Ertvågsøya

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. okt. 2018 kl. 07:24 av Cnyborg (samtale | bidrag) (lenkeretting)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Satellittbilde av Ertvågsøya frå NASA WorldWind.

Ertvågsøya (òg kjend som Ertvågøya og Artvågsøya) er ei øy i Aure kommuneNordmøre. Ho har eit areal på 139,7 km². Foldfjorden og Skausetvatnet på midten av øya delar ho i to om lag like halvdelar. Mot vest ligg Solskjel og Stabblandet over Imarsundet, mot nord Trondheimsleia, mot aust fastlandet med Aure over Aursundet og mot sør Vinjefjorden og Valsøyfjorden.

Tidlegare høyrde sørsida av øya til Valsøyfjord kommune, og ei stripe langs Imarsundet til Edøy og Tustna kommunar. Heile øya blei lagt under Aure kommune den 1. januar 1965.

I 1941 var Vinsternes på Ertvågsøya åstad for ei dramatisk hending: Tre tyske soldatar måtte naudlande Messerschmitt-flyet sitt, og vart innkvarterte på garden Wigum.

Arasvika ferjekai i Vågosen på Ertvågsøya.
Foto: Olve Utne

Det høgaste punktet er Korsbekkfjellet på 694 moh.

På Ertvågsøya ligg også det nedlagde småbruket Husfest.

Litteratur