Fjørmannsfar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sunnmørsk fjøringfar teikna av Hans Strøm og attgjeve i Søndmørs Beskrivelse (1762).

Fjørmannsfar (jf. islandsk fjögramannafar og færøysk fýramannafar), òg kalla firmannsfar, fjørnfar, fjørefar, fjøfar m.m., var ein båttype som var vanlig i alle fall frå 1600-talet og fram til 1800-talet. I ulike kjelder blir dei omtala som båtar med fire, fem eller seks rorsrom. Fjørmannsfar var vanlige i alle fall på både Sunnmøre og Nordmøre. I skifteprotokollane frå Nordmøre på andre halvdelen av 1600-talet ser fjørmannsfara ut til å ha vore ein slags fyringar. Hans Strøm skriv i Søndmørs Beskrivelse (1762): «Fjøringfar eller Fjæringfar, som af andre kaldes Fjærmandsfar, er et Navn, som uden Tvivl vil sige det samme som Firerøings-Far, efterdi det tillægges en Baad med 4 Par Aarer, som dog altid bemandes med 6 Karle og er det almindeligste Slags Havbaad, hvormed man i Vaar-Fiskeriets Tid reiser 2 til 4 Mile ud i Havet for at fange Torsk.» I eit notat frå Ole Ekkilsøyvåg frå Averøya sitert i Nordmøre fiskerisoge er fjøfar omtala som eit anna namn på femroring. C.F. Diriks seier i «Om de forskjellige Slags Baade i Norge» (1863) at Fjørnfar har seks par årar. Edvard Vatn frå Straumsnes oppgav i svaret sitt til Ord og Seds spørreliste nr 34 (1937): «Stor rors- og seglbåt 7-8 par keipar. Sterkbygd gjerne eit 4-5 tommar breidt bord vatsrett på innsida av æsinga med små hol i til a setja vaterbord (skottbord eller driglar i) for sjøskvett.»[1]

Fjørmannsfar i skifteprotokollar

I skifteprotokollane finn vi dokumentasjon på arveoppgjer. Der blir blant anna fartøy og børnskap opplista — ofte med spesifisert verdi. Fugelsøy (1962) refererer til skifteprotokollen for Nordmøre sorenskrivarembete der han blant anna fann desse:[2]

  • 1669: Skiftet etter John Toresen Bae: Et lite firmannsfar med mastertaug og alt tilbehør, 4 rdl.
  • 1669: Skifte i Ersvika på Tustna: Et firmannsfar med seil og utstyr.
  • 1670: Boet etter Ivar Knudsen Mork, Mork på Kvernes: Et gl. firmannsfar med tilbehør[.]
  • 1674: Skifte på Strand, Kvernes: ... to firmannsfar ...
  • 1681: Skifte etter Tore Hansen Vikan, Smøla: ... et firmannsfar med utstyr ...
  • 1691: Skifte etter Iver Toresen Smørholmen: ... 4 firmannsfar som taksertes til 15 rdl.

Eit vidare søk i skifteprotokollane er på veg.

Kor stort er eigentleg fjørmannsfaret?

Fjørnfaret frå Fjærvika

Innanfor geitbåtområdet veit vi om eitt fjørnfar som framleis finst. Det stod i mange år i naustet i Fjærvika i Halsa på Nordmøre, føre det vart flytta til naustet der det står i dag. Margrete Seter har skrive diktet «Eit gammelt fjølnfar» om denne båten. Den første strofa er:

Det sto ein storvaksin båt ni nausta,
gammel femrøring, færtelt'n far:
Eit gammelt fjølnfar, ein skjeldå skapning.
ei svartbreidd sjydronning frå forna dar.
Ein geitbåt laga med sommå tankå
og lik-eins redskap i tusen år.
Ein farkost bruka te frakt og fiskje,
så skaffa inntekt og leve-kår.

I Årbok for Nordmøre museum 2002 står ein versjon på seks strofer.[3] Ein annen versjon med fire strofer er innspela på CDen Månin dre .... Melodien er skriven av Kolbjørn Botten.[4]

Ymse

Ordet fjørnfar blir elles bruka på nordmøring om kvinner som har pynta seg i meste laget.

Fotnotar

  1. Sitert frå s. 126 av Årbok for Nordmøre museum 2008.
  2. Fugelsøy (1962) s. 17 f.
  3. S. 146 f. av Årbok for Nordmøre historielag ***.
  4. Kolbjørn Botten: Månin dre ... (CD prod. av Frode Fjellheim 1996).

Sjå òg