Fjotland kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 22. mai 2019 kl. 09:32 av Cnyborg (Samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjotland kommune
Basisdata
Fylke Vest-Agder
Grunnlagt 1838 og 1858
Opphørte 1841 og 1963
Slått saman med 1841: Med Kvinesdal
1963: Med Kvinesdal og Feda
No del av Kvinesdal
Grensestein mellom Eiken og Fjotland kommunar.
Foto: Chris Nyborg (2018).

Fjotland er ein tidlegare kommune i Vest-Agder fylke, tilsvarande Fjotland sokn i tidlegare Kvinesdal prestegjeld. Fjotland er no ein del av Kvinesdal kommune. Fjotland kyrkje ligg ved Fjotlandvatnet, nord for riksveg 42.

I kyrkjeleg samanheng var Fjotland eit anneks til Kvinesdal inntil 1753, da prestegjeldet blei delt, og Fjotland blei anneks til Øvre Kvinesdal prestegjeld. I 1841 blei Fjotland overført til Nedre Kvinesdal prestegjeld, og 16 år etter, i 1857, blei Fjotland eit prestegjeld for seg sjølv. Dette sto ved lag inntil 1970, da Fjotland prestegjeld blei nedlagt og slege saman med Kvinesdal prestegjeld.

Da formannskapslovene blei innført 1. januar 1838, blei Fjotland eit eige herred (kommune), men allereie i 1841, på ei tid da det var 980 innbyggjarar i Fjotland, blei herredet slege saman med det daverande Kvinesdal herred. I 1858, meir eller mindre samstundes med at Fjotland blei eit eige prestegjeld, fekk Fjotland nok ein gong status som eit eige herred. Folketalet var da gått opp til 1044. 1. januar 1963 blei Fjotland atter ein gong slege saman med Kvinesdal, inkludert Feda, og seinare har Fjotland vore ein del av Kvinesdal kommune.

Gamle Fjotland kommune er den delen av Kvinesdal som framleis har nynorsk som opplæringsspråk i skulen og nynorsk liturgi i kyrkja. I 1908 gjekk fem av skulekrinsane i bygda over til landsmål (nynorsk) som opplæringsmål. Blant desse var Kvinlog skule, som stadfesta sitt nynorskstandpunkt i ei skulerøysting i 2007. I 1918, som første kyrkjelyd i Vest-Agder, tok Fjotland i bruk landsmålet som liturgispråk.

Kommunenamnet kjem frå kyrkjestaden, som ligg på garden Fjotland sin grunn. Oluf Rygh seier om gardsnamnet at det sannsynlegvis har vore *Fjósland eller *Fjósaland, frå fjós, som tyder 'fjøs'. Som eit alternativ nemnar han at det kan ha vore eit tapt elvenamn, Fljota, som tyder 'den snøgge' og som er kjend minst ein stad i Noreg.

Arkivkjelder frå Fjotland kommune

Dei kommunale arkivkjeldene for Fjotland kommune fins i dag hos Interkommunalt arkiv i Vest-Agder (IKS). Dette inkluderer protokollar frå til dømes kommunestyre, fattigstyre og skolestyre og arkiv med mellom anna personopplysningar slik som klientarkiv, skatteprotokollar, men og skoleprotokollar.

Kjelder og litteratur