Flatdal Fråhaldslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Flatdal Fråhaldslag blei skipa i 1906. Gardbrukar og lærar Tov Trahaug var ein av stiftarane.

Laget dreiv ikkje berre med vanleg fråhaldsarbeid, men hadde snikkarkurs, skodespel og musikalske innslag i tillegg til det vanlege fråhaldsarbeidet. I 1935/36 heldt laget kurs for arbeidslaus ungdom, noko som vakte stor oppsikt og vart eit førebilete for andre lag i regionen. "Skaff ungdomen arbeid - lediggang er roten til alt ondt", heitte det.

Fråhaldslaget hadde eige barnelag, ungdomslag og lag for vaksne. Dei hadde to handskrevne blad; det eine heitte "Von" og det andre "Flatdølen". På fanane til laget stod det "Med Gud for heim og Fedreland", og "Me vernar vaar heim". På det meste hadde laget 142 medlemar.

Laget gjekk inn i 1973.

Arkiv

Arkivet etter Flatdal Fråhaldslag er ordna ved Vest-Telemark Museum. [Lenke https://www.arkivportalen.no/entity/no-VTM_arkiv_000000002442] til oppføring på arkivportalen.

Kjelder

  • Nordstoga, Torvald, Sol gjeng upp - sol gjeng ned : trekk frå edruskapsarbeid i Telemark, Strømmen : Pro Anno forl., 1998. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.