Fet og Joranger sokn

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. feb. 2014 kl. 12:27 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Cnyborg flyttet siden Fet og Joranger til Fet og Joranger sokn)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fet og Joranger er eit kyrkjesokn i Luster kommune i Indre Sogn prosti. Det femner om bygda og skulekrinsen Indre Hafslo. Fet og Joranger var opphavleg kvar sine sokner, men vart slegne saman frå 1. januar 1967 då det nye soknet vart overført frå Hafslo til Jostedal prestegjeld.

Soknet har to kyrkjer som før høyrde til kvart sitt sokn, Fet kyrkje og Joranger kyrkje. Både Fet og Joranger var kyrkjestader i mellomalderen.