Finnøy kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. mai 2018 kl. 22:10 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Finnøy
1141 Finnoy komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1141
Fylke Rogaland
Kommunesenter Judaberg
Areal 104.53  km²
Areal land 102.9  km²
Areal vann 1.63  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Sammenslåing(er) 1965
Nettside Nettside

Finnøy kommune er ein kommune i Rogaland. Han grensar til Tysvær kommune, Bokn kommune, Rennesøy kommune, Strand kommune, Hjelmeland kommune og Suldal kommune, alle i Rogaland. Finnøy er ein øykommune, og desse grensene er hovudsakleg sjøgrenser. Unntaket er ein del av grensa til Hjelmeland, som kryssar øya Ombo. Einaste tettstaden i kommunen er kommunesenteret Judaberg, med 581 innbyggjarar per 1. januar 2012.

Finnøy kommune vart oppretta etter formannskaplovene av 1838, og hadde uendra grenser fram til det store kommunesamanslåingsåret 1965. Dette året vart nemleg Finnøy kommune slege saman med Sjernarøy kommune, samt den delen av Ombo som tilhøyrde Jelsa kommune og nokre øyar frå Fister kommune. Suldal kommune fekk då resten av Jelsa kommune, medan hovuddelen av Fister kommune gjekk til Hjelmeland kommune.

Gardane Hesby på Finnøy og Gard på Søndre Talgje var i mellomalderen sete for mektige lendmannsætter, og kommunevåpenet er henta frå stamvåpenet til Hesbyætta, og viser ei sølvpil med vingar på blå bakgrunn. Namnet «Finnøy» kjem truleg av mannsnamnet Finni.

Kjelder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!