Fjell kystlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Fjell kystlags logo

Fjell kystlag er lokallag av Forbundet KYSTEN og held til i tidlegare Fjell kommune ved Bergen. Kystlaget har teke vare på og restaurert tradisjonsrike bruksbåtar og naustmiljø. Laget vart starta 23. mars 1983 av ein flokk idealistar som såg verdien av den gamle kystkulturen, som den gongen var i raskt forfall. I dag disponerar dei om lag 110 medlemene eit representativt utval av gamle båtar og tre bygningar med lokalhistorisk sus.

Giertsennaustet og Buanaustet på Ågotnes og Smio i Sundet - den gamle båtverkstaden på Storesund. Det staselege Giertsennaustet og den innhaldsrike smia inngår i eit heilskapleg kulturmiljø - knytt til dagleg liv og virke for vanlege menneske gjennom eit halvt hundreår - og kystlaget er ein viktig møtestad for alle som er interesserte i kystkultur.

Sjå òg

Ekstern lenkje