Fjotland kommune: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 9: Linje 9:


== Arkivkilder til Fjotland kommune ==
== Arkivkilder til Fjotland kommune ==
De kommunale arkivkildene for Fjotland kommune finnes i dag tilgjengelig hos Interkommunalt arkiv i Vest-Agder IKS. Dette inkluderer protokoller fra f.eks. kommunestyre, fattigstyre og skolestyre og arkiver med blant annet personopplysninger i form av klientarkiver, skatteprotokoller, men også skoleprotokoller.  
Dei kommunale arkivkjeldene for Fjotland kommune fins i dag hos Interkommunalt arkiv i Vest-Agder IKS. Dette inkluderer protokollar frå til dømes kommunestyre, fattigstyre og skolestyre og arkiv med mellom anna personopplysningar slik som klientarkiv, skatteprotokollar, men og skoleprotokollar.  


[[Kategori:Kvinesdal kommune]]
[[Kategori:Kvinesdal kommune]]
[[Kategori:Tidligere kommuner i Vest-Agder]]
[[Kategori:Tidligere kommuner i Vest-Agder]]

Sideversjonen fra 23. sep. 2009 kl. 09:15

Fjotland er ein tidlegare kommune i Vest-Agder fylke og eit sokn i Kvinesdal prestegjeld. Fjotland er no ein del av Kvinesdal kommune. Fjotland kyrkje ligg ved Fjotlandvatnet, nord for riksveg 42.

I kyrkjeleg samanheng var Fjotland eit anneks til Kvinesdal inntil 1753, da prestegjeldet blei delt, og Fjotland blei anneks til Øvre Kvinesdal prestegjeld. I 1841 blei Fjotland overført til Nedre Kvinesdal prestegjeld, og 16 år etter, i 1857, blei Fjotland eit prestegjeld for seg sjølv. Dette sto ved lag inntil 1970, da Fjotland prestegjeld blei nedlagt og slege saman med Kvinesdal prestegjeld.

Da formannskapslovene blei innført 1. januar 1838, blei Fjotland eit eige herred (kommune), men allereie i 1841, på ei tid da det var 980 innbyggjarar i Fjotland, blei herredet slege saman med det daverande Kvinesdal herred. I 1858, meir eller mindre samstundes med at Fjotland blei eit ege prestegjeld, fekk Fjotland nok ein gong status som eit eige herred. Folketalet var da gått opp til 1 044. 1. januar 1963 blei Fjotland atter ein gong slege saman med Kvinesdal, inkludert Feda, og seinare har Fjotland vore ein del av Kvinesdal kommune.

Gamle Fjotland kommune er den delen av Kvinesdal som framleis har nynorsk som opplæringsspråk i skulen og nynorsk liturgi i kyrkja. I 1908 gjekk fem av skulekrinsane i bygda over til landsmål (nynorsk) som opplæringsmål. Blant desse var Kvinlog skule, som stadfesta sitt nynorskstandpunkt i ei skulerøysting i 2007. I 1918, som første kyrkjelyd i Vest-Agder, tok Fjotland i bruk landsmålet som liturgispråk.


Arkivkilder til Fjotland kommune

Dei kommunale arkivkjeldene for Fjotland kommune fins i dag hos Interkommunalt arkiv i Vest-Agder IKS. Dette inkluderer protokollar frå til dømes kommunestyre, fattigstyre og skolestyre og arkiv med mellom anna personopplysningar slik som klientarkiv, skatteprotokollar, men og skoleprotokollar.