Finnskogbunad

Sideversjon per 30. nov. 2021 kl. 15:20 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (kat.)

Finnskogbunaden vart utarbeidd av forfattaren Åsta Holth (1904–1999) frå Grue Finnskog. Ho byrja arbeidet med den allereie før andre verdskrigen, men først i 1970 byrja produksjonen av kvinnebunaden. Mannsbunaden kom i produksjon noko seinare. Det er Grue Finnskog husflidslag som står ansvarlege for produksjonen.

Åsta Holth i finnskogbunaden. Foto av ein plakat ved Åsta Holth-museet.
Foto: Siri Iversen (2018).

Åsta Holth var ein sentral skogfinsk kulturformidlar, og ho var òg godt inne i arbeidet med bunader. Medan ho arbeidde med Finnskogbunaden engasjerte ho seg i arbeidet med kvinnebunaden for Solør og Odal, og fekk slik kjennskap til korleis Landsnemnda for bunadsspørsmål tenkte og arbeida.

Kjelder for bunaden

Det fantest lite kjeldemateriale frå eldre drakttradisjon på Finnskogen. Holth måtte difor i stor grad nytte skriftlege og munnlege kjelder, og det som var av bilete. Ho leitte òg på svensk sida av grensa, ettersom den skogfinske kulturen finst både på norsk og svensk side. Den bunaden ho kom fram til er mest nytta på norsk side; det finst eigne svenske finnskogdrakter. Ho gjekk òg til finske kjelder, ettersom det var interessant å sjå om noko av den finske tradisjonen hadde overlevd. Kjeldematerialet syner at det nok var lite av den finske tradisjonen som levde særleg lenge etter at dei finske innvandrarane kom til Norge, og at folkedraktane i området hadde like mye påverknad frå europeisk mote som andre draktskikkar på Austlandet.

Mellom dei viktigaste kjeldene kan ein nemne tekst og bilete av svenskane Nils Keyland og Linus Brodin. Det var og skildringar i dagbøkene til Carl Axel Gottlund frå 1820-åra, der han òg hadde teikna ein mann i folkedrakt. Der vart det tydelege at samtidas mote hadde påverka drakta. Det var òg ein del intervjumateriale, nedteikna av Amund B. Larsen d.y. i 1920-åra. Han dokumenterte at draktskikken levde noko lengre på Finnskogen enn i resten av Solør. Det stemte godt med det Åsta Holth meinte å huske frå barndomen.

Bunaden, både for kvinner og menn, hamnar i kategori 4 i Norsk institutt for bunad og folkedrakt sitt system: Bunader laga på grunnlag av mangelfullt materiale, der nokre element er utforma for å følgje stilen til dei bevara delane.

Kvinnebunaden

Livet er basert på eit foto av ei folkedrak frå Iitti i Finland, og er laga av svart ullstoff. Det går til livlinja, og er tett ettersittande. Det lukkes foran med skjulte hekter, og har bua figursaumer foran og i ryggen.

Trøya, som Holth kalla kofta, er hente frå eit foto av Nils Keyland. Den svenske kvinna hadde på seg ei skjøttrøye i mørkt stoff med oppsplitta skjøter. Den lagast i svart ullstoff fora med raudt eller grønt bomullsstoff, og med svart silke i halsringinga. Den lukkes med skjulte hekter foran. Bileta til Keyland ber preg av å vere arrangert, og det er difor noko usikkert kor autentiske draktane er, men ein går ut frå at trøya er ei eldre plagg.

Stakken kjem frå Linus Brodin sine skildringar i Fryksdalens Finnsocknar frå 1923. Han er så detaljert i si skildring at ein kunne rekonstruere stripinga av stakken. Det nyttast svart bomullsrenning med innslag av ullgarn i svart, gult, grønt og raudt.

Skjorta skulle etter Holth sin oppskrift ha halskrage og handlinninger, men i dag nytter ein ofte ein enkel serk. Fleire gamle serker frå området finst, og Åsta Holth si bestemor gjekk sjølv i serk. Ein kan òg nytte ei vanleg bunadsskjorte frå Heimen Husflid.

Forkleet er laga etter mønster av eit finsk husflidsforklre frå tidleg på 1900-talet; det skal vere laga etter eldre plagg. Det er vevd i kvitt bomullsgarn med horisontale striper i raudt og blått, og knytast rundt linnginga på stakken med eit vevd band.

Hovudplagg og tørkle er lage etter Holth sine eigne minne om slike, og etter eit tørkle ho hadde frå ei tante på farssida, Hermana Skasberget, som var fødd i 1848. Dei må ha vore nytta utapå ei lue, men seint på 1800-talet byrja ein nytte dei uten lue. I Holth sin oppskrift skulle det vere både lue og tørkle, men ho valde lua frå Solør og Odal-bunaden med brokadeliv, kombinert med tørkle i halsen. I dag nytter ein helst tørkle i halsen og ingenting på hovudet. Ein kan ha tørklet på hovudet, og det er valfritt om ein knyter det i halsen eller nakken; Holth nemnde at ho hugsa at det vart knytta i halsen. Tørklet er vevd i bomull med raude striper i rutemønster på kvit botn.

Understakken som Holth hugsa frå barndomen var raud, men ein kan òg nytte grøn understakk. Den er laga i bomull, og har svart band nederst. Strømpene skal vere glattstrikka i bomull.

Det er ikkje utarbeidd noko eige sølv til bunaden. Holth meinte ein kunneha ei enkel serknål i halsen, og det er så vanleg å velje ein kopi av ein av dei som finst frå Solør og Odal. EIn har òg gjerne mansjettjknappar i skjorta.

Mannsdrakta

Trøya er utarbeid på grunnlag av teikningar av ei finsk drakt i eit hefte av Tyyni Vahter. Han er i svart vadmel med ståkrage og nedbretta slag, og er dobbeltspend med fem par messingknappar.

Vesten er etter ei skildring frå Linus Brodin. Den er potteblå, og er lukka med skjulte hekter opp til haka. Dette er ikkje ein vanleg måte å lukke vestar på i norsk drakttradisjon, men slikt er kjend frå Sverige. Den er laga å blått ullstoff, og har ikkje krage eller slag.

Buksa er laga ut frå fleire kjelder, og er som trøya i svart vadmel. Ein brei klaff kneppast til ei linning foran. Ved kneet er det avslutning med splitt og linning som lukkast med knappar.

Det er ikkje laga eigen skjorte, så ein nytter Heimen Husflid sin vanlege bunadsskorte i bomull eller lin.

Hodeplagget trindmössa er skildra av Linus Brodin. I Norge kalla ein det kollelue, og ho er laga av sektorforma tøystykker, kiler, som møtast på midten. Dette er samme prinsipp som skjoldlua, men kollelua er utan skygge. Det finst fleire kjelder som fortel at ein nytta slike luer på Finnskogen. Lua er laga i svart ullstoff, med ein knapp på midten der kilene møtast.

Ein nytter potteblå strømper, etter skildring frå Linus Brodin. Dei er strikka med tre rette og to vrange masker, og haldast oppe av fletta strømpeband i ulike farger.

Det er ikkje laga eige sølv til bunaden. Det er vanleg å ha ei enkel nål i halsen og mansjettknappar på skjorta, som på kvinnebunaden. Ei tid lagde ein trøya og buksa både med sølv- og messingknappar, men i dag nyttar ein berre messing.

Litteratur og kjelder