Espe (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Espe
Espe - gamletunet.JPG
Gamletunet på Espe
Fyrst nemnd: 1596
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 200

Espe (Luster, gnr. 200) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden er den nørdste i Krekagrendi på austsida av Jostedøla. Han grensar i sør mot Kreken og i nord mot Elvekrok.

Espe er den garden i Jostedalen som har fått den grundigaste gardssoga (Espe 2000).

Snøskred 1768

Espe vart råka av eit snøskred kring 2. februar 1768 som tok livet av kona og yngste sonen på garden, øydela 14 gardshus og tok livet av det meste av buskapen på garden.[1] Tunet vart bygt opp att på same staden.

Bruk

  • Bnr. 1 Espe - det opphavlege bruket
  • Bnr. 2 Søndre Espe - fråskild 18.-20.6.1900 ved at bnr. 1 vart delt i to jamstore bruk
  • Bnr. 3 Espestølen (Lundahaugen) - rydda som husmannsplass kring 1766, plass under bnr. 1, frå 1900 under bnr. 2, fråskild bnr. 2 den 22.6.1910
  • Bnr. 4 Espelykken - husmannsplass, fråskild 15.9.1913
  • Bnr. 5 Borgen - husmannsplass, fråskild 9,.7.1930
  • Bnr. 6 Vestre Espe - fråskild 9.7.1930 då Søndre Espe (bnr. 2) vart delt


Personar frå Espe

Notar

Kjelder og litteratur

  • Espe i folketeljinga 1801 for Jostedal prestegjeld frå Digitalarkivet.
  • Espe i folketeljinga 1865 for Jostedal prestegjeld frå Digitalarkivet.
  • Espe i folketeljinga 1900 for Jostedal herred frå Digitalarkivet.
  • Espe i folketeljinga 1910 for Jostedal herred frå Digitalarkivet.
  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. Digital versjonNettbiblioteket. Side 540-568.
  • Espe, Alfred. (2000). Espe grendi. Luster - lokalhistorisk årbok (nr. 4), 37-106.
  • «Espe», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane


Koordinater: 61°37′25.47″ N 7°17′16.86″ Ø