Esing

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
geitbåtar går esingen tradisjonelt langs alle rorsromma, men ikkje i skottane. Merk at esingen følgjer ripa heller enn bordovergangen framme, og at 'keipskjegga går ned til esingen.
Foto: Olve Utne (2011).

Ein eller ei esing (eldre nynorsk og talemålet nordafjells: æsing) er ei innvendig, langsgåande list langs øvste eller nest øvste bordet på båtsida i opne, klinkbygde båtar. Esingen tener til å avstive og forsterke båten langskips. På båtar med keipar med skjegg går gjerne keipskjegget ned til esingen, og på båtar med keipsneller er keipsnellene festa i esingen.

krumstemnings-åttringen frå Misvær ser vi at esingen går heilt til stamnane.
Foto: Olve Utne (2009).

På tradisjonsbåtane frå Nordhordland og nordover ligg esingen helst i overgangen mellom nest øvste og øvste bordet. På Nordhordlandsbåten (geitabåten), sognabåten, sunnfjordsbåten, nordfjordsbåten går esingen frå rong til rong (fotstø til fotstø); og på åfjordsbåten og nordlandsbåten går han frå stamn til stamn. Innherredsbåten har ikkje esing.

Sunnmørsbåtane og geitbåtane skil seg ut ved at esingen berre går langs rorsromma og manglar i fram- og bakskott. På aurgjeldsgeiter av eldre type er det likeeins som for geitbåtar elles, men den yngre typen aurgjeldsgeit har gjerne esing berre i bakre rorsrom (to rom på fyringen). Eit anna trekk som er typisk for desse båttypane er at esingen ikkje følgjer bordinga, men heller ligg i ein fast avstand under ripa (i tydinga øvre kant av båtsida). Dette heng i hop med at desse båtane gjerne er noko diagonalt borda.