Erling Aagedal

Erling Aagedal (fødd 17. oktober 1904 på Bjelland i noverande Marnardal kommune, død?) var lærar.

Erling Aagedal
Foto: Norske skolefolk, 1952

Han var son av bonde Ole Aagedal og Tomine f. Øygarden. Erling Aagedal tok eksamen ved Kristiansand lærarskule i 1925 og eksamen artium ved Firda gymnas i 1929.

Deretter hadde han fleire lærarvikariat i folkeskulen; frå 1931 var Aagedal vikar for andrelæraren ved Fredheim ungdomsskule i Brønnøy.


Andre stader var Berg kommune i Troms (1930-35), Finnsnes i Troms (1936-39), styrar i Havøysund i Måsøy kommune (1939-41), lærar i Håland 1941-47 og frå 1948 styrar på Nordfjord ungdomsskule, Vereide i Gloppen kommune.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer