Folgefonngata (Odda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. jun. 2017 kl. 05:32 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Nynorsk)
Hopp til navigering Hopp til søk
Folgefonngata startar like ved ved Smelteverksporten og går vestover.
Foto: Dag Endre Opedal

Folgefonngata er den andre gata i Odda som blei ferdig i tråd med byplanen frå 1907. Gata er oppkalla etter isbreen Folgefonna.

Framleis heiter hovudgatene i Odda sentrum Røldalsvegen, Kremarvegen og Eitrheimsvegen. Dette var først grusvegar som sidan har blitt asfalterte gater. Vegane var lagt før reguleringsplanen blei utarbeidd i 1907, og planen bygde vidare på desse samferdselsårene. Folgefonngata derimot er bygd ut i tråd med planen og er den andre gata som blei bygd ut i sentrum.

Dr Boyds gate

Folgefonngata går frå Kremarvegen til ho stoppar ved Opheimsgata. Gata heitte først Dr. Boyds gate, og var oppkalt etter engelskmannen Dr. Henry Boyd som i ein førtiårsperiode hadde besøkt Odda kvar sommar for å fiska laks. Han hadde gjeve Odda pengegåver og hadde sitt eige hus ved Hotel Hardanger.

Langs Folgefonngata ligg i dag bygningar for handel, offentlege tenester, bustadar og skule. Du finn Politihuset, Domusbygget, bustadblokka «Murboligen» og små arbeidarbustadar. Desse små trehusa er mellom dei eldste i Odda og tre av dei er blitt museum, «Industristadmuseet i Odda», ei avdeling av Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum eller NVIM.

Fram til 1906 dreiv garden Bakke tradisjonelt jordbruk på bøane der Folgefonngata blei lagt. Gardstunet låg omlag der som «gården» til Murboligen er, men husa blei rivne eller flytta alt i 1907. På garden var det også planta ein frukthage og den ser vi truleg spor av i hagen til Folgefonngata 9. Dei store epletrea der er riktig gamle. I boka Dei finaste band - vår historie om Odda fortel meir.

På deler av området der skuleplassen ligg no, dreiv familien Breistein lenge gartneri. Og på hjørnet Skulegata - Folgefonngata der det no er ein open plass, sto Ohmshuset eller Folgefonngata 14. Ohmshuset eller Ohmsgården var bygd omkring 1960 og var karakteristisk for si tid. Det blei rive for å gje plass til utvidingar av skulen.

Folkets hus

Frå 1914 til 1971 sto det stolte jugendbygget Folkets hus på deler av tomta der Domusbygget er i dag. Folkets hus i Odda var teikna av arkitekt Olaf Jahnsen, Bergen, som og teikna Handelshuset i Odda.


Koordinater: 60.0678768° N 6.5443658° Ø