Feios

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Feios kyrkje.
Foto: Jan Magne Borlaug Rinde (2016).
Måleri av Tuxen
Foto: Jan Magne Rinde.
Måleri av Tuxen
Foto: Jan Magne Rinde.
Prestekragar i blomst
Foto: Jan Magne Rinde.
Trulsgarden på Rinde, Feios. Maleri av Tuxen.
Foto: Inger Britt Hellevangsdal.
Arne Inge Sæbø.

Feios er ei bygd i Sogn, på sørsida av Sognefjorden. Fram til 1992 høyrde Feios og Fresvik til Leikanger kommune, men i 1992 vart dei to bygdene overførte til Vik kommune.

Namnet

Stadnamnet Feios går attende til om lag år 1430 og kjem frå gammalnorsk med opphav som Fedjoss. Namnet er truleg samansett av fed som viser til grensefunksjon, men like rimeleg at namnet siktar til fiskegjerde. Dette fordi Feioselva er ei god fiskeelv ut frå denne stadnamndefinisjonen.[1] Stadnamna i Feios har vore i bruk i lange tider, og er nedteikna i Bergens Kalvskinn, ei jordebok frå middelalderen.[2]

Samferdsel

Bygda er langstrakt med ei fjordlinje frå Vangsnes til Fresvik, og dalen deler seg i to til Åfet og Gullsetdalen. Fram til 1971 var bygda veglaus. Vegen til Vangsnes stod da ferdig etter ein lang byggeperiode som byrja på 1950-talet.

Før vegsambandet til Vangsnes var etablert, var bygda knytt til det offentlege kommunikasjonsnettet via Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Dampskipsekspedisjon låg i Osen ved utlaupet av Feioselva. Det var dessutan fleire private skyssbåtar i bygda som frakta folk og varer til og frå Feios. På 1950-talet var namnet på desse skyssbåtane Lomen, Viken, Samband, Vesla og Helgafjell. Fylkesbaatane byrja med stopp to gonger i veka frå 1876, og hadde båtruter til bygda annakvar dag fram til 1971.[3] Det var også ein drosje i bygda på den tida.

Lokalsamfunn

I 1959 fekk bygda ny folkeskule, Feidje skule, som i seinare tid heiter Feios skule. Her var 7-årig folkeskule og framhaldsskule fram til 1966.

På Rinde kyrkjestad ligg Feios kyrkje som var nybygd i 1866, etter at Rinde stavkyrkje var riven. Her er gravplass tilbake til middelalderen.

Bygda har eit bedehus som ligg i Berdal.

I 1922 bygde Feios ungdomslag seg lagshuset Vonheim. Det har hatt ein sentral funksjon som samfunnshus i bygda i over 100 år.

Kulturminne

I Feios fins restar av eit strandsitjarmiljø. Osen bru, som vart bygd i 1927, går over Feioselvi, som går gjennom dette strandsitjarmiljøet. To gamle strandsitjarstover, som til dels er til nedfalls, er viktige kulturminne i bygda.

Feiossongen

På søre sida av Sognefjorden,
ligg Feiosbygdi, vår heimstad kjær.
Til alle tider, men mest om våren
med dal og lier ho fager er.

Frå Osen fram til dei fremste grender
Seg dalen skjer mellom brattefjell
Ved fjorden smiler dei vene strender
I solfallglansen om sumarkveld.

Mot himlen tøyer seg Rambertinden
Med kvasse lynblik i kveldssol brann.
Heim dalen gustar den svale vinden
Med song og sus over sjø og land.

Her reikar bonden på voll og vangar
Og slit og strevar på fedrejord.
Ved fjorden fiskaren laksen fangar
I skogen fuglane syng i kor.

Dei rike minne frå farne dagar
I bygdi lever hjå mann og møy.
Alt verdlaust framandt på dør dei jagar.
Vår bygdesoga skal aldri døy.

Den fedrearv vil me trufast gøyma
Som ervegullet i minnehall.
Og aldri heimstaden vil me gløyma
frå inste Borlaug til Grindedal.

Skriven av framhaldsskulelæraren i bygda.[4]

Sjå òg

Fotnotar

  1. Sandnes og Strømshaug, 2007
  2. Hodnebø, 1989
  3. Rinde, 2016
  4. Harald Halvorsen, Leikanger Sparebank 1964

Kjelder

  • Halvorsen, H. (1964) Leikanger sparebank 100 år.
  • Johannesen, O.J (2016) Bergens Kalvskinn Riksarkivet Oslo.
  • Nese, J. (1994) Posthistorie frå Vik kommune. Vik Lokalhistoriske Arkiv Eko.
  • Rygh, O. (1919) Gaardnavne. Nordre Bergenhus Amt. W.C Fabritius & Sønner A.S. Kristiania.
  • Sandnes, J. og Stemshaug, O. (2007) Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget. Oslo.