Etne kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Etne kommune
1211 Etne komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1211
Fylke Hordaland
Kommunesenter Etnesjøen
Areal 41.81  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 41.81  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Grunnlagt 1838
Sammenslåing(er) 1965: Størstedelen av Skånevik innlemma
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Etne kommune ligg i Hordaland, og grensar til Kvinnherad, Odda, Sauda, Suldal og Vindafjord. Administrasjonssenteret er Etnesjøen.

Etne er ein jordbrukskommune, med størst jordbruks- og åkerareal av kommunane i Sunnhordland og allsidig husdyrbruk. I industrien finn ein mest verkstadindustri.

Historie

Kommunen har ei rekkje fortidsminne som fortel om tidleg busetting. Namnet kjem av norrønt Etnir, tidlegare truleg nytta om den fjordarmen som no heiter Etnepollen, som er avleia av eit eldre elvenamn, kanskje Atn eller Etn, nytta om Etneelva. Dette har anten samanheng med etje, som tyder å "driva fram", eller ete, "den som eter eller graver".

Helgaberg og Stødle finst det store helleristingsfelt frå bronsealderen, likeeins på Duesteinen og Bruteigsteinen i Stordalen. Frå bronsealderen er det fleire gravfelt, forutan graver og gravfelt frå eldre jarnalder og vikingtid, som er avdekka på Stødle, Grindheim og Sørheim. Det er også gjort funn av spor etter bygdeborger frå folkevandringstida, m.a. på Borgåsen ved Etnesjøen og HeiaSteine. Gardane Stødle og Gjerde har truleg vore høvdingseter i vikingtida. Storgarden Stødle var i Erling Skakke si eige, og garden Gjerde var truleg kongsgard eller krongods.

Det er fem kyrkjer og to kapell i Etne, mellom dei Stødle kyrkje i tre og stein, som er bygd i romansk stil og vart påbyrja av Erling Skakke i 1160, seinare påbygd i 1650 og 1879 og restaurert i 1958. I 2013 vart den nye Etne kyrkje vigsla, som er bygd saman med det gamle bedehuset.

I Skånevik finst det ein særprega eldre og godt ivareteke byggeskikk. Her ligg Norsk Motormuseum med hovudvekt på småbåtmotorar. Den gamle postvegen mellom Etne og Skånevik er anlagt som tursti. Bygdemuseet Sæbøtunet i Etnesjøen er også vel verdt eit besøk.

Kommunevåpenet vart godkjend i 1983 og har ei deling av blått og sølv med duestjertsnitt. Våpenet symboliserer samhald, og symboliserer såleis det gode samhaldet mellom dei to tidlegare kommunane Etne og Skånevik.

Litteratur og kjelder

  • Ståle Dyrvik (red.): Etne-soga. Utg. Etne bygdeboknemnd, Etne kommune. 1968-1995.
  • Per Fett: Førhistoriske minne i Sunnhordland. 3.Etne prestegjeld. Historisk museum, Bergen. 1963.
  • Store Norske Leksikon, [1]

Eksterne lenker

Koordinater: 59.66471° N 5.93438° Ø