Fjørmannsfar: Forskjell mellom sideversjoner
({{nn}}) |
(→Ymse) |

Linje 13: | Linje 13: | ||
Eit vidare søk i skifteprotokollane er på veg. | Eit vidare søk i skifteprotokollane er på veg. | ||
== Fjørnfaret frå Fjærvika == | |||
Innanfor geitbåtområdet veit vi om eitt ''fjørnfar'' som framleis finst. Det stod i mange år i naustet i [[Fjærvika (Halsa)|Fjærvika]] i [[Halsa kommune|Halsa]] på Nordmøre, føre det vart flytta til naustet der det står i dag. [[Margrete Seter]] har skrive diktet «Eit gammelt fjørnfar» om denne båten. Den første av dei fem strofene er: | |||
{{sitat| | |||
Det stod ein storvaksinj båt ni nausta.
en gammel femrøring, færtælt'n far.
Eit gammelt fjørnfar, ein sjeldå skapning.
ei svartbreidd sjydronning frå «forna dar».
Ein geitbåt laga med sommå tankå
og likeins redskap i tusen år,
ein farkost bruka te frakt og fiskje
så skaffa inntekt og levekår. | |||

== Ymse == | == Ymse == |
Sideversjonen fra 17. feb. 2017 kl. 12:04
Fjørmannsfar (jf. islandsk fjögramannafar og færøysk fýramannafar), òg kalla firmannsfar, fjørnfar, fjørefar, fjøfar m.m., var ein båttype som var vanlig i alle fall frå 1600-talet og fram til 1800-talet. I ulike kjelder blir dei omtala som båtar med fire, fem eller seks rorsrom. Fjørmannsfar var vanlige i alle fall på både Sunnmøre og Nordmøre. I skifteprotokollane frå Nordmøre på andre halvdelen av 1600-talet ser fjørmannsfara ut til å ha vore ein slags fyringar. Hans Strøm skriv i Søndmørs Beskrivelse (1762): «Fjøringfar eller Fjæringfar, som af andre kaldes Fjærmandsfar, er et Navn, som uden Tvivl vil sige det samme som Firerøings-Far, efterdi det tillægges en Baad med 4 Par Aarer, som dog altid bemandes med 6 Karle og er det almindeligste Slags Havbaad, hvormed man i Vaar-Fiskeriets Tid reiser 2 til 4 Mile ud i Havet for at fange Torsk.» I eit notat frå Ole Ekkilsøyvåg frå Averøya sitert i Nordmøre fiskerisoge er fjøfar omtala som eit anna namn på femroring. C.F. Diriks seier i «Om de forskjellige Slags Baade i Norge» (1863) at Fjørnfar har seks par årar.
Fjørmannsfar i skifteprotokollar
I skifteprotokollane finn vi dokumentasjon på arveoppgjer. Der blir blant anna fartøy og børnskap opplista — ofte med spesifisert verdi. Fugelsøy (1962) refererer til skifteprotokollen for Nordmøre sorenskrivarembete der han blant anna fann desse:[1]
- 1669: Skiftet etter John Toresen Bae: Et lite firmannsfar med mastertaug og alt tilbehør, 4 rdl.
- 1669: Skifte i Ersvika på Tustna: Et firmannsfar med seil og utstyr.
- 1670: Boet etter Ivar Knudsen Mork, Mork på Kvernes: Et gl. firmannsfar med tilbehør[.]
- 1674: Skifte på Strand, Kvernes: ... to firmannsfar ...
- 1681: Skifte etter Tore Hansen Vikan, Smøla: ... et firmannsfar med utstyr ...
- 1691: Skifte etter Iver Toresen Smørholmen: ... 4 firmannsfar som taksertes til 15 rdl.
Eit vidare søk i skifteprotokollane er på veg.
Fjørnfaret frå Fjærvika
Innanfor geitbåtområdet veit vi om eitt fjørnfar som framleis finst. Det stod i mange år i naustet i Fjærvika i Halsa på Nordmøre, føre det vart flytta til naustet der det står i dag. Margrete Seter har skrive diktet «Eit gammelt fjørnfar» om denne båten. Den første av dei fem strofene er:
Det stod ein storvaksinj båt ni nausta. | ||
Ymse
Ordet fjørnfar blir elles bruka på nordmøring om kvinner som har pynta seg i meste laget.
Fotnotar
- ↑ Fugelsøy (1962) s. 17 f.