932) Sjå nedanfor
    • Ingrid (1900-1967) g. 1923 m. Ola Tønnesson Helle (1900-1953) Sjå Helle
    • Anna (1907-1996) g. 1934 m. Severin Seland (1901-1956) Sjå Dør uppe
    • Gunhild Sofie (1911-2002) g. 1933 m. Tønnes Johan Helle (1906-1977) Sjå Helle
    • Bertin (1914-1934) Døydde i ei ulukke ved Knaben Gruvor.

Salve fekk straff for falskneri på 1890-talet. Gurine og Salve var forpaktarar i Risøya i 1900, men eigde garden på Engedal fram til sonen tok over i 1926.

-

  • Ole Andreas Salvesson (1898-1932)
  • g. 1927 med Ingeborg Olsdotter Stakkeland (1908-1994)
    • Sigurd (1929-1946)
    • Olav (1931-1994) g. 1962 m. Grete Skjørten frå Askim. Rektor ved Såner ungdomsskule. Til Son i Akershus
    • Oddfrid Ingeborg (1932-2015) g. 1968 m. Jens Skjellanger (1930-2005). Ho var kontordame då ho gifta seg. Til Alver i Hordaland.

Ole Andreas mista livet i ei ulukke under arbeid ved Knaben gruver. Ingeborg gifta seg opp att i 1939 med Tore Kvinlaug

  • Tore Kvinlaug (1899-1966)
    • Tønnes (1939-) Sjå nedanfor
    • Jette Marie (1941) g1. m. Gunnar Alvsvåg (1939-2003) frå Bømlo, g2. m. Bjarne Steinsund frå Mosterhamn. Til Stord
    • Kjell (1944) g. m. Torny Gyland. Til Tonstad

Ingeborg, eller «Ymma» som alle kalla henne, og Ole Andreas budde i det gamle våningshuset frå 1897. Det første brann i 1896. Ole Andreas døydde i ei ulukke på Knaben. Det skjedde før dottera Oddfrid vart fødd. Ingeborg dreiv garden vidare, køyrde hest og fekk hjelp av svigerforeldra i gardsarbeidet.  

I 1939 gifta ho seg med Tore, og dei dreiv garden saman til han døydde i 1966. Tore var spesielt flink med hestar, og han slakta for folk om hausten. Ymma bakte lefser på gardane rundt. Ho var sterk og arbeidssam og spesielt kjent for bakinga si. Jette Marie og Gunnar budde ei lita stund på Engedal etter at faren Tore døydde. Tønnes og Magda tok over i 1968.

  • Tønnes Toresson Kvinlaug (1939-)
  • g. 1962 med Magda Thorsen (1938) frå Evje
    • Tre born

Dei bygde nytt hus i 1976, litt nedanfor det gamle. Ingeborg flytta med og hadde eigen bustad i underetasjen. Det gamle våningshuset stod tomt nokre år.

-

Dør uppe

  • Vermund Øysteinsson (d. 1649)
  • Durdi Tronsdotter (d. e. 1677)
    • Gunhild (n. 1649) blei dømd for leiemål med Osmund Annstensson Modal i Bakke.
    • Øystein (1628-1699) Sjå nedanfor
    • Tron (1644-) g. m. Gunnvor Torgrimsdotter Bergesli (d. 1677) Sjå Dør framme
    • Hoskuld*
    • Steinvor (-1694) g. m. Nils Nilsson Rossås (-1704) i Iveland. Til Iveland

*Er nemnd i Gards- og ættesoga: Fjotland.[8]

  • Durdi gifta seg opp att med:
  • Tomas Nilsson (d. 1677)

Dei hadde ingen born. Tomas var truleg broren til Nils Nilsson Rossås, nemnd ovanfor. Han fekk seks riksdalar i bot i 1655 for å ha gjeve Torje Øvre Kvinlog to knivstikk.

-

  • Øystein Vermundsson (1628-1699)
  • Marthe Tjøstelsdotter (-d. e. 1710)
    • Asborg (n. 1699)
    • Ingeborg (n. 1699)
    • Tjøstel (n. 1699)
    • Ståle (-1710) Sjå nedanfor
    • Anna (-1712) g. m. Bjørn Olsson (d. f. 1718) Sjå Dør inne

-

  • Ståle Øysteinsson (-1710)
  • Ingrid Olsdotter Eigeland (d. e. 1714)
    • Vermund (1703-1779) g. 1750 m. Berte Olsdotter Urdal (-1761). Til Gyland.  
    • Øystein (1705-1782) Sjå nedanfor

Ingrid var truleg frå Eigeland i Gyland. Då ho ble enke, dreiv ho garden vidare med hjelp av tenestefolk. Sonen Vermund hadde odelsretten, men han overlét garden til broren Øystein i 1732. Vermund gifta seg med Berte, ei enke med fleire born, og flytta til Urdal i Gyland. Han kom heim til Engedal att etter at Berte døydde. Mange av Berte sine born frå første ekteskapet kom til gardane rundt Engedal.

