Florø

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. mai 2018 kl. 22:15 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsikt over Florø i 1960.
Foto: Ukjent/Nasjonalbiblioteket

Florø er ein tettstad og administrasjonssenter i Flora kommune i Sogn og Fjordane. Det fekk status som ladestad i 1860, og dermed vart Florø kommune oppretta. Kommunen vart i 1964 ein del av Flora kommune. Tettstaden ligg på øya Florelandet, som ligg ytst mellom Botnafjorden og Solheimsfjorden. Ettersom husa har spredd seg utover har den vestlige delen av Brandsøy vorte ein del av tettstaden Florø.

Det var sildefisket som var grunnlaget for opprettinga av ein ladestad. Fisket er fortsatt viktig for området, nå først og fremst på grunn av den tilknytta industrien i Florø. Ein kan finne fiskeforedlingsanlegg, verftsindustri, eksportforetak og fiskefôrfabrikk. Det er også ein del oljerelatert industri knytta til Fjord Base.

Florø hamn har Noregs største kapasitet for frysekonteinarar. Det er også flyplass her, Florø lufthavn som åpna i 1971 og som har eigen helikopterbase for trafikk til plattformene i Nordsjøen.

Kystmuseet i Sogn og Fjordane åpna i Florø i 1985.

Kjelder

  • Florø i Store norske leksikon