Flatejordsøyane (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. mai 2020 kl. 07:21 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «fylke = Sogn og Fjordane» til «fylke = Vestland»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Flatejordsøyane
Alt. namn: Haugen
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 206
Bnr: 2
Postnummer: 6871

Flatejordsøyane (Haugen) (Luster, gnr. 206/2) er eit gardsbruk i Jostedalen, Luster kommune. Det ligg under matrikkelgarden Haugen. Bruket ligg i dag i hovuddalføret på tunga som er avgrensa av Krundøla i sørvest og Jostedøla i aust.

Flatejordsøyane sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.

Flatejordsøyane vart utskilt frå hovudbruket Haugen (bnr. 1) ved ei delingsforretning 6. oktober 1853. Dette var dermed den fyrste bruksdelinga på Haugen. Den fyrste eigaren var Hans Andersson Haugen, men han selde alt i 1855 vidare til broren John Andersson Haugen. Dei kom båe frå hovudbruket og var søner av Anders Andersson Haugen og Mari Johnsdotter.

Garden er i skriftlege dokument oftast kalla Haugen. Det heng saman med at gardstunet opphavleg låg saman med tunet på hovudbruket. Då garden vart delt i 1853, følgde òg den eine av dei to Baggetun-plassane med på kjøpet. Denne husmannsplassen vart utskild frå bnr. 2 som Baggetun (bnr. 3) i 1899.

Etter utskiftinga i 1853/54 vart så husa i det gamle tunet rivne, og eit nytt gardstun vart bygt på Flatejordsøyane i hovuddalføret der det ligg i dag. Flatejordsøyane har namnet etter garden Flatejordi.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 759-764. (Digital utgåve, NBdigital)


Koordinater: 61°37′56″ N 7°16′11″ Ø