-

  • Øystein Stålesson (1705-1782)
  • g. 1729 med Ingeborg Olsdotter Haddeland i Eiken (n. 1764)
    • Ståle (1730-1810) Sjå nedanfor
    • Ingerid (1731-)
    • Olav d. e. (1734-)
    • Olav d. y. (1737-1816) g. 1768 m. Adlaug Svensdotter Øvre Kvinlog (1745-) Sjå Øvre Kvinlog
    • Gard (1739-1809) g. 1772 m. Barbro Knutsdotter Årstøl (1755-1786) Sjå Årstøl
    • Ingerid (1742-)
    • Reier (1745-)
    • Marte (1747-1832) g. 1776 m. Kidel Osmundsson Farhommen i Eiken (1755-1804) Til Eiken

-

  • Ståle Øysteinsson (1730-1810)
  • g. 1769 med Asgerd Eielsdotter d. e. Lindeland (1750-1829)
    • Ingeborg (1770-1846)
    • Torborg (1772-1800) g. 1794 m. Ånen Gunnarsson Steintland (1766-1803) Sjå Steintland
    • Ingerid (1775-)
    • Ingerid (1777-)
    • Øystein (1778-1779)
    • Øystein (1779-1813)
    • Eiel (1782-1850) Sjå nedanfor
    • Ingerid (1785-1871) g. 1829 m. Steinar Torsson Eiesland (1770-1853) Sjå Helle
    • Lars (1789-1790)
    • Marte (1792-1810) Konfirmert 1807
    • Olav (1795-1856) g. 1829 m. Siri Kidelsdotter Høydal (1805-1881) Sjå Rullen/Solbjørum

Dei kjøpte gard på Rullen/Solbjørum i Kvinesdal òg. Yngste sonen flytta dit.  

-

  • Eiel Stålesson (1782-1850)
  • g. 1819 med Torborg Stålesdotter Knaben (1799-1879)
    • Asgerd (1820-1887) barn med Tolleif Gjermundsson Landsdal i Bjerkreim. Dei fekk dottera Anna Tonetta (1852-1876), g. 1863 m. Per Kolbensson Eiesland (1830-1917) Sjå Steinsland og Knibestøl
    • Torborg (1822-1874) g. 1850 m. Tor Oddsson Eiesland (1811-1847) Sjå Eiesland
    • Inger Marie (1825-1899) g. 1870 m. Tollak Torkelsson Veggeland (1811-1895) Inger Maria var i 1865 tenestejente i Tveit ved Kristiansand. Sjå Norås
    • Ståle (1828-1917) Sjå nedanfor
    • Inger Tonetta (1832-) tenestejente. g. m. fiskar Anders Olsen Ringene frå Randesund ved Kristiansand. Til Randesund
    • Ståle Tobias (1837-)

-

  • Ståle Eielsson (1828-1917)
  • g. 1856 med Torborg Ånensdotter Lien i Eiken (1838-1914)
    • Tønnes Elias (1859-1920) Sjå nedanfor
    • Torborg (1862-1936) g1. 1883 m. Johannes Trondsson Vik (1825-1897), g2. 1897 m. Karl Ånensson Eiken (1872-1920) Til Eiken
    • Anne Tonette (1862-1917) g. 1886 m. Ola Torkelsson Nøkland (1841-1915) Til Eftefjell i Eiken
    • Andreas (1865-1894) Til USA i 1886. Kom til Fergus Falls i Minnesota.
    • Inger Sofie (1868-1956) g. 1887 m. Bernt Torkelsson Øvre Blåka i Eiken (1867-1938). Til USA og seinare Eiken
    • Netta (1870-)
    • Anne Tobine (1871-1941) g. 1902 m. Ola Olsson Bryggesåk (1879-1955) Til USA, men kom att til Eiken
    • Tor (1875-1907) g. m. Gunvor Olsdotter Bryggesåk (1875-1954) Til Chicago, USA
    • Tobias (1878-1909) Blei skada i ei treskeulukke. Var pasient på Eg asyl i Kristiansand 1900. Var ved Rosenbergs asyl i Bergen då han døydde.

