Folk og fortid i Hol

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Høgtlesing frå Folk og fortid i Hol på Hol bygdemuseum.
Foto: Jac Brun (1959).

Folk og fortid i Hol er eit bygdebokverk for Hol kommune i Buskerud. Det kom ut åtte band, der dei to fyrste er bygdesoge, band 3 til 7 gards- og ættesoge med undertittel Ætt og eige og siste bandet er eit registerbind. Lars Reinton og Sigurd S. Reinton sto for de første sju banda, medan Einar Reinton, Lars Reinton og Magne Myhren laga registerbandet.

I faglitteraturen har særleg dei to fyrste banda, allmennsoga ved Lars Reinton, vorte framheva som epokegjerande lokalhistorie. Det gjeld ikkje minst fordi verket gjorde mykje til at den kronologiske disposisjonen vart eit rådande fagideal for bygdehistoriske verk. Forfattaren hadde som mål å framstille heilskap og samanheng i bygdehistoria i dei ulike på kvarandre følgjande historiske epokar. Men innanfor kvart tidsavsnitt deler han rett nok stoffet inn i emnekapittel.

Faghistorikaren Reinton får også anerkjenning for si evne til å utnytte eit uvanleg rikt spektrum av kjelder for å få fram eit særs levande bilete av bygdelivet og kulturhistoria for Hol gjennom alle tider. Rolf Fladby framhevar særleg Reintons utnytting av munnleg tradisjonsmateriale.[1]

Reinton var fødd og oppvaksen i bygda han skreiv om, og hadde såleis mykje innsidekunnskap som han kunne dra nytte av. Men det har også vore stilt spørsmål om korleis hans oppvekstmiljø, slektskjensla og kjærleiken hans til bygda og bygdekulturen kan ha påverka tone og tendens i bygdeboka. Kåre Olav Solhjell, som på 2000-talet har vidareført bygdehistoria for Hol, skriv om dette: «Dei gamle forfattarane [Lars og Sigrud Reinton] måla eit samfunn i harmoni. Det som mislykkast eller gjekk på tverke i bygda, det let dei liggje. Og motsetningar og konfliktar mellom personar og grupper, det gjekk dei forbi [...] Det finst heller ingen "klasser" eller "sosiale grupper" i deira historie. Her er det slekta som bind folket saman.»[2]

Sjå meir om Folk og Fortid i artikkelen om Lars Reinton

Band

Bandinndelinga er som følgjer:

  • Lars Reinton, Sigurd S. Reinton: Folk og fortid i Hol. Utg. 1938-82.
    • B.1. Frå eldste tida til 1815. 1938. 550 s.
    • Melding: Johnsen, Oscar Albert i Heimen, b. V, s. 155–156.
    • B.2. Frå 1815 til vår tid. 1943. 814 s.
    • Melding: Johnsen, Arne Odd i Heimen, b. VI, s. 305–309.
    • B.3. Ætt og eige. 1972. XV, 912 s. + vedlegg: Tillegg og rettingar s. [913]-916
    • Melding: Bjørkvik, Randi og Halvard i Heimen, b. XVI, s. 212–218.
    • B.4. Ætt og eige. Sør-Hovet. 1973. XIV, 549 s.
    • B.5. Ætt og eige. Sør-Hovet framhald, Nord-Hovet, Sudndalen og Strønde. 1975. XV, 705 s.
    • B.6. Ætt og eige. Kvisla og Lio. 1977. XIII, 814 s.
    • B.7. Ætt og eige. Ustedalen og Skurdalen. 1979. XIII, 711 s.
    • B.8. Einar Reinton, Lars Reinton, Magne Myhren: Fellesregister. 1982. XII, 195 s.

Referansar

  1. Fladby, R. 1970:65.
  2. Solhjell, K.O. 2000.

Litteratur og kjelder

  • Bibliografi:Hol kommune
  • Fladby, Rolf: «Bygdehistorien og den lokalhistoriske forskning 1920 – 1970» i Bjørkvik, Fladby, Reinton & Sandnes (red.): Lokalhistorie i forskning og kulturarbeid gjennom 200 år. Universitetsforlaget, Trondheim 1970.
  • Kåre Olav Solhjell: Hol i hundre år: Historia om Hol i Hallingdal på 1900-talet. Bd. 1 Jernbanen og fjellbygda 1900-1950. Utg. Hol kommune. 2000.