Finse

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Finse stasjon i 1948.
Foto: Ukjend / Nasjonalbiblioteket

Finse er ei stasjonsgrend i Ulvik herad. Finse stasjon på 1222,2 meter over havet er den høgast liggande stasjonen på Bergensbanen.

Namnet Finse kjem truleg frå norrønt firn, som tyder 'audemark' eller 'villmark' og endinga sær med tydinga 'sjø'. Dette viser nok til Finsevatnet.

Det fyrste huset på Finse vart bygd i 1901 i samband med anlegget av Bergensbanen. I 1903 opna så det fyrste hotellet, og Finse vart raskt eit populært turmål. Då Bergensbanen opna i 1909 vart det lett å kome seg dit, og mange velståande utlendingar la ferien til fjellheimen. Finse hadde ein gullalder fram til første verdenskrig. Krigen førte til at utanlandske turistar ikkje lenger kom seg dit. I 1920- og 1930-åra var det gode tider att. Etter andre verdskrigen kom ein tredje god periode, som varte fam til rundt 1960. Då byrja NSB å skjere ned, og samstundes byrja turisttrafikken å minske. Etter elektrifiseringa av Bergensbanen i 1964 vart alle vokterboligene nedlagde. Det var allikevel ein del aktivitet, for Finse var sentrum for snøryddinga langs jernbanen fram til 1996. På det meste budde det kring 200 menneske der, dei fleste NSB-tilsette og familiane deira. Fram til skutten av 1980-åra var det skule og butikk på Finse.

Det er få fastbuande der no, og dei fleste av dei som er der jobbar i hotellverksemd. I 2017 var det registrert sju fastbuande i området Finse/Hallingskeid. Mange av dei som kjem til Finse er på sykkeltur på Rallarvegen, eller dei skal vere med på Skarverennet frå Finse til Ustaoset. På grunnlovsdagen er det 17.mai-tog frå Finse til Hardangerjøkulen. Søraust for stasjonen ligg Finsehytta, ei av Den Norske Turistforening sine hytter.

Den fyrste innandørs ishallen i Noreg vart opna på Finse i 1914. Både Sonja Henie og Oscar Mathisen trente der.

Finse alpine forskningsstasjon er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo. Den nyttast særleg av biologi- og geologistudentar.

Det snødekte landskapet på Finse var perfekt for innspelinga av den andre Star Wars-filmen i 1979. Kring ein åttandepart av filmen går nemlig føre seg på isplaneten Hoth.

Det vart i 1914 reist eit monument over polfararen Robert F. Scott, som døydde i Antarktis i 1912. Bakgrunnen er ei historie om at Scott reiste til Finse for å førebu seg på polferda, etter råd frå Frithjof Nansen. Det har seinare vist seg at han ikkje drog til Finse, men til Fefor i Gudbrandsdalen.

Stiftinga Rallarmuseet Finse er via til arbeidet med anlegg av Bergensbanen frå 1871 til 1909.

Litteratur og kjelder