Erling O. Momrak Haugann

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Erling Momrak Haugann som ung.

Erling Olavson Momrak Haugann (fødd på Øvre Haugane i Hauggrend i Fyresdal i 1901, død 1971), var sokneprest, bilentusiast, landbruksorientera og arkitekturinteressera. Foreldra var Olav Aslakson Momrak (1868-1944) frå Momrak og Else Talleivsdotter Væting (1869-1945) frå Væting , båe gardane er i Fyresdal. Dei vart gift i 1892 og kjøpte garden Øvre Haugane i 1894 og busette seg der. Dei fekk sju born saman, og Erling var den femte i rekka.

Liv og virke

Skulen i grenda heldt til i skulehuset Ystehaug og der gjekk så Erling si tid ut. På garden var det som vanleg å ta del i all slag arbeid og han lærde tidleg å vere med på dette, slik og syskena gjorde. Denne erfaringa kom vel med seinare. Heimen til Olav og Else var prega av, i tillegg til gardsdrift og familie, å vere ein open og aktiv kristen heim. Der var det leiaren i pinserørsla Thomas Ball Barratt tok inn på si fyrste ferd til Fyresdal i 1913, der var det tilreisande predikantar tok inn når dei kom til bygda, og Olav sjølv var ein sentral person i kristenlivet i bygda og mykje nytta som predikant i bygdene ikring. Når det var husmøte på Haugane vart Erling og broren Arne (1903-1989) sende ut i grenda for å informere om dette. Med denne bakgrunnen var det så at Erling drog ut for vidare skulegang slik Arne kom til å gjere det etter han.

Middelskule og gymnas

Han gjekk på middelskulen i Tvedestrand, og vidare på gymnas i Arendal 1918-1919 for så å ta eksamen artium på latinlina ved Voss landsgymnas 1921. Det var fleire telemarkingar på skulen samtidig med han. Om sumaren var han heime og hjelpte til på garden, var og med på nabogarden Timrud der broren Torleiv rydda gamle jorder på nytt og bygde hus. I 1921 var han lærar i Moland i Agder.

Teologistudium

På Fiskeløys studentdagane. Det er truleg Hansteen som står blandt sauene.
Foto: Truleg Erling O. Momrak Haugann (1926).

Utdanninga som teolog tok han ved Det teologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo, ulikt broren Arne som litt seinare tok si utdanning ved Menighetsfakultetet. Han vart Cand. Theol. i 1927. I juli – august 1926 var dei to teologistudentane Christian Fr. Hansteen og Erling Momrak Haugann fleire veker på Fiskeløys for å lese fag. Det vart då og tid til anna enn fuglejakt og fisking som det elles gjekk på når folk var på hytta. Den gamle stølen Fiskeløys låg på austsida av vatnet, berre tuftene er att. I hytteboka skriv Hansteen:

Tysdag 27. juli. Etter kvellsmaten gikk vi en tur i lia på østsida av vatnet. Ho åpenbara sig som det herligste land for en opdagingsreise. Under bjørkens lune skygge finner du idyller hvor de grønneste bregner kappes med det saftige gress og den bløteste fine smyle. I livd av bjørkene som nå vokser på de gamle setervoller løyner seg restene av gamle hus. Og med litt fantasi kan du se for deg en støyl ved vatnet, så fin som få. Det er i kvellingen, og du tykkes høre bjellelåt fra bølingen som trekker heim langs med stranden. Fra bua stiger røyken tilværs i den stille kvellsluft. Smørgrauten står over, snart får du smake. Men akk!

Våkn opp du arme bytrave. Støylen med all dens romantikk er for lengst borte fra Fiskeløys. Nå går bare Erling og gjør overslag over hvor mange sauer han kan fø i heien kring vatnet, i fall han kunne gjerde dem inn.

Bonden i teologistudenten fornekta seg ikkje nå heller!

Bilentusiasten

Erling Momrak Haugann med sin Opel P6 fotografera på tunet til Vigmostad prestegard i 1932.
Foto: Ukjend fotograf (1932).

