Firehjulstraktoren, basismaskina i landbruks-, anleggs- og skogsdrift

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
En ombygd Buick modell 1925 gjorde susen som traktor på Bøgset på Namdalseidet. Leif Einli og Johannes Blengsli fikk omskapt bilen til traktor i rasjoneringstida etter andre verdenskrig. Jan Pettersen ved rattet har Erling Einli ved sida, mens Oddvar Einli sitter på slåmaskina.Foto: Lokalavisa Verran / Namdalseid 27.11. 2013.

Denne sida - Firehjulstraktoren - og - Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk - er meint som to dugnadsprosjekt i tråd med tanken bak nettstaden lokalhistoriewiki.no.

Begrepet firehjulstraktor har lokalhistorisk sett innarbeidd seg i tidsromet 1900 – 1950 og vart eit samlebegrep for traktorar med meir enn ein hjulaksel. Ein kjenner dei att frå tre hjul og oppover. Den har eit «syskjenbarn», crawler/beltetraktor som det er importert få av og der med kan definerast under same begrep.

Offentlege definisjonar, ei tolking

I læreplan for vidaregåande skule for faget Arbeidsmaskiner frå Reform-94 er traktoren brått ei arbeidsmaskin, her står: «Med arbeidsmaskiner menes de mest vanlige maskiner som benyttes i anleggsbransjen og basismaskiner som benyttes i jordbruket» (her går skogsmaskiner under anleggsmaskiner).

Før Reform-94 er traktoren/«trekkdyret» der forbrenningsmotoren sit i ei eiga eining. Arbeidsmaskin/redskapen er det du heng på basismaskina/traktoren når arbeid skal bli gjort.

Slik er og kapittelinndelinga i Maskinlære for landbruket av Øyvind Haugen, Bøndenes forlag 1962, 4 utgåve Boka har (for skrivar) ukjent fyrsteutgåve, hovedrevisjon 1948, 1953, og 1962).

1962-utgåva seier at: En 4-hjulstraktor er bygd opp av følgende hoveddeler: Motor, hovedkopling, dreiemomentomformer (gir), differensial, bakakselgir og bakaksel, drivhjul, styring, bremser. Den kan vere utstyrt med: Reimskive, kraftuttak og redskapsløft.

Kommentar: Nokre definisjonar har endra seg etter 1962: Dreiemomentomformar (torque qonverter) blir brukt som namn på ein spesifikk del. Frå 1964 kom påbod om førarvern. På førarvernet/vernebøyelen er «traktorhytta»/førarhuset bygd. Der er redskapsløft (trepunktsoppheng, der Fergusom-patentet med hydraulisk kraftoverføring frå reiskap til drivhjul er mest kjent) bak. Trepunkt framme vart om senn og tilgjengeleg på mest alle firehjulstraktorar. I tillegg kan ein litt romsleg kommentar vere at frå 1900 til 2000 endra max.effekta seg frå 5 – 500 Hk. Endringar i konstruksjon og virkemåte er i same størrelsesorden.

Historia om mekanisering kan forteljast på mange vis

Frå rundt 1850 var det bygd dampmaskiner som stod still og drog treskeverk, vinsjanlegg for pløying av jord, sagbruk og andre arbeidsmaskiner i jordbruk – og anleggssamanheng. Desse hadde gjerne fire hjul utan drift som gjorde dei flyttbare.

Rundt 1900 kom der «motorplogar». Tre- eller firehjulingar med bensin-/parafinmotor som kunne dra jordplog eller vogner. Redskapen var ofte ombygd sleperedskap for hest.

Vidare utover i tid har utviklinga gått i «rykk og napp». I norsk og, og dermed lokalhistorisk samanheng meiner ein at ein engelsk Ivel motorplog innkjøpt til Dønnes i Nordland i 1908 var den fyrste «moderne» traktor i kongeriket (i anna litteratur er 1916 nemt for fyrste norske traktorkjøp).

