Feios

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Feios kyrkje.
Foto: Jan Magne Borlaug Rinde (2016).

Feios er ei bygd i Sogn, på sørsida av Sognefjorden. Fram til 1992 høyrde Feios og Fresvik til Leikanger kommune, men i 1992 vart dei to bygdene overførte til Vik kommune. Stadnamnet Feios går attende til om lag år 1430 og kjem frå gammalnorsk med opphav som Fedjoss. Namnet er truleg samansett av fed som viser til grensefunksjon, men like rimeleg at namnet siktar til fiskegjerde. Dette fordi Feioselva er ei god fiskeelv ut frå denne stadnamndefinisjonen. (Sandnes og Strømshaug, 2007) Dei trauste og klangfulle stadnamna me har i Feios har vore i bruk i lange tider, og er nedteikna i Bergens Kalvskinn, ei jordebok frå middelalderen. (Hodnebø, 1989 ).

Bygda er langstrakt med ei fjordlinje frå Vangsnes til Fresvik, og dalen deler seg i to til Åfet og Gullsetdalen. Fram til 1971 var bygda veglaus, vegen til Vangsnes stod da ferdig etter ein lang byggeperiode som byrja på 1950-talet. Før vegsambandet til Vangsnes var etablert, var bygda knytt til det offentlege kommunikasjonsnettet via Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Dampskipsekspedisjon låg i Osen ved utlaupet av Feioselva. Det var dessutan fleire private skyssbåtar i bygda som frakta folk og varer til og frå Feios. På 1950-talet var namnet på desse skyssbåtane Lomen, Viken, Samband, Vesla og Helgafjell. Fylkesbaatane byrja med stopp to gonger i veka frå 1876, og hadde båtruter til bygda annakvar dag fram til 1971. (Rinde, 2016) Det var ein drosje i bygda på den tida, men no er det ikkje drosje i bygda lenger.

I 1959 fekk bygda ny folkeskule, Feidje skule som i seinare tid heiter Feios skule. Her var 7-årig folkeskule og framhaldsskule fram til 1966. Feios kyrkje ligg på Rinde kyrkjestad som har vore sentral i kyrkjehistoria i bygda med gravplass tilbake til middelalderen. Her ligg Feios kyrkje som var nybygd i 1866, etter at Rinde stavkyrkje var riven. I 1922 bygde Feios ungdomslag seg lagshus som heiter Vonheim. Det har hatt ein sentral funksjon som samfunnshus i bygda i snart 100 år. Det er eit bedehus som ligg i Berdal. Framhaldsskulelæraren skreiv bygdasongen som er gjengitt nedanfor.

Feiossongen

Måleri av Tuxen
Foto: Jan Magne Rinde/kilde:eige foto

På søre sida av Sognefjorden,

ligg Feiosbygdi, vår heimstad kjær.

Til alle tider, men mest om våren

m.ed dal og lier ho fager er.


Frå Osen fram til dei fremste grender

Seg dalen skjer mellom brattefjell

Ved fjorden smiler dei vene strender

I solfallglansen om sumarkveld.

Måleri av Tuxen
Foto: Jan Magne Rinde/kilde: eige foto


Mot himlen tøyer seg Rambertinden

Med kvasse lynblik i kveldssol brann.

Heim dalen gustar den svale vinden

Med song og sus over sjø og land.


Her reikar bonden på voll og vangar

Og slit og strevar på fedrejord.

Ved fjorden fiskaren laksen fangar

I skogen fuglane syng i kor.


Dei rike minne frå farne dagar

I bygdi lever hjå mann og møy.

Alt verdlaust framandt på dør dei jagar.

Vår bygdesoga skal aldri døy.


Den fedrearv vil me trufast gøyma

Som ervegullet i minnehall.

Og aldri heimstaden vil me gløyma

frå inste Borlaug til Grindedal.


Harald Halvorsen, Leikanger Sparebank 1964.

I Feios er det restar av eit strandsitjarmiljø. Det er to gamle stover som til dels er til nedfalls. Desse to stovene er viktige kulturminner i bygda, men er diverre ikkje sett på lista over verneverdige kulturminne.

Sjå òg

Vitjing ved Astridstova er ein del av kulturminneløypa.

Arne Inge Sæbø
Foto: Arne Inge Sæbø/kilde:Arne Inge Sæbø


Mal:Spire1