Evjetun leirstad og ungdomssenter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Slik såg leirstaden ut i mange år.

Evjetun leirstad og ungdomssenter i EvjeAgder er ein av dei om lag tretti leirstadane Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) har i Noreg. Evjetun er ein topp moderne leirstad som driv forskjellige former for barne- og ungdomsarbeid. Sjølve «flaggskipet» på Evjetun er leirskuleverksemda, ti veker om våren og ti om hausten. Då kan det vere opp mot 120 leirskuledeltakarar per veke. Evjetun vart bygt i 1961. Då reiste NLM mange leirstader kring i landet.

2. pinsedag 1961 vart Evjetun leirstad vigsla av hovudstyreformann Kristian Haanes. Bortimot tusen menneske – langt over det ein hadde reikna med – var møtt fram til vigslingshøgtida, skriv krinssekretær Olav Kleven i Ut i all verden nr. 3 1961. Møtesalen kunne på langt nær romme alle dei frammøtte. Men dagen var solrik og varm og dei som sat ute, kunne fylgje med på arrangementet via høgtalar. Haanes heldt vigslingstalen over Luk 5: 1-11. Eg var med blant tilhøyrarane denne dagen. Notto Flaat hadde sett opp buss frå Flatebygd. På Setesdalsvegen ved Evjetun stod lensmannsbetjent Salvesen og dirigerte trafikken. Å sjå så mykje folk samla på ein stad, var ikkje kvardagskost for ein tenåring frå Flatebygd.

Misjonsvenene gledde seg over den store og vakre leirstaden ein nå hadde fått midt i krinsen. Oppslutninga om leirar som hadde vorte arrangerte kring i krinsen i etterkrigstida, hadde vore aukande. Leirar for born og tenåringar hadde blitt arrangert frå slutten av 1940-åra både på Drottningborg handelsskule og ungdomsskulen på Kvås. I tillegg vart det på 1950-talet arrangert leirar fleire stader. Nokre år hadde dei leir på Løddesøl og – hugsar eg ikkje feil – i Reddal. Her på Evje blei den gamle amtskulen på Galteland brukt til leirar nokre sommarar. I siste halvpart av 1950-talet vart det arrangert leir både sommarstid og i påska i heimen til Brødrene Gautestad der Gautestad Kurs- og Misjonssenter nå ligg. Leirane eg var med på, hadde mykje å seie for å peike ut livskursen min. Sjølv om forholda på nokre av stadene der leir vart arrangerte, var svært enkle og sikkert tungvinne og arbeidskrevande for dei som gjennomførte leiren, så hadde me leirdeltakarane det gildt med mykje skjemt og gama. Framleis hender det at nokre av oss som var saman på leir, mimrar om morosame opplevingar frå den tida.

Planar om leirstad

Med den sterke vind som leirverksemda hadde framover på 1950-talet, var det naturleg at ein begynte å tenke i retning av ein permanent leirstad. Sommaren 1951 kom lensmann Arne Askildsen tilbake frå eit møte i hovudstyret i NLM og kunne fortelje at formannen i hovudstyret på den tida, misjonær Even Staurseth, hadde vore så begeistra for ein leir Oslo krets hadde arrangert på Solbukta leirstad i Østfold. Askildsen meinte ein burde få til ein leirstad på ein av misjonen sine eigedomar på Agder. Krinsungdomsnemnda fekk i oppdrag å arbeide vidare med denne saka.

Nå blei fleire alternativ undersøkte. Valle gard ved Mandal som misjonen på denne tida eigde, Hårtveit i Grindheim og ei tomt i Spangereid var stader som var inne i biletet. Av forskjellige grunnar vart det ikkje satsa på nokon av desse stadane. Krinsstyret og ungdomsnemnda blei samde om at leirstaden burde plasserast i den midtre delen av krinsen. I den vestre delen hadde ein ungdomsskulen på Kvås, og i den austre delen Drottningborg. Undersøkingar vart gjort på i Bygland og i Evje og Hornnes utan at ein fann noka løysing. Den gamle sorenskrivargarden på Klepp var ei stund inne i bilde, men ein kom fram til at bygningane var for upraktiske til leirverksemd. Eit tilbod om å overtake ei stor hytte i Birkenes viste seg heller ikkje å kunne tene føremålet. Under arbeidet med denne saka som trekte i langdrag, utspant der seg ein episode i krinsstyret som Olav Kleven skrev om i Ut i all verden nr. 3 1961:

Slik gikk det to a tre år uten at tomtespørsmålet ble løst. Georg Drageland sa i et kretsstyremøte at han mente vi burde ta det litt med ro. Han trodde Persias fyrste stod imot. Men så kom det en med melding og sa at vi kunne få en grei tomt, var det de som var villig til å betale den. Spørsmålet ble da rettet til Drageland: Hva tror du nå vi skal gjøre? Drageland svarte: «Nå tror jeg regjeringstiden for Persias fyrste er over.»

Først i 1958 såg det ut til at tomtespørsmålet skulle bli løyst. Augo fall på ei fin tomt i prestegardsskogen på Evje ved bredden av Otra der Evjetun nå ligg. Søknad om kjøp av eller festekontrakt på tomta med anbefaling frå skogforvaltaren og prestegardstilsynet vart sendt til kyrkjedepartementet. Midtsommars 1959 låg positivt svar fra departementet føre. Misjonssambandet skulle få den fine tomta på 11,5 dekar på festekontrakt for 99 år med ei årleg leige på kr. 270, 00. Seinare fekk Evjetun kjøpt tomta. Nå er tomtearealet monaleg større.


Evjetun leirstad blir reist

Krinsstyret hadde av krinsårsmøtet i 1957 fått mynde til å gå i gang med bygging av leirstad så snart spursmålet om tomt var i orden. Byggenemnd vart oppnemnd, og då tomtespursmålet var løyst, fekk arkitekt Gunnar Fjermeros i oppdrag å teikne bygget. Samstundes sette ein i gang med innsamling av pengar og materiale. Sverre Pettersen og Ingvald Pettersen var på innsamlingstur oppetter Setesdal. Det var vel helst vener av Misjonssambandet dei oppsøkte, men Ingvald fortalte at ein stad var Sverre også innom presten. Presten svara i første omgang at han visste ikkje om han kunne gje noko sidan det var så mange gode føremål å gje til. Sverre gav seg ikkje, og resultatet vart at dei fekk ei pengegåve også av presten.

Roald Galteland har nemnt at far hans, Georg Galteland, og Tor Berg hadde fortalt han at då byggeprosjektet var i ferd med å kome i gang på Evjetun, sat Georg, Tor, Selmer Larsen, Tellef Høgetveit, Olaus Birkeland, Magnus Fredheim og Jørgen Gautestad ein dag på fjellknatten som ligg like utanfor matsalen. Der hadde dei ei bønestund. Det vart ei heilag stund, dei opplevde at Guds Ande kom så nær, og det vart eit kjært minne som dei tok med frametter i livet. Tor minna Roald om dette så seint som under dugnaden i 1985.

Ein rekna med at cirka kr. 150.000,- i form av pengar, materiale og arbeid på dugnad blei gitt til reising av leirstaden. Mellom anna blei pengar som ein fekk av salet av garden Hårtveit i Grindheim, gjeve til Evjetun. Halvparten av summen misjonen fekk på salet av eigedomen (Kaffistova) som hadde tilhøyrt Anna Odde i Evje sentrum, gjekk også til bygginga av Evjetun. Anna Odde hadde i sitt testamente skrive at ho håpte «at min eiendom og mine midler må få være til velsignelse for Misjonssambandet på Evje og ute på misjonsmarken.»

Bygget vart reist. Tor Berg og mennene hans stod for betongarbeidet, og Gunnar Dovland og hans snekkargjeng tok seg av trearbeidet. Kjellaretasjen inneheldt møtesal med plass til cirka 200 personar, kjøkken, matboder og matsal til 130 menneske. I første høgda var det ti soverom, to leiarrom, kontor og ein liten styrarbustad. Loftet hadde så stor takhøgde at ein kunne innreie rom der, noko som seinare vart gjort.

Evjetun i drift

Misjonen la nå i åra frametter dei fleste leirane til Evjetun. Mange andre av misjonens arrangement blei også lokaliserte til Evjetun. Krinsarbeidarmøta i NLM fann i mange år stad på Evjetun i januar. Om sommaren blei plenen framfor hovudbygget brukt til campingturistar. Og etter ei tid kom ein også i gang med bibelcamping i tillegg til leirar for born og tenåringar. Campingverksemda har vakse. I dag er campingdrifta ein svært viktig del av den samla verksemda som gjeng føre på Evjetun. Også mange foreiningar, lag og forsamlingar som ikkje tilhøyrer NLM, har gjennom åra leigd Evjetun til forskjellige arrangement.

