Fedje og folket/Bakgrunnen for boka

«Bygdebok for Fedje» vart gjeven ut i 1984, med Oskar Tangen som redaktør. Boka er ei emnedelt bygdesoge på om lag 300 sider, med små og store bolkar om natur, kultur og samfunnsliv gjennom tidene. Bygdeboknemnda hadde ikkje kapasitet til å utarbeida ei gards- og ættesoge i samband med dette bokarbeidet.

Fedje kulturkontor kom i 1990 i kontakt med folk som sat på uvurderleg kjeldemateriale om Fedje. Tankane om ei gards- og ættesoge for Fedje byrja å materialisera seg. Det gjekk fleire år utan at noko skjedde, men etter eit møte lokalt i februar 1994 med fylkesarkivet og lokalhistorisk interesserte, bestemte me oss for å setja i gang arbeidet med eit bind 2 av bygdeboka.

Hovudutval for kultur og miljø vedtok på møte 5. mai 1994 at arbeidet offisielt kunne starta opp. Redaksjonsnemnda vart: Arvid Skogseth, Olav Kongestøl, Karl Storhaug, Gro Tallis og Frank Johnsen. Egil Nysæter frå Fylkesarkivet takka ja til å vera fagleg konsulent for boka. Gro Tallis flytta seinare frå kommunen og måtte trekkja seg frå arbeidet i nemnda.

Fedje kommunestyre løyvde pengar til bokprosjektet - noko det har gjort kvart år fram til 1997. Det viste seg snart at Arvid Skogseth hadde svært gode føresetnader for å gå inn som forfattar av boka. Han hadde i tillegg hand om viktig kjeldemateriale. Redaksjonsnemnda har vore viktige faglege og praktiske støttespelarar. Me bestemte oss tidleg for å bruka foto-CD som lagrings- og presentasjonsmedium for innsamla bildemateriell. Dette har fungert svært bra. I den samanheng vil me gjerne gje honnør til Jan Helge Soltvedt og TimeFoto.

Fedje kommune vil takka alle dei som har vore med på arbeidet med boka. Dette har vore eit stort løft for ein liten kommune. Utan den støtta me har fått lokalt, ville me ikkje klart å nå målet. Ein spesiell takk går til forfattar Arvid Skogseth. Det er ikkje alle forunt å kunna trekkja vekslar på ein faghistorikar som bur i lokalmiljøet. Han har vore svært nøye med å kvalitetssikra arbeidet frå første stund, og har heile tida vore tilgjengeleg for konkrete innspel. Me er svært takksame for den arbeidsinnsatsen Arvid Skogseth har lagt ned i prosessen fram til ferdig bok.


Fedje kommune, september 1997

Frank Johnsen

kultursekretær


Fedje komm.svg Fedje og folket/Bakgrunnen for boka er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur