Erik C. Brandser

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Fanejunker E.C.Brandser
Foto: Ukjent.

Erik Christensen Brandser (fødd i Skjåk 21. juni 1865, død same stad 7. april 1945) var gardbrukar og underoffiser (fanejunker). Han var ein aktiv samfunnsdebattant, og hadde fleire offentlege stillingar og tillitsverv. Han gjorde seg særleg gjeldande i ålmenningspolitikken, og var ein av leiarane i riksmålsleiren i den langvarige striden om språkskifte til nynorsk i bygda. Han stod klårt til høgre i sine politiske standpunkt, men kan ikkje sjåast å ha stilt til val til kommunestyret eller markert seg i andre partipolitiske samanhengar.

Foreldra var gardbrukarparet Christen Hansen Brandsar (1830-1865) og Margrete Erlandsdotter frå Kvåle (1827-1807). Dei dreiv garden Nørdre Brandsar (gnr. 54 2) i Reppen i Skjåk, som Erik seinare overtok. Erik var den fjerde av tre brør. To av dei (Erland og Christi) vart lærarar. Kva som gjorde at ikkje eldste broren Hans (f. 1852) overtok garden, er uvisst. I 1875 er Hans oppført i folketeljinga som «Sygevogter ved Garnisonssjukehuset i Christiania».

E.C.Brandser vart gift med Rønnaug Olsdotter Staurustøygard (fødd 1875). Dei fekk fem born.

tok eksamen ved 1. brigades underoffisersskule i 1888. Tilsett som sersjant ved Gudbrandsdals bataljon 1897, furer 1915, kommandersersjant 1916 og fanejunker 1921, året før han tok avskil frå det militære. Han hadde eit militært tilleggskurs 1889 og gymnastikkurs 1897.

Av offentlege oppgåver han har skjøtta, kan nemnast at han var lensmannsbetjent, futefullmektig, heradskasserar, revisor, formann i likningsnemnda, likningsrådet og formann i styret for Skjåk Almenning. Det sistnemnde vervet hadde han i perioden 1911-1913, på ei tid da motsetningane mellom eigarretten og bruksretten vart monaleg skjerpa. Brandser stod i spissen for eigarinteressene i denne striden, Det som vart omtala som «Brandsarstyret» vart kasta i neste valperiode til fordel for eit markant småbrukar- og bruksrettsorientert fleirtal under leiing av venstremannen Ola Aanstad. Brandser og Aanstad kan sjåast som frontfigurar på kvar si side i den lokale debatten om politiske og kulturelle spørsmål, ikkje minst i språkdebatten.

Kjelder og litteratur

Denne artikkelen trenger kjelder.