Feios

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Feios kyrkje.
Foto: Jan Magne Borlaug Rinde (2016).

Feios er ei bygd i Sogn, på sørsida av Sognefjorden. Fram til 1992 høyrde Feios og Fresvik til Leikanger kommune, men i 1992 vart dei to bygdene overførte til Vik kommune.

Bygda er langstrakt med ei fjordlinje frå Vangsnes til Fresvik, og dalen deler seg i to til Åfet og Gullsetdalen. Fram til 1971 var bygda veglaus, vegen til Vangsnes stod da ferdig etter ein lang byggeperiode som byrja på 1950-talet. Før vegsambandet til Vangsnes var etablert, var bygda knytt til det offentlege kommunikasjonsnettet via Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Dampskipsekspedisjon låg i Osen ved utlaupet av Feioselva. Det var dessutan fleire private skyssbåtar i bygda som frakta folk og varer til og frå Feios. På 1950-talet var namnet på desse skyssbåtane Lomen, Viken, Samband, Vesla og Helgafjell. Fylkesbaatane byrja med stopp to gonger i veka frå 1876, og hadde båtruter til bygda annakvar dag fram til 1971. (Rinde, 2016)


Sjå òg

Mal:Spire1