Fagerdøla kraftanlegg

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. jan. 2016 kl. 13:32 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Fagerdøla kraftanlegg var eit planlagt kraftverk i elva Fagredøla i Jostedalen, noverande Luster kommune i Sogn og Fjordane. Fagredøla (ikkje Fagerdøla) renn frå Holmevatnet på austsida av hovuddalføret ned i Fåberg, som er det nordlegaste grenda i Jostedalen. Kraftverket vart vart aldri vart bygt.

Planen frå 1923

Den statlege Elektrisitetsforsyningskommisjonen la i 1923 fram den fyrste samla planen for utbygging av elektrisitetsforsyninga i landet. I planen for Sogn og Fjordane var isolerte Jostedalen definert som eitt av 10 kraftforsyningsområde, i folketal det klart minste i fylket. Forsyningsområdet tilsvarte Jostedal kommune som då hadde kring 960 innbyggjarar.

For å forsyne alle område føresette planen at det vart bygt fem nye kraftverk i fylket. Eitt av dei, Fagerdøla kraftanlegg, skulle forsyne Jostedalen.

Kraftanlegget

Planen gjekk ut på å regulere Holmevatnet (1286 m.o.h.) med ca fem meter for å jamne ut vassføringa i Fagredøla gjennom året. Lågvassføringa om vinteren kunne ved regulering bringast opp i 0,65 m³. Inntaket skulle byggjast ved ein av dei øvste gardane i Fåberg, Stubben, ca 400 m.o.h., og røyrgata skulle vere kring 250 m lang og ha eit fall på ca 95 m med kraftstasjon i dalbotnen i hovuddalføret. Overingeniøren for elektrisitetsforsyninga i Sogn og Fjordane fylke hadde prosjektert kraftstasjonen med to aggregat på 150 kw kvar, men den statlege utgreiinga gjekk inn for eitt aggregat på 225 kw, som ein meinte ville vere tilstrekkeleg og noko billegare. Kraftanlegget var kostnadsrekna til 240 000 kr.

Kraftanlegget var planlagt å skulle forsyne 900 av dei 960 innbyggjarane i Jostedalen, og forbruket var stipulert til 250 watt per innbyggjar.

Linenettet

Høgspentlina skulle vere på 10 000 volt og ville bli på 25 km. Lågspentnettet skulle gå ut frå 10 mastetransformatorar. Høgspentnett med transformatorar var kostnadsrekna til 238 000 kr. Jostedalen ville då fått eit eige kraftnett berre hadde eitt tilknytt kraftverk og ikkje hekk ihop med andre nett i Indre Sogn.

Lagt på is

Sogn og Fjordane fylke føresette at herada sjølve åleine eller i samarbeid sytte for elektrifiseringa. I 1920-åra vurderte Jostedal kommune truleg aldri å gå i gang med utbygginga. Kommuneøkonomien var svært dårleg, og dei små gardbrukarhushalda var jamt over òg fattige. Jostedal kraftlag vart fyrst skipa i 1947.

Jostedalen vart i 1958 den siste kommunen i Sogn og Fjordane som fekk elektrisitetsforsyning. Då vart krafta henta frå Sognekraft sine anlegg i Vik gjennom høgspent frå Gaupne. Noko eige kraftverk til allmennforsyning vart ikkje bygt i Jostedalen. Seinare er to store kraftanlegg bygt i Jostedalen. Leirdøla kraftverk var eit resultat av Leirdølautbygginga i 1970-åra, i dalføret Jostedalen, men i Gaupne sokn. Jostedal kraftverk vart bygt som eit resultat av den reduserte Breheimenutbygginga i 1980-åra. Då vart òg Fagredøla utbygd ved at eit bekkeinntak ca 1200 m.o.h. førte vatnet inn i tunnelen til Jostedal kraftverk.

Kjelder

  • Forslag til landsplan for elektrisitetsforsyningen. Utarbeidet for Elektrisitetsforsyningskommisjonen av Olav Heggstad. Bilag 1 til Om en landsplan for elektrisitetsforsyningen. Innstilling 5 fra den kongelige elektrisitetsforsyningskommisjonen (Hovedinnstilling).. Arbeidsdepartementet. Oslo 1923. Digital utgåve, Stortinget.no