Men Evjetun har ikkje unngått uheldige problem. Leirstaden heldt på å kome i vanry fordi mange vart sjuke på leirar og andre arrangement. Etter kvart vart det klart at dette skuldast drikkevatnet. Då Evjetun omkring 1980 fekk drikkevatn frå vassverket på Evje, fall dette problemet bort. Møtesalen blei skjemma av store bæresøyler. Mange måtte sitje å vri på hovudet for å sjå personen på talarstolen. Daglegstova var for liten. Åtte køyer på kvart rom var altfor mykje. Styrarbustaden var for liten til ein familie med barn. Undervegs har ein retta på desse manglane.

Men dei mange større og mindre problem som har vore på Evjetun, må ikkje skugge for den store velsigninga Evjetun har vore for så mange. Også for lokalsamfunnet og misjonsvenene på Evje har Evjetun hatt ikkje så lite å seie. I mange år hadde barnelaget Blåveisen tilhald her, like eins tenåringsklubben Krak. Og i mange år var nattverdmøta faste her på Evjetun. Men det som har vore sjølve flaggskipet på Evjetun i om lag trettifem år nå, har utan tvil vore leirskulen, som eg skal kome attende til nedanfor.


Litt generelt om utviklinga av leirarbeidet i NLM

Den fyrste leiren i NLM vart arrangert på Onsøy i Østfold i 1937. Det var ein leir for gutar. For oss høyrest det underleg at både hovudstyret og krinsstyret i Oslo hadde tillatt dette tiltaket under tvil. Men då skal me hugse på at det var ei ny arbeidsform i NLM. Til nye arbeidsformer er ein gjerne skeptiske og tvilande. Då Johannes Thorvaldsen, som på fleire måtar var ein føregangsmann i barne- og ungdomsarbeidet i NLM, vart innkalla til eit leiarmøte for å gjere greie for leirprogrammet og han nemnde at ordet «lek» stod der, vart han avbroten av lekmannshovdingen Ludvig Hope som spurte litt kvast: «Leik?» Thorvaldsen som sjølv fortel denne episoden, legg til at han «rødmet helt opp til hårkanten under det sterke blikket frå lederhøvdingen og kom litt ut av fatning. Han fikk imidlertid gitt sin rapport, og møtet ga sin tilslutning til et eventuelt nytt forsøk. Men det ble kraftig understreket at det måtte ikke skje noen utglidning mot en lett og allmenreligiøs arbeids- og møteform.»

Under krigen arrangerte NLM leirar på fleire stader i landet. Men reiserestriksjonar og lite mat sette sjølvsagt grenser for denne arbeidsforma. Etter krigen auka det på med leirar, og på 1950-talet var leiraktiviteten stor, ikkje berre på Agder, men utover heile landet. Nå tok ein også til å bygge leirstader. Bygging av leirstader må ha vore på sitt høgaste omkring 1960, då også Evjetun vart bygt. I 1965 var fylgjande leirstader i drift:

Ormseter ved Hamar, Åreeld, Hermanstølen i Valdres, Livoll i Gudbrandsdalen, Solbukta ved Fredrikstad, Nakkerud ved Tyrifjorden, Solåsen i Vestfold, Norsjø i Telemark, Evjetun i Evje, TonstadliTonstad, UtsynFinnøy, Lundaneset i Ølensvåg, Sætervika i Samnanger, Lyngmo i Hafslo (saman med Indremisjonsforbundet), Rjåneset i Ørsta, Vestheim i Romsdalen, SolhøgdaNordmøre, Framnes i Namdalen og SkoghusSenja. Tre av desse leirstadene vart seinare nedlagde, men mange nye er komne til, slik at talet på leirstader eller ungdomssenter i dag er i overkant av 30.

I NLMs årbok for 1963 skriv Sigurd Rydland at «våre ungdomsentra har vorte kalla det «det nye eventyret» i norsk kristenliv, og det med full rett. Leirstadene har vore, og vil i endå sterkare grad bli arnestader for kristen kunnskap, vekkingsliv og misjon. Ikkje minst det fyrste trengjer seg fram med makt. Tidssituasjonen krev det. Og her opnar leirstadene for store framtids-syner.» Mykje tyder på Rydland har fått rett i det han skreiv i 1963. Rett nok har oppslutninga om leirar og andre barne- og ungdomsarrangement variert frå tid til tid, så har ein likevel nådd mange barn og unge med livsens ord kring på leirstadene. Mange kan fortelje at dei møtte Guds kall til frelse og teneste og fekk eit fast ankerfeste i evangeliet nettopp på ein leirstad.


