Erik Enge

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Erik Enge (fødd 1852 i Østre Gausdal, død 1933) var gardbrukar og politikar. Foreldra var gardbrukar Mathias Enge og Kristine fødd Fougner. Mora var syster til stortingsmannen Kristian Fougner. Enge var gift med Else Hoft (f. 1855) frå Lom og tok over farsgarden Enge i 1877.

Han gikk på Christopher Bruuns folkehøgskule i Gausdal. Han var med i kommunestyret og var ordførar i åtte år.

Erik Enge var stortingsmann i tre omgangar: 1898–1906 (for Venstre), 1910–12 (for Frisinnede Venstre) og 1928–30 (for Bondepartiet). I 1905 var han med i stortingsdeputasjonen som var i København for å spørja Kristian 9. om prins Carl kunne bli norsk konge. Han var landbruksminister i Jens Bratlies regjering (1912–13). I åra 1927–30 var han formann i Bondepartiet.

Han fekk 7. juni-medaljen og vart riddar av St. Olavs Orden i 1911. Han fekk òg Dannebrogsordenen.

Kjelder og litteratur

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!