Fjotland sokn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Fjotland sokn vart oppretta i 1670 som eit annekssokn i Kvinesdal prestegjeld. Då prestegjeldet vart delt i 1753 gjekk Fjotland til Øvre Kvinesdal, det som seinare vart til Hægebostad prestegjeld. I 1841 vart det overflytta til Nedre Kvinesdal, det seinare Kvinesdal prestegjeld. I 1857 vart soknet så eit eige prestegjeld, Fjotland prestegjeld med berre hovudsoknet. Soknet og prestegjeldet svara til tidlegare Fjotland kommune.

Soknet fekk ny soknekyrkje, Fjotland kyrkje, i 1836.

I 1873 var det ei mindre grensejustering då garden Knabeneset vart overført til Tonstad sokn. Denne garden vart ført attende til Fjotland saman med Salmeli, Solhom og Homstøl i 1902.

I 1963 vart Fjotland kommune innlemma i Kvinesdal kommune, og i 1970 følgde kyrkja på ved å innlemme soknet i Kvinesdal prestegjeld.

Etter at prestegjelda vart nedlagt i 2000-åra vart Fjotland sokn ein del av Kvinesdal kyrkjelege fellesråd.

Litteratur og kjelder

Koordinater: 58.5250306° N 6.9910583° Ø