I Telemark Arbeiderblad fredag 25. april 1986 stod denne artikkelen på sida BILEKSTRA:

Presten kjøpte den første. Han hadde sans for det spesielle, presten Erling Momrak Haugan i Hauggrend, Fyresdal. Og i juli det herrens år 1931 dro han til Skien og hentet seg bil – den aller første Opel Bjørges bilforretning, Mobile A/S, solgte. Bilen var en burgunderrød Opel P6 2-Personers Cabriolet med Klapsæde til kroner 3400. Hvor det ble av klenodiet er uvisst. Men Mobile sporet opp en identisk bil utenfor Odense på Fyn i Danmark og kjøpte den av veteranbilentusiasten som hadde den. Nå er den vakre doningen på plass i utstillingslokalene på Bakken. ---------

P6’ern har en seks-sylindret 1,8 liters rekkemotor som yter 32 hk med en tre trinns girkasse. Det ga krefter og dreiemoment i godt monn. Prest Momrak Haugan og familien kunne problemfritt og absolutt standsmessig ta seg fram på bygdeveiene fylket rundt. Og prestens fiskeutstyr – han var glad i å fiske – fikk greit plass når svigermorsetet var ledig. Honk, honk.

Biletet av denne bilen er å sjå på eit foto frå Vigmostad prestegard 1932. I studentdagane hadde han ein Ford Troadster 1926-27. På Herefoss prestegard i 1933 ein Citroën 1933 modell. Noko seinare ein Opel Super Six som han hadde då han kom til Bø prestegard i 1936. I 1939 vart denne erstatta med ein Ford V8 de luxe 1938 modell, kjøpt ny, men den vart konfiskert under krigen. Etter krigen vart det ny Ford, ein 1946 modell.

Ordinasjon

Erling vart ordinert av biskop Støren i Nidaros i 1927.

Presteteneste

Vikarprest i Nidaros 1927. Betjente vinteren 1927 Skatval sogneprestembede, og våren og høsten 1928 Levanger sognekall. Stiftskapelan i Agder 1929. Han var kapellan i Vigmostad, var prest i Herefoss og seinare i Kviteseid før han kom til Bø der han vart verande aktiv yrkestid ut. Medan han var i Kviteseid var det i 1929 bispevisitas i Fyresdal, etter bispemessa var prost Hagen og biskop Støylen til middag på Øvre Haugane hjå foreldra Olav og Else Momrak på veg attende til Kviteseid. Fisk og rypesteik frå Fiskeløys, og svigerdottera Marit, gift med eldste guten Aslak, servera! Erling var aktiv under visitasen.

Ekteskap

I 1939 vart han og Catharine Marie Blom-Bakke (1910-2002) frå Gvarv i Telemark vigde i Bø kyrkje. Forrettande prest var broren Arne Momrak.

Krigstid

I ein artikkel om «Kyrkja i Agder og striden i okkupasjonstidi», etter at det vert fortalt om sokneprest Otto Irgens i Fyresdal, står det å lese: "Enno hardare åtgjerder vart tekne mot sokneprest Haugann i Bø. Bø var truleg argaste nazireiret i heile bispedømet med ein uvanleg tarveleg lensmann Wilhelmsen, og ein fanatisk ordførar, Ketil Eika. Haugann la vekt på å vere korrekt og gjekk aldri utanom retningslinene for dei «illojale» prestane, men lensmannen og ordføraren kunne aldri gi han fred. Til slutt vende ordføraren seg beint til Innanriksdepartementet og sa frå at no slutta han som ordførar om ikkje Haugann vart forvist frå Bø. Det hjelpte. Den 18. februar 1943 kom tre lensmenn opp og henta presten. Først bar det til Skien, og sidan gjekk vegen til Oslo krinsfengsel. Så vart det forhør på forhør med spørsmål om alle moglege ting. Midt under forhøra vedtok Quisling at alt han åtte skulle tilfalle staten. Då han kom ut frå fengslet vart han forvist frå fylket.

Enno var ikkje lensmann Wilhelmsen nøgd. Alt det Haugann åtte skulle bli spreidd for alle vindar, og same lagnaden skulle og møte innbuet til Irgens. Det skulle haldast stor auksjon i Bø 13. og 14. august 1943. Lensmann Wilhelmsen lyste i ei rad med aviser, og det vanta ikkje på kjøpelystne folk. Nazistar frå Oslo til Kristiansand hadde funne vegen til Bø dei dagane. Venene til Irgens og Haugann freista kjøpe einskilde særleg kjære ting som dei ville gøyme for prestane, men nazistane fekk jamnast tilslaget.

Haugann busette seg i Eidsvoll, men der fekk han heller ikkje vere i fred. Han vart arrestera att, for lensmannen hadde ikkje funne sylvtøyet og skrivemaskina hans. Seinare levde han halvt som fredlaus, for han kunne aldri kjenne seg trygg for lensmannen. Så var det å fare på vidvanke – gardsarbeidar om kvardagane, forkynnar i helga sjølv om han hadde taleforbod – til freden kom."

