Fiskebåtregisteret ved Austefjord Museum

Fiskebåtregisteret til Austefjord Museum er utarbeidd av Magnar Høydal med god hjelp av andre i museumslaget. Registeret er under stadig vedlikehald og oppdatering og innheld alle fiskebåtar som er eller har vore registrert i Volda kommune og Dalsfjord etter kommunesamanslåinga. Frå 1920 og til 2001 har opplysningane, og rekkefølga av dei endra seg. Alt er tilpassa ei arkutforming for heile perioda. Opplysningane under kvar kolonnebokstav er spesifisert her.

Bilde av excelark med register

For kvar båt er det registrert:

Kolonne A: område innanfor kommunen:

A= Austefjorden
D= Dalsfjorden
F= Folkestad
Hj= Hjartåbygda
K= Kilsfjorden
L= Lid og Yksnøya
V= Volda

Kolonne B: FNMF= opplysningar frå Fortegnelse over Merkepliktige Norske Fiskefarkoster

Dato = dato innførte opplysningar om båtar som ikkje var i offisielle lister

Kolonne C: kjennemerke

Alle startar med M som står for Møre og Romsdal fylke, båtnummeret og så VA som står for Volda kommune. Døme MB «Frost» med kjenneteikn M-14-VA.

Kolonne D: namn på båten med forkorting for driftsform:

*= rekvirert av «Wehrmakt»
hf= havfiske
kf= kystfiske
fjf=fjordfiske
f= fiske utan nerare angivelse:
fa= fangst utan nærare angivelse
sfa= selfangst
bfa= botlenosefangst
hvaf= hvalfangst
isfa= ishavsfangst
trp (seinare berre t)= transport (sild og fisk)
atrp= agntransport:
lsj= losjifartøy
slp= slepefartøy

Kolonne E: Utnamn

Dvs. namn på folkemunne, som kunne vere noko heilt anna enn det namnet båten var registrert under.

Kolonne F båttype med typeforkortingar:

D.= dampskip
M.= motorfarkost
S.= seilfarkost
å.= åpen båt
s.= spiss-stevnet/ spissgattet
k.= kutterbygget/ hekkbygget
bf.= brønnfartøy
g.= dekket gavlbåt
j.= jakt
sk.= skonnert
l.= lekter
båt med antal årer (t.d. 6/å som er åpen båt med 6 årer, dvs. trerøring)

Kolonne G: materialbruk:

T = tre, J = jern, P = plast. Radiotelefoni er markert med *, ekkolodd med o

Kolonne H: byggeår

Eller år for ombygging.

Kolonne I: storleik

Lengde, breidde og djupne i fot, kursiv er engelsk fot (frå 1978 er måla i meter, er både fot og meter opplyst står mål i meter etter m: frå 1986 er djupne sjeldan med).

Kolonne J og K: volum

I brutto og netto registertonn.

Kolonne L, M og N: namn, byggeår og motor

Med hestekrefter for motoren.

Kolonne O: Fiske og fangstbåtar

For oppteljing i heile registeret.

Kolonne P og Q: registrering i Fiskeriregisteret

Fyrste årstal båten er oppført i registeret og fyrste årstal båten ikkje står der med raud skrift.

Kolonne R: registrert eigar

Frå Fiskeriregisteret, kvar ny eigar på eiga line.

Kolonne S: diverse opplysningar

T.d. om sal av båten ut av Volda, eigarskifte, avvikande mål i registeret, ute av registeret nokre år osv.