Flåmsdalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. aug. 2018 kl. 23:58 av Stigrp (samtale | bidrag) (→‎Galleri)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
I nedre del av Flåmsdalen er det fleire gardsbruk. Lenger opp er dalen langt trongare.
Foto: Ukjent / Nasjonalbibloteket

Flåmsdalen i Aurland kommune er ein atten kilometer lang dal som går frå Myrdal stasjon til Aurlandsfjorden. Den nedre delen av dalen er nokså open, og der finn ein fleire gardsbruk. Det øvste av desse ligg på 480 meter over havet, omkring ni kilometer inn i dalen. Lenger opp er dalen trong og mindre egna for busetnad og landbruk.

Flåmselva renn gjennom dalen. Den har varig vern mot kraftutbygging. Langs dalen går jernbanelinja Flåmsbana, som er ei sidelinje til Bergensbanen, frå Flåm til Myrdal stasjon. Det går ein eldre veg langs dalen. Denne var opphavleg anleggsveg for Bergensbanen, og har blitt sett i stand som sykkel- og turveg som ein del av Rallarvegen. Turistar har kome til dalen sidan før jernbanen vart bygd, og det er turisthotell på Fretheim og på Vatnahalsen.

I nedre del av dalen ligg Flåm kyrkje frå 1667. Like ved, på Furuberget, er det fleire jettegryter.


Galleri

Litteratur