Evjetun utvider

Tidleg på 1970-tallet begynte ein å arbeide med planar om ny forsamlingssal. Arkitekt Fjermeros teikna sal med plass til 250 personar og utarbeidde kostnadskalkyle. På grunn av krav om tilfluktsrom ville det påtenkte bygget kome på kr. 750.000,-. Byggekostnadene blei for høge og ein vågde ikkje å sette i gang dette byggeprosjektet. Ein kan vel seie at desse planane fyrst blei realiserte i 2005 med bygginga av den store fleirbrukshallen.

Midt på 1970-talet vart styrarbustaden bygt. Å bu i internatet slik styraren med familie fram til då hadde gjort, var lite tilfredstillande. Det er lett å skjøne. Dessutan var den opphavlege styrarbustaden for liten. I mange år nå har styrarane ikkje brukt bustad fordi dei har vore busette i Evje eller Hornnes. Då har ein brukt denne bustaden som internat. På denne tida vart også daglegstova utvida ved at ein tok tilstøytande internatrom og la til daglegstova. Der er det nå klasserom. På 1980-talet vart vedlikehaldsarbeid og nokre ombyggingar gjort på hovudbygget. Men når ein kjem over til 1990-talet, tek større utvidingar til på Evjetun. Eit ekstraordinært kretsårsmøte på Gimlekollen 9. januar 1993 vedtok restaurering og nybygg på Evjetun. Nybygget som inneheld seks feriehytter stod ferdig alt i mai same året. I oktober begynte ein å rehabilitere guteinternatet. I staden for åtte sengeplassar på kvart rom, vart roma nå ombygde til å innehalde vask, to køyesenger og sovesofa. Jentefløyen vart ombygd i 1994. Toalett og dusj vart innlagt på kvart internat. I april 1995 stod det nye inngangspartiet, som i første høgda rommar kontor, kiosk, resepsjon og lager med rom også i andre høgda, ferdig.

I første tiåret av vårt hundreår har det vore stor byggeaktivitet på Evjetun. I år 2000 fekk Evjetun nytt sanitæranlegg. Det vart eit nyttig og tenleg hus som i tillegg til sanitæranlegg også inneheld campingkjøkken og lager for leirskulen. I 2005 blei fleirbrukshallen reist. Aktiviteten i leirskulen og sommardrifta med bibelcamping og vanleg camping hadde skapt stor behov for ein slik hall der ein kunne halde på med forskjellige aktivitetar. Nokre år har hallen under kveldsmøta vore bortimot fullsett. Fleirbrukshallen har vore tenleg til så mangt på Evjetun. Ikkje minst for leirskolen er fleirbrukshallen svært nyttig.

Hovudbygget på Evjetun i dag.

I 2008 bestemte krinsstyret i NLM å totalrenovere og utbygge Evjetun med ei kostnadsramme i overkant av 5, 5 millionar. Ekspansjonen i leirskuledrifta og sommardrifta førte til at ein vedtok dette krevande steget. Hovudbygningen vart påbygd, delvis ombygd innvendig, totalrenovert og utstyrt med nye møbel. I tillegg vart to internathytter reiste på plenen mot sør. Dermed vart det sengeplass til cirka 130 personar på Evjetun. I desse dagar vert to nye hytter kvar med plass til åtte personar, plasserte i terrenget mellom sanitæranlegget og fleirbrukshallen. Dermed har Evjetun plass til like mange overnattingsgjestar som på Holmavatn og er ein av dei største, beste utbygde og vakraste leirstadane og ungdomssentra NLM eig.


Leirskulen – flaggskipet på Evjetun

Bading, padling og rafting i Otra er populært.

Midt på 1970-talet voks leirskulen fram på Evjetun. Ingunn Kvinlaug som er utdanna lærar og som på denne tida var barne- og ungdomsarbeidar i Agder krets, tok seg av leirskuleopplegget vår og haust. Då Ingunn gjekk over i anna arbeid i 1980, overtok Aslak Eppeland ansvaret for leirskulen på Evjetun.

I løpet av dei 12 åra Aslak var styrar av leirskulen, fekk han laga et svært godt opplegg. I 1992 skriv Aslak i SørlandsGlimt at i 1992 hadde leirskulen hatt besøk av cirka 630 elevar, lærarar og foreldre. Desse fordelte seg på 31 klassar frå Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland. Og så fortel han vidare fylgjande om opplegget ved leirskulen:

«Kva er det som er så spesielt med en leirskole? Elevene kommer til nye omgivelser, og har et helt annet undervisningsopplegg enn på vanlig skole. De fleste kommuner i landet bevilger penger til en uke leirskoleundervisning i løpet av grunnskolens ni år. På Evjetun underviser vi elevene i friluftsliv, naturkjennskap og Setesdalens kulturhistorie.

