Flatdalsvegen (Seljord)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. okt. 2019 kl. 14:40 av Rool (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Flatdalsvegen sett nordover ved Lakshøl Bruk.
Foto: Roy Olsen (2018).

Flatdalsvegen (E134) i Seljord kommune går nordover frå Bygdaråvegen i krysset med Manheimstrondi ved Bjørge. Vegen fylgjer Vallaråi på austsida, går langs Flatsjå og gjennom Flatdal og dei brattlendte svingane ved Nutheim til kommunegrensa mot Hjartdal, der han endrar namn til Hjartdalsvegen.

Vegen er kring 16,8 km lang har namn etter grenda Flatdal.

I Flatdal finn me ein av svært få autentiske norske landsbyar. Her er 10-12 gardar, litt ettersom korleis ein reknar, samla i ein huskrull medan jorda som høyrer til gardane ligg spreidd utover den nesten 3 000 dekar store flata mot Flatsjå. Heilt øvst i Flatdal ligg Nutheim gjestgiveri som blei sett opp som Nutheim Hotell i 1877 i ei tid da det veks fram eit lite grendelag her.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Haukelivegen Seljord.


Koordinater: 59.48936° N 8.64419° Ø