-

  • Tønnes Elias Stålesson (1859-1920)
  • g1. 1889 med Ingeborg Torkelsdotter Nøkland (1844-1911)
    • Ingen born
  • g2. 1911 med Anna Olsdotter Fjotland (1877-1963)
    • Thorvald Severin (1912-1953) g. 1939 m. Rakel Sandsmark (1919-2006) frå Bakke. Til Mjåsund i Bakke
    • Ole Johan (1914-1985) g. 1943 Ragna Stallemo (1910-2000) frå Øvrebø. Snikkar. Til Kristiansand
    • Ingeborg (1916-2004) g. m. Jakob Eftestøl (1919-1974) Sjå Knaben gard

Ingeborg var søstera til Ola som tre år tidlegare hadde gifta seg med Tønnes si søster Anne Tonetta. Anna hadde vore gift to gongar tidlegare (Sjå Risnes og Røynebu). Sonen hennar Ånen budde med familien i 1920. Tønnes var i Illinois i USA ved eit malmsmelteverk frå 1893-1895. Sønene Ole Johan og Thorvald var begge gruvearbeidarar før dei gifta seg. Garden gjekk på auksjon i 1941.

-

  • Anna Engedal (1907-1996)
  • g. 1934 med Severin Seland (1901-1956)
    • Nils Sigmund (1937-2009) Sjå nedanfor
    • Gurine Sofie (1940-)

Severin var eit par turar til USA før han gifta seg. Anna og Severin var søskenborn og barnebarn av Siri og Johannes Dør inne. Gurine gjekk under namnet Tulla. Nils var ein tur i Amerika etter at han blei vaksen, men Anna og Tulla heldt fram med å bu på Engedal nokre år etter at Severin var død. Så flytta dei alle tre til Kristiansand.

-

  • Nils Sigmund Seland (1937-2009)
  • g. med Ingebjørg Røinestad (1944-)

Nils og Ingebjørg flytta til Hamrebakkane etter at dei gifta seg. Dei brukte huset på Engedal som feriehus til dei selde det til Lars Johannessen Lunde frå Stavanger i 2008. Lars restaurerte låven, men han ville riva det gamle huset og byggja nytt.  

Tønnes Kvinlaug tok over det gamle laftehuset. Han flytta den beste av stovene og sette henne opp att ved Trollfossen, nær Risøya. «Annastova» kallar dei henne, det er ei kvilebu.

-

Dør framme

Bruket kom til etter at Dør uppe blei delt i to.

  • Tron Vermundsson (1644-d. f. 1718)
  • g. 1673 med Gunnvor Torgrimsdotter Bergesli (d. 1677)  
    • Vermund (n. 1677-1711) g. m. Barbro Kidelsdotter (n. 1718-n. 1737) Sjå Helle
    • Durdi (n. 1677)

Tron kom i frå Dør uppe, medan det er usikkert kor Gunnvor kom i frå. Ho hadde tidlegare vore gift på Bergesli med Tollak Ommundsson som var fødd på Øvre Vatne i Eiken. Kanskje kom ho også frå Eiken. Skiftet hennar stod på Bergesli, så dei kan ha budd der den første tida. Tron var på Engedal i alle fall frå 1683.  

Sonen Vermund kom til Helle, medan Vermund sin son Sigbjørn og kona Mali blei dei neste brukarane.

-

  • Sigbjørn Vermundsson (1698-1763)
  • g. 1718 med Mali Toresdotter Øvre Kvinlog (1704-1790)
    • Vermund (1720-)
    • Kidel (1723-)
    • Barbro (1727-1792) g. 1761 m. Lars Olsson Ryggesås (-1785) Sjå Ryggesås og Røyseland
    • Tore (1730-1794) Sjå nedanfor
    • Lars (1732-)
    • Jo (1736-)
    • Vermund (1737-1780)
    • Ingerid (1742-1829) g. 1779 m. Lars Sigbjørnsson Helle (1713-1797) Sjå Helle
    • Kidel (1745-)

Det var eit ungt par som slo seg ned for å driva bruket. Sigbjørn var tjue år og Mali var fjorten då dei gifta seg. To år seinare fekk dei første sonen Vermund. Det ser ut til at fleire av borna ikkje vaks opp, men sonen Tore tok over om lag 1763.

