Fjernsynsteatret

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fjernsynsteatret var eit fast programtilbod på NRK fjernsyn frå 1960 til 1990. Det var óg namnet på avdelinga hos NRK som produserte programma.

Det første stykket som vart sendt, som ei prøvesending i 1959, var Telefonkiosken av britiske Peter Brook. Det var då Arild Brinchmann som var leiar for Fjernsynsteatret. Han hadde stillinga til 1967, då Tore Breda Thoresen tok over. Den siste leiaren i avdelinga var Magne Bleness, som sat i stillinga frå 1980 til 1990.

Avdelinga knytta til seg eit fast ensemble, og hadde ein årsproduksjon på heile 20–25 stykke. Etter kvart vart dette for dyrt, og talet på eigenproduksjoner sank. I staden kjøpte dei inn stykke frå andre land – noko som mellom anna førte til at den norske allmenta vart introdusert for konseptet «finsk fjernsynsteater». Bland eigenproduksjonane finn ein mellom anna alle av Henrik Ibsen sine samtidsdrama, og stykke av ein rekkje kjende norske forfattarar som Ludvig Holberg, Arne Garborg, Bjørnstjerne Bjørnson, Knut Hamsun og Alexander Kielland. Det vart og stykke av store internasjonale forfattarar som William Shakespeare. Sidan NRK ikkje var avhengig av inntekter frå stykkene, kunne ein óg sette opp «smalare» stykke, mellom anna av Samuel Beckett og Harold Pinter.

I januar 1991 vart Fjernsynsteatret erstatta av Dramaavdelinga, med Karen Bamborough som leiar.

I Nasjonalbiblioteket sin permanente utstilling Opplyst. Glimt fra en kulturhistorie er det med filmklipp frå Fjernsynsteatret med vekslande drama av Henrik Ibsen.

Kjelder og litteratur