Produksjonshistoria som gjeld heile verda fortel om mykje flinke folk som eksperimenterar. Gode konstruksjonar utan naudsynt økonomisk styrke som aldri blir selde og gode seljarar som fekk på marknaden ting som på vestlandet ofte vart karakteriset slik: «Det passa best til utfar for båt» (som permanent anker på sjøbotnen). Den same historia fortel og at når seljarar fortalde om kva merke som vart produsert i flest eksemplar sa dei til slutt; «i den kjende del av verda». Sovjetunionen, India og China har i same tida hatt store mekaniseringsprosjekt som den vestlege verda veit lite om.

Dieselmotor i firehjulstraktoren heng tett saman med at tyske Bosch fekk patent på brukbar dieselpumpe med tilhøyrande innsprøytingsdyser i 1927. No vart det mogeleg å bygge motorar med relativt høgt dreiemoment frå lave turtal. Fleksibilitet i bruk auka monaleg. Fyrst frå slutten av andre verdskrigen gav dette skikkeleg utslag.

Samtidig overgang til gummihjul gav større aksjonsområde, entrepenørar dreiv utstrakt leigekøyring, brukarane fekk sjå kva maskiner som synte seg mest brukarvenlege og kjøpte sjølve. Entrepenørane gjekk då ofte over i anleggs- og skogsdrift med same maskinene som fekk si vidareutvikling til slikt bruk (tenk hydrauliske maskiner som traktorgravar, traktorkran, anleggsdumper og hjullastar, ein att-fram-snudd firehjulstraktor med stort lesseapparat over den sterkaste akslingen).

Dei lokale ombyggingane frå bil til traktor var og eit viktig innslag i denne historia: «Man tager hvad man haver». Må ha minst ein brukt bil, for farta må ned. Døme: Ein skrellar av hus og anna unødvendig. Så koblar ein i serie to girkasser før bakhjula, så kjøper ein traktorhjul frå norske Røwde til bakfelgane og «vips, så har ein traktor».

(Skrivaren kan ikkje late vere: Eg hugsar som liten gut på 50-talet ein slik som gjekk i trafikk mellom turrhøyhesjane og løa på ein grannegard. Vi såg ingen som køyrde. Forklaringa var at gutfanten køyrde. Når han stod på dørken såg han så vidt over daschbordet framme. Ved kløtsjbruk og giring heldt han i rattet nede, hoppa bakover og pendla inn mot kløtsjpedalen for å bli tung nok. Det gjekk vel, men…..)

Importørar og forhandlarar i Noreg er ikkje enkelt å halde styr på. Stavanger, Bergen, Kristiansand og Oslo hadde mange båtsamband med utlandet. Nokre har hatt lang driftstid (døme: Eikmaskin og Eik & Hausken), mange vart «døgnfluger». Før om lag 1960 hadde same merke oftast to eller fleire konkurerande importørar. På landbrukssida roa importørskifte seg ned, men på anleggsida har uro i importørledda fortsett.

For norsk bruk var lokale redskapsprodusentar som tilpassa og serieproduserte utstyr for mindre bruk heilt naudsynt (døme; jordplog, snøplog, harv, lesseapparat, tilhengar, belte, hydraulisk gravemaskin og kran). Det som kom utanfrå var oftast for stort og tungt, i alle fall til beresvak jord i kystdistrikta (døme: Duun, Hordaland Mekaniske, Hamjern, Hymas, Kverneland, Kyllingstad, Moelven bruk, Øveråsen).

Utdanna mekanikarar var det ikkje enkelt å få tak i. Smedar og bilmekanikarar stod for vedlikhald og reparasjonar. Staten og fylka tok tak og ca. 1960 vart dei fyrste linjene oppretta i yrkesskulane. I starten heitte desse Den Fullstendige Verkstadskule for Landbruks-, Anleggs- og Skogsmaskiner. Rundt 1970 vart faget delt i landbruks- og anleggsmekanikar, skrivemåtane har endra seg og Reform-94 slo vel noko uheldig ut for alle dei små og økonomisk dyre faga, men det fungerar.

Å få gjort mest mogeleg nyttig arbeid er bærande prinsipp i utvikling av basismaskin og redskap. Å vere Dus med traktorhydraulikken er nyttig om ein skal forstå utviklinga gjenom eit hundreår. Likeså «fottøyet» maskina vandrar på i form av Hjulutstyr for landbruksmaskiner og ikkje minst jordsøkjande redskap, Pløying.

