Fjæra (Fedje gnr 169 bnr 13)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjæra
S340.169.13.IMGL3704.jpg
Parti av Sulo i 2022. Fremst ligg huset i Fjæra (bnr 13), deretter husa på bnr 165 og bnr 49.
Foto: Karsten Madsen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 13
Adresse: Mulevegen 113

Fjæra er ein tidlegare husmannsplass, seinare småbruk, i Fedje kommune. Det er no fritidsbustad på eigedomen.

1. Hans Larsen f. 1852 Sulo (gnr 169 bnr 34-1c) d. 1938 g.3.g. 1899 Bergen m. Elisabet Persd f. 1856 Byrknes d. 1909 (dotter av Per Trulsen f. 1823 d. 1908 og Olina Hansd f. 1824 d. 1869, sjå Gulenb. III s 257). Hans var enkjemann etter Andrea Persd f. 1850 Rognsvågen (gnr 167 bnr 1-2e) d. 1874 og Kristina Hansd f. 1831 Fallebø, Gulen d. 1898, sjå Moldøyna (husmenn 5). Han flytta huset sitt frå Moldøyna og hit i 1900. Dei var plassfolk utan jord under Kremmarholmen gnr 169 bnr 2. Hans var fiskar.

Barn: a. Kristoffer Olai Hansen f. 1899 d. 16 dg gl.

Elisabet hadde sonen b. Martin Martinsen f. 1887 Bergen d. 1935, neste brukar (2), med Martin Larsen f. 1866 Nernes, Kvam (sjå Strandebarmb. II s 73), han budde i folketeljingane 1900 og 1920 i Fana, Bergen og var tekstilarbeidar.

Enkjemannen Hans Larsen g.4.g. 1910 Bergen m. Inger Karine Petrine Isaksd f. 1866 Husavåg, Vågsøy i Nordfjord d. 1943 (far Isak Jakobsen). Ingen born. Dei flytta til Husavåg før 1917 og overtok heimen hennar, og tok då Fedje som etternamn.

2. Martin Martinsen Fjæren f. 1887 på denne plassen (1b) d. 1935 g. 1907 m. Rakel Elida Monsd f. 1885 Straume, Radøy d. 1962 (sjå Radøyb. V s 131, dotter av Mons Olai Nilsen f. 1844 og Steffina Nilsd f. 1847). Skøyte 1917 for 100 kr på tomta frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 2 same året. Martin var fiskar og fiskehandlar.

Born: a. Hilma Elida Fjæren f. 1908 d. 1919. b. Oliver Severin Fjæren f. 1909 d. 1934 (tub.), fiskar, g. 1932 m. Maria Joakimsd Kolås, Lindås f. 1903 Bergen d. 1969 (sjå Lindåsb. III s 486 og IV s 531), budde der, ho flytta sidan til Mongstad i Lindås. c. Nora Sigvarda Fjæren f. 1911 d. 1976 g. 1935 m. em. Karl Andersen Bognøy f. 1895 Radøy d. 1966, budde der (jf Radøyb. V s 177). Ho døydde i Jondal. d. Julie Pernilla Fjæren f. 1913 d. 1994 g. 1942 m. Martin Mathiassen Lekanger f. 1919 Stadlandet, Selje i Nordfjord d. 1958, budde der. Ho flytta seinare til Trøgstad i Østfold. e. Edith Marie Fjæren f. 1917 d. 2001 g. 1943 m. Olav Gustav Brandsdal f. 1919 Skålvika i Fjell d. 2009 (jf Fjellb. II s 487), bustad Bergen. f. Harald Emanuel Fjæren f. 1920 d. 6 veker gl. g. Selma Elisabet Fjæren f. 1921 d. 1977 g. 1945 m. Hilmar Høgberg f. 1914 Åsnes i Solør d. 2003, bustad Bergen. h. Wilhelm Martin Fjæren f. 1924 d. 1999, sjømann, g. 1946 m. Elsa Stavenes f. 1922 Vaksdal d. 1987 (jf Vaksdalb. I s 359), budde der og i Fana, Bergen, han flytta til Stavanger. i. Valborg Lilly Fjæren f. 1927 d. 1982 g.1.g. 1947 m. Frank Eugen Nøstdal f. 1926 Trondheim d. 1960 der, bustad Bergen, es. oppløyst, g.2.g. 1952 m. Jens Hjelmeland f. 1907 Kvinnherad d. 1958 (jf Kvinnheradb. III s 446), budde der, g.3.g. 1958 m. Leon Arnfinn Olsen f. 1931 Laksevåg i Bergen d. 2011, bustad Oslo. Han flytta til Nord-Odal i Hedmark.

3. Anna Karlsen f. 1914 Muleide (gnr 169 bnr 7-4f) d. 1985 g. 1949 m. Gunvald Magne Gundersen Dalen f. 1907 Skåre, Haugesund d. 1989 (jf Skåreb. I s 57), bakar i Holmen. Ingen born. Skøyte etter nr 2 i 1964. Dei budde først på Muleide hjå mor til Anna. Skøyte 1966 på nausttomt (bnr 90) frådelt gnr 169 bnr 17 same året, naustet som Hans (1) bygde, stod her. Denne tomta vart skøytt til Aage Aasebø i 1988, sjå Sulo gnr 169 bnr 51-4.

4. Erling Eriksen f. 1941 Husa (gnr 168 bnr 50-1d), orlogskaptein, var g.1.g. 1965 m. Ann-Mari Ovesen f. 1943 Hitra, Sør-Trøndelag d. 1998, busette Bergen.

Born: a. Kristin Eriksen f. 1965, neste eigar (5). b. Rune Eriksen f. 1967, bustad Bergen.

Erling Eriksen g.2.g. 2000 m. Karin Elise Krogh Nilsen f. 1947 Svolvær i Vågan, Lofoten, flytta frå Bergen til Tromsø i 1995 og sidan til Svolvær. Dei fekk skøyte her i 1991. Huset vert brukt som feriebustad.

5. Kristin Eriksen f. 1965 Bergen (jf 4a) g.m. Roy Arne Nilsen f. 1962 Bergen, busette der. Skøyte i 2020.

Born med tidl.samb. Stig Klynderud f. 1961 Drøbak i Frogn, busett i Bergen: a. Karoline Klynderud f. 1991, bustad Bergen. b. Pernille Klynderud f. 1994, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Fjæra (Fedje gnr 169 bnr 13) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Sulo • Neste bolk: Bratland (Fedje gnr 169 bnr 15)