Leirskoleundervisningen går ut på at vi er ute og i praktiske gjøremål det meste av dagen. Dette setter elevene pris på. Elevene lærer å tenne bål, padle kano, redningsaksjon i elva, ridning, førstehjelp, mineralogi, sur nedbørs virkning på våre omgivelser, å ta vare på seg selv under vanskelige værforhold, kart og kompass, veivalg i terrenget og mye mer.

For ett år siden fikk vi Forsvaret på Evje til å sy om det gamle misjonsteltet til firemanns lavvoer (sametelt). Dette gjorde Forsvaret gratis. Lavvoene står permanent oppe i skogen. Vi har fine padle– og overnattingsturer opp til disse. Rafting i Syrtveitsstrykene er svært populær. Her får elevene erfare hvilke krefter det er i fossestryk.

Utearealet på Evjetun er blitt svært innbydende etter hvert. I fritiden har elevene nok å finne på. Vi har fin fotballbane, volleyballbane, tennisbane, minigolfanlegg, BMX-sykkelbane, muligheter for basketball og håndball. Ellers har vi robåter og kanoer og bade- og fiskemuligheter i Otra

Lavvoleiren på Evjetun.

Så langt Aslak. Opplegget i dag er vel ikkje svært ulikt frå 1991. Men nå har elevane fleirbrukshallen til å boltre seg i. Dessutan er tur til Mineralsenteret og Gokartbanen fast innslag i programmet. Leirskulen vert driven i samarbeid med Evje og Hornnes kommune. Eg trur kommunen ser det som eit aktivum å ha den store leirskuledrifta på Evjetun. Evjetun leirskule er ein kristen leirskule. Dei som arbeider i leirskulen og elles på Evjetun, er opptatte av at skulen vert driven i kristen ånd. Det er ei stor drift, ti veker om våren og ti om hausten. Gjennomsnittleg er cirka 90 elevar samla til leirskule per veke. Det er ein stor tenåringsflokk. I 1994 overtok Åge Solsvik som leiar for leirskolen etter Aslak. Han gav stafettpinnen vidare til Geir Magne Feed i 2003 som framleis er leiar av leirskulen. Vaktmeister på Evjetun, Torbjørn Løland, er instruktør på leirskulen. Dei fast tilsette nå er: Kari Brandsdal, styrar; Åse Hodne, kokke og Torbjørn Løland, vaktmeister. I tillegg kjem innleigde hjelparar både i leirskulen og på kjøkken til forskjellige arrangement.

Aktiviteten på Evjetun er stor. Det NLM ynskjer med sine forskjellige ungdomssentra er å gje barna og dei unge, ja alle som kjem hit i ulike aldrar, det beste av alt, evangeliet om Jesus. Gjennom forskjellige arbeidsmåtar og arrangement ynskjer ein å framstille livet saman med Kristus som rikt og stort. Dessutan ynskjer ein gje misjonsinformasjon og formidle kallet til misjon.


Kjelder og litteratur

Blad og arkivmateriale

  • Krinsårsmeldingar
  • NLM-arkivet, særleg arkivet frå Agder krets
  • SørlandsGlimt
  • Ut i all verden
  • Utsyn
  • Årbok for NLM

Bøker

  • Handeland, Oscar: Kristenliv på Agder, Forbundets Forlag Oslo 1945.
  • Handeland, Oscar: Det norske lutherske Kinamisjonsforbund gjennom 50 år, bind I, Det norske lutherske Kinamisjonsforbunds Forlag 1941.
  • Kjebekk, Erik: Misjon i 100 år. Agder krets av Norsk Luthersk Misjonssamband 1896 – 1996, Utgitt av kretsstyret Bygland 1996.
  • Kjebekk, Erik: Verden for Kristus, Lunde Forlag Oslo 1991.
  • Thorvaldsen, Johannes: Kristenliv i Østfold og Akershus, A/S Lunde & CO.S Forlag Oslo 1964.

Munnleg informasjon

Artikkelen er basert på eit foredrag/kåseri som blei halde under femtiårsmarkeringa for Evjetun i august 2011. Under arbeidet har eg hatt samtalar med og fått informasjon av Aslak Eppeland, Kari Bransdal, Ragnar Aas, Roald Galteland og Sverre Pettersen.