Alder på eldre traktorar

Registreringspliktige traktorar fekk ei lang priode årsmodell etter registreringsår. Ved seinare innbyte skapte dette kontroversar då ein ved innbyte alltid rekna årsmodell etter serienummer og produksjonsdato. Ved modellbyte kjøpte importørane inn ein del traktorar som vart selde fyrste åra etterpå. Dette skapte fort sprik mellom registrert modell og produksjonsår.

Ikkje registreringspliktige (industri- og anleggstraktorar) har ofte same avvik. Desse vart ofte innkjøpt av slike bedrifter som: Hamjern, Hymas og Moelven for påbygging av gravemaskiner og industrilastarar. Her finn ein avviket mellom produksjonsår og modell på traktor frå produksjonsskilt for påbygg i høve til serienr. på traktor. Forsikringspapira syner det same.

For bruktimporterte traktorar vart og fyrstegongs registrering sett som årsmodell ved kjøp.

Ved bruktomsetning sleit seljarane med å forklare dette. Traktorimportørenes Forening laga årlege bruktlister for å hjelpe til.



Kva gjer dei interesserte

På denne sida kan vi som er interesserte bygge firehjulstraktoren si lokalhistorie etter same opplegg som Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk . Vi legg kort informasjon i tabellen under. Er historia lang skriv vi eigne stykke og legg lenke frå tabellen. Ynskjer oss alle lukke til:

Forklaring til kolonnene i boksane

  • Kolonne 1. Namn/type/kategori: Her skriv ein inn namnet og type på maskina.
  • Kolonne 2. Produksjonsår: Gjeld byggeår eller produksjonsperiode.
  • Kolonne 3. Motor/type/HK: Namn, byggeår, -stad og hestekrefter
  • Kolonne 4. Kraftuttak, slepekrok og redskapsløft: Kraftuttak/PTO (power take off) bak/framme/sidemontert, som tapp eller reimhjul, slepekrok og redskapsløft/trepunktsoppheng bak/framme
  • Kolonne 5. Importør, gjerne med lenke til firmaomtale
  • Kolonne 6. Andre opplysningar om maskina


Merke og typer med tekst og bilde

Å skaffe deler til tilårskomne maskiner er tidvis ein krevjande øvelse. Importørane skiftar, produsentar blir oppkjøpt eller lagt ned. Noko finns nytt eller brukt, ikkje gi opp.

Vi prøver å halde alfabetisk orden:

BUICK

1. Namn/type 2. Produksjonsår 3. Motor/type/HK 4. Kraftuttak, slepekrok og redskapsløft 5. Importør 6. Andre opplysningar
Buick 1925, biltraktor frå 1945 Slepekrok Traktor på Bøgset på Namdalseidet. Leif Einli og Johannes Blengsli fikk omskapt bilen til traktor i rasjoneringstida etter andre verdenskrig. Foto/informasjon: Lokalavisa Verran / Namdalseid 27.11. 2013. Informant: Gunnar E. Kristiansen

Bilde av BUICK

MASKIN

(STOPP ! Bruk denne til og med bildegalleri og med |} til mal for neste maskinmerke).

1. Namn/type 2. Produksjonsår 3. Motor/type/HK 4. Kraftuttak, slepekrok og redskapsløft 5. Importør 6. Andre opplysningar

Bilde av MASKIN



Litteratur og informantar

  • Læreplan for videregående opplæring. Mekaniske fag. Arbeidsmaskiner 04.11.97
  • Læreplan for den videregående skole. Handverk og industri. Landbruksmekanikere. Mai 1979
  • Maskinlære for landbruket. Øyvind Haugen. Fjerde utgåve 1962. A/S Bøndenes forlag
  • Veterantraktorer i Norge. Arnulf Jensen. Andre utgåve 2003. Landbruksforlaget. ISBN 82-529-2516-2
  • Oddvar E. Høydalsvik f. 1951 Har arbeidd i faget ei stund