Erik Olsen (1816–1881)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Erik Olsen (1816-1881)»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Erik Olsen (fødd 2. april 1816 på Stord, død 11. august 1881 i Kvinnherad) var son av proprietær Ole Georg Olsen og Ingeborg Marie Juel og soneson av sokneprest Erik Olsen på Stord. På grunn av fattigdom i heimen byrja han fyrst i Bergens skole som 16-åring. Han vart student i 1838 og tok teologisk embetseksamen i 1846.

Frå 1847 til 1849 var han lærar ved Nissens latin- og realskole i Kristiania, frå 1849 til 1851 vikarlærar ved krigsskulen, og samstundes styrar av ein pikeskule han sjølv skipa i Kristiania. Frå hausten 1852 var han adjunkt og realfagslærar ved Kristiansand latinskole og amanuensis hjå biskopen.

Den 10. oktober 1864 vart han sokneprest i Jølster der han fekk avskil 10. november 1871 på grunn av helseproblem. Deretter heldt han ein privat førebuingsskule for artianarar, fyrst i Jølster, og deretter i Kvinnherad. På skulen hans i Kvinnherad gjekk fleire som seinare var profilerte menn i norsk politikk, målrørsle eller kristenliv, som Bernt Støylen, Anders Hovden, Bernt Andreas Lindeland, Johannes Lavik, Andreas Lavik og Eirik Olson Bruhjell.

Olsen gifte seg 4. juli 1849 med Bolette Rebekka Meldal Arentz (f. 1815), dotter av sokneprest Jørgen Meldal Arentz i Nannestad og Margrethe Maria Zernichow. Dei fekk tre born i lag.

Kjelder