Fjord kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. feb. 2020 kl. 12:56 av Kallrustad (samtale | bidrag) (heimeside)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjord kommune
Fjord komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1578
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Stordal
Areal 1146.16  km²
Areal land 1146.16  km²
Areal vatn 0  km²
Folketal 2 494 (2023)
Grunnlagt 2020
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Fjord kommune er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunen vart etablert 1. januar 2020, då kommunane Stordal og Norddal slo seg samen. Samanslåinga, som vart vedteke i 2017, var ein del av Solberg-regjeringa si kommunereform. Den nye kommunen har om lag 2600 innbyggjarar. Kommunehuset ligg i Stordal, medan helseadministrasjonen har tilhald i Valldal.

Etter samanslåingsvedtaket vart det utgreidd to moglege grensejusteringar mellom Stranda og nye Fjord kommune. Dette gjaldt Liabygda i Stranda og bygdene Norddal og Norddal i Norddal. Kommunal- og moderniseringsdepartementet vedtok i 2018 at grensene ikkje skal endrast.

Norddal og Stordal var samde om at namnet på den nye kommunen skulle vere Fjord. Språkrådet var kritisk, av di dette var eit ikkje-eksisterende namn i nokon av kommunane. Departementet meinte allikevel at dei lokale ønskja skulle vege tyngst, og godkjende difor vedtaket.

Etter kommunevalet i 2019 vart Eva Hove frå Arbeidarpartiet vald til ordførar.

Kjelder og litteratur