Sokneprest i Bø i Telemark

Han vart utnemnd til Bø 5. desember 1935 og innsett palmesundag 1936. Der var han til han fyrst fekk sjukepermisjon og så vart pensjonist. I Bø er det berre ein kyrkjestad, Bø kyrkje og Bø prestegard ligg på kvar sin haug like ved sentrum, fritt utsyn i alle retningar. Der er og ei gamal steinkyrkje. Soknet er eit tradisjonelt sokn med mykje spreidd busetnad og kyrkja er ein stor bygning i ny-gotisk stil. Altertavla var ei relativ enkel tavle i klassisk stil. Erling hadde ein sikker formsans, likte og å få utført praktiske ting og han fekk laga ei ny altertavle med tre biletfelt og rikeleg treskurd rundt. Denne er skore ut og rosemåla av den lokale kunstnaren H. Slettemeås i Bø. Altertavla gjer seg godt mot den store og nakne veggen.

Då Erling kom til Bø hadde han sin Opel Super Six, fekk i 1939 ein Ford, men i byrjinga av krigen vart det meir vanskeleg med bilkøyring, og etter kvart vart bilen inndrege. Soknebod og diverse andre oppdrag i skulesamanheng mellom anna vart difor gjort ved hjelp av hest. Her kom igjen Erling si erfaring frå garden der heime vel med, han var vant til hest og doning.

Prestegarden

Dette er ein stor og praktfull bygning, bygd saman av to bygningar og krevjande på mange måtar. I andre høgda ein stor gamal konfirmantsal som var og er urørd i 2018. Då Erling kom til gards vart det etter kvart slik at der skulle ikkje vere forpaktar då driftsbygningen var for dårleg. Då tok han på seg å drive jorda, sikkert med god hjelp, men han var stadig å sjå i aktivitet ute på jordene. Det vart sagt i Bø at skulle ein få tale med presten måtte ein springe etter han i plogfòra! Paktarbustaden vart leigd ut, i 1941 til broren Arne, men i 1942 vart prestegarden avstengd, prest og bror måtte finne seg ein annan bustad. I 1943 kom så arrestasjonen. Men så etter krigen arbeidde Erling for å få opp ein stor og moderne driftsbygning, slikt var som elles nemnt i hans interessefelt. Det er den som står i 2017. (Hovudbygningen og stabburet er i 2018 freda og eigd av ei stifting.)

Pensjonist

Han hadde fått seg ei tomt i utkanten av tunet på heimegarden, like ved hagen og som difor vart kalla Hageufs. Her byrja han tidleg å planlegge diverse prosjekt, her fekk han utfalde sin kunstnariske og praktiske sans. Mykje murarbeid, stor hovudbygning, innhaldsrik sidebygning og eit hit flytta gamalt stabbur. Eit dominerande anlegg, mykje finansiera med ei større erstatning han fekk etter krigen.

Epilog

Erling vart sjukemeld og etter kvart pensjonist, draumen hans var å kunne bli buande og virke på Hageufs den siste tida av livet, men det vart ikkje lang tid han fekk til dette. Erling er gravlagd på Veum Kyrkjegard i Fyresdal.

Arkiv

Eit personarkiv etter Erling O. Momrak Haugann blir oppbevart ved Bø Museum. Sjå meir i lista over privatarkiv frå Telemark.

Kjelder og utdjupande lesnad

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Kyrkja i Agder bispedøme og striden i okkupasjonstidi. Kva som gjekk føre seg i Fyresdal og Hjartdal. Ein artikkel i Varden som eit avisutklypp med ukjent dato. Sokneprest Reidar Boling skreiv i Fedrelandsvennen ei rekke artiklar om dette temaet og artikkelen om Fyresdal og Hjartdal er henta derifrå.
  • Presten kjøpte den første. Ein artikkel i Telemark Arbeiderblad fredag 25. april 1986 om den aller første bilen Opel Bjørges bilforretning, Mobile A/S, selde.
  • NS i Telemark. Telemark historie Nr. 38 - 2017. s. 51
  • Bolling, Reidar: Norges prester og teologiske kandidater. A. M. Hanches forlag. Oslo 1958. Lenke til digital utgåve på Nasjonalbiblioteket.
  • Erling O. Momrak Haugann i Historisk befolkningsregister.
  • Stjørdalens Blad 12.04.1928.
  • Levanger fotomuseum

Biletgalleri