-

  • Tore Sigbjørnsson (1730-1794) g. 1763
  • Ingeborg Sigbjørnsdotter Helle (1720-1808)
    • Ingen born

Dei fekk ingen born og sette seg i folge til Tosten Sørensson Narvestad, som tok over garden.[9]

-

  • Tosten Sørensson Narvestad (1754-1831)
  • g. 1783 med Siri Persdotter (1756-1810)
    • Sigbjørn (1783-1849) Sjå nedanfor
    • Anna (1786-1861) g. 1816 m. Tosten Olsson Lindhommen (1791-1862) Sjå Lindhommen
    • Per (1789-1789)
    • Malene (1790-1868) g. 1845 m. Ingvor Karlsson Nedre Kvinlog (1792-1870) Sjå Eikeland
    • Ingeborg (1793-1794)

-

  • Sigbjørn Tostensson (1783-1849)
  • g1. 1817 med Ingeborg Knutsdotter Åmland (1794-1826)
    • Tosten (1818-1818)
    • Serina (1819-1887) g. 1844 m. Jakob Ingvorsson Sinland (1814-1901) Sjå Sinland
    • Karen Gurine (1822-1906) g. 1846 m. Tore Tronsson Helle (1819-1883) Sjå Helle
    • Tosten (1826-1826)
  • g2. 1827 med Kari Knutsdotter Åmland (1797-1866)
    • Tosten (1828-1859) Sjå nedanfor
    • Ingeborg (1832-1868) g. 1859 m. Jakob Olsson Nedre Kvinlog (1819-1901) Sjå Nedre Kvinlog
    • Tore (1836-1838)

Tosten og Johanna tok over garden i 1850.

-

  • Tosten Sigbjørnsson (1828-1859)
  • g. 1848 med Johanna Persdotter Øvre Kvinlog (1828-)
    • Karen Sofia (1850-) g. i USA m. Ole Haatvedt. Til Minnesota, USA i 1871
    • Sigbjørn (1852-1936) Ugift. Til Minnesota, USA i 1883
    • Per (1854-) g. 1880 m. Anne Tonetta (Antonetta) Olsdotter Risøy (1852-) Til Minnesota, USA. I folketellinga i 1900 står det at dei hadde Olav Andreas Røynebu buande hjå seg. I 1910 var drengen Jakob Olsson Nedre Kvinlog der.
    • Anne (1857-) g. i USA m. Jonas «John» Pehrson Gran (1857-1933) frå Härjedalen i Sverige. Til Minnesota, USA i 1881.

Tosten drukna i Hauglandskjerran.[10]

Johanna gifta seg opp att 1860 med:

  • Tor Larsson Helle (1827-d. f. 1910)
    • Tosten (1861-) g. 1888 i Bamble i Telemark m. Aslaug Christine Halvorsdotter (1864-). Tosten hadde reist austover allereie i 1873. Begge drog til USA i 1893
    • Line Martine (1863-1943) g. m. Andreas Knutsson Årstøl (1841-1919) Til Årstøl
    • Gjertine (1865-) Til USA i 1888
    • Inger Sofia (1867-) Var tenestejente hjå flekkefjordpresten Bernhard Wilhelm Krogh i 1885. Til USA i 1887
    • Nils Kristian (1870-1942) g. i USA m. Signe Ulsnes (1875-1937) frå Drangedal i Telemark. Til USA i 1883, etter eit par år i Kristiansand, til USA på nytt i 1889. Dei var først i Minnesota, kom seinare til Montana

Reinert Johannes Persson Engedal på Dør heima kjøpte bruket av Tor og Johanna i 1872, delte opp bruket og selte eine parten (bnr. 658b/bruk 2) til Tosten Olsson Solli i 1882. Tor og Johanne flytta først til Saurfid før dei fòr til USA i 1889. Berre Line Martine blei att i Fjotland.

-

  • Tosten Olsson Solli (1846-1934)
  • g. 1875 med Hanne Sofia Josdotter Åmland (1856-)
    • Ingeborg (1877-1878)
    • Ingeborg (1879-)
    • Johan (1881-)
    • Olav Andreas (1883-1884)
    • Olav Andreas (1884-1885)
    • Ingerid (1886-)
    • Olav (1890-)

Tosten måtte sona seks månadar i botsfengslet i Kristiania i 1892 etter å ha forfalska ei underskrift på ein lånesøknad til banken. Dei flytta til Espeland i Kvinesdal i 1890 og vidare til Kristiansand, der Tosten var salmakar og skomakar. Dei står begge oppført i folketellinga i 1910.

I 1890 kjøpte Torgrim Johannesson bruket Dør framme.

