Feirdalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Feirdalen og kalla Fairdalen (uttale Fæirdalen) var ein gamal sæterstøyl som låg i dalen med same namn i Høydalen i Volda. Støylen vart nedlagt ein gong på 1700-tallet. Sel og fjøsar blei flytta til Rinddalsstøylen.

Sætra låg ved inngangen til Feirdalskoppen cirka 600 meter over havet inst i den flate Feirdalen. Dalen ligg innestengd mellom høge fjell, der Matøskja er høgast med sine 1332 meter over havet. Elva, som renn frå Feirdalsvatnet, svingar seg roleg ned gjennom dalen før ho stupar utfor og endar i Stillarkrokane, inst inne i Langedalen. I sør vendar utgangen mot Fladalen i Nordfjord.

Rettsboka for Søre Sunnmøre Jordskiftesogn visesr til en dom avsagt 18.juli 1757 at "Fagerdalen (Fairdalen) tilhörer bemeldte Gaarder Höydalsvig, indre Höydal og Höydalsdal".

Der var to sel og to fjøsar, gardane Midgarden og Bakkane hadde eit, og Høydalsdalgardane hadde eit.

Eit segn fortel at det var eit troll som hoppa frå Skarehornet til Bøjoldalshornet og landa i Feirdalen, derav kjem dei to tjerna, som og blir kalla for Botnaløysa, som ligg oppe i Feirdalen.

I 1998 datt to kviger utfor ein 15 meter høg hammar, til høgre for Tripet i dalmunningen. Dei redda den eine kviga (0294 Karoline), men den andre måtte dei naudslakte på staden.

Bilde frå Feirdalen

Kjelder

  • Hustadnes, Valborg 2005: Sæterliv i Voldafjell, band 1 side 184.
  • Intervju med Oddlaug G. Høydal, dato: 31.8.2009
  • Segn, folkemunne i Høydalen.