-

  • Torgrim Johannesson Engedal (1851-1926) frå Dør inne
  • g. 1885 med Anne Tonette Tostensdotter Røyland (1864-1952)
    • Johannes (1885-1960) Sjå nedanfor
    • Tønnes (1892-1978) g. m. Judith Johnsson (1894-1978) frå Sverige. Til USA i 1910. Dei var først i North Dakota før dei kom til Spokane i Washington.
    • Severin (1895-1977) g1. 1916 m Ingeborg Andreasdotter Knaben (1895-), g2. i USA m. Nelly Kristiansdotter Øye (1902-1997) Til Gyland og USA. Sjå Ytre Øye
    • Andreas (1898-1985) g. 1927 m. Ingjerd Alette «Gerda» Fredriksen frå Vennesla. Til Vennesla
    • Inger Sofie (1901-1979) g. m. Halfdan Engen
    • Nils Tobias (1903-1903)  
    • Nils Tobias (1905-) g. m. Asborg Belland. Til USA i 1923
    • Anna (1908-1993) g. m. Olaf Nilsson (1908-1980)
    • Thorvald (1912-2000) g. 1939 m. Gudrun Holvik (1915-1986) Var baker på Feda. Til Vennesla

-

  • Johannes Torgrimsson Engedal (1885-1960)
  • g. 1918 med Sigrid Nilsdotter Seland (1885-1972)
    • Anne Tonette (1920-2000) g1. 1947 m. Toralv Andreassen frå Flekkefjord (1909-1947), g2. 1952 m. Aasmund Sveinung Røyrvik (1915-1998). Ho blei kalla kafédame då dei forlova seg i 1946. Til Flekkefjord
    • Johanne Sofie (1923-2011) g. m. Torleiv Rafoss (1921-2010) Sjå Rafoss
    • Torbjørg (1925-2000) Sjå nedanfor
    • Nora Judit (1931-2011) Til Flekkefjord

-

  • Torbjørg Engedal (1925-2000)
  • g. 1962 med Einar Kvelland (1924-2022) frå Lund i Rogaland
    • Eit born

-

Ikkje plasserte

  • Lars Ånensson (1604-) nemnd som oppsittar i 1664. Tre søner: «Olle» (1638-), «Olluf» (1640-) og Erik (1644-). Kan ha vore Lars Ånensson Midt Røynestad
  • Trond Davidsson (1630-) nemnd som oppsittar i 1664.
  • Gards- og ættesoge Fjotland, nemner ein Anders Lauen n. 1695 som son til Øystein Olsson. Det betyr at han ville ha vore over 100 år. Finn han ikkje i kjeldene.
  • Inger Svensdotter (1848-) Tenestejente Dør heima i 1865  
  • Bernt Iversson (1858-) Fattigbarn Dør heima i 1865
  • Olav Engedal fekk dottera Maria Olsdotter Engedal i 1726. Han kan ha vore sonen til Bjørn Olsson (d. f. 1718)

-

1037 Kvinesdal komm.png Engedal (Kvinesdal gnr. 177) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.

 


Litteratur og kjelder

  1. Jerstad, Johan: Fjotland sogebok. Fjotland. 1949. Digital versjonNettbiblioteket, s. 105
  2. Jerstad, Johan: Fjotland sogebok. Fjotland. 1949. Digital versjonNettbiblioteket, s. 130
  3. Veggeland, Tor & Jerstad, Johan: Gards- og ættesoge : Fjotland. Utg. [s. n.]. Kvinesdal. 1979. Digital versjonNettbiblioteket, s. 405
  4. Agder 1896.02.04. Fra Fjotland. Sørgelig ildebrand. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. Seland, Per: Kvenåsen krets i Fjotland. Utg. [Forfatteren]. Oslo. 1980. Digital versjonNettbiblioteket, s. 190
  6. Veggeland, Tor & Jerstad, Johan: Gards- og ættesoge: Fjotland. Utg. [s. n.]. Kvinesdal. 1979. Digital versjonNettbiblioteket, s. 397
  7. Veggeland, Tor & Jerstad, Johan: Gards- og ættesoge: Fjotland. Utg. [s. n.]. Kvinesdal. 1979. Digital versjonNettbiblioteket, s. 401
  8. Veggeland, Tor & Jerstad, Johan: Gards- og ættesoge: Fjotland. Utg. [s. n.]. Kvinesdal. 1979. Digital versjonNettbiblioteket, s. 405
  9. Veggeland, Tor & Jerstad, Johan: Gards- og ættesoge: Fjotland. Utg. [s. n.]. Kvinesdal. 1979. Digital versjonNettbiblioteket, s. 409
  10. Veggeland, Tor & Jerstad, Johan: Gards- og ættesoge: Fjotland. Utg. [s. n.]. Kvinesdal. 1979. Digital versjonNettbiblioteket, s. 411