Folkemusikkarkivet i Telemark

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Folkemusikkarkivet i Telemark driv innsamling og formidling av folkemusikk i Telemark. Hovudoppgåvene er å ta vare på dei rike folkemusikktradisjonane i fylket og å arbeide for at folkemusikken også i framtida skal vera ei levande kulturytring. Folkemusikkarkivet i Telemark er oppretta av Telemark fylkeskommune. Drifta er lagt til Telemark kulturnettverk, og arkivet har lokale i Gullbring kulturanlegg i .

Historikk

Sidan 1980-talet har det blitt drive målretta innsamling av folkemusikk i Telemark. Dei fyrste åra blei innsamlinga drive på prosjektbasis, med midlar løyvde av Telemark fylkeskommune frå år til år. Hausten 1998 blei det fatta vedtak om å opprette eit permanent arkiv, og Folkemusikkarkivet i Telemark blei etablert året etter. Det er fylkeskommunen og kommunane som finansierer drifta av arkivet.

Arkivet driv innsamling over heile fylket, dels ved eige dokumentasjonsarbeid og dels ved å ta imot materiale frå andre. Over tid er det bygd opp ei variert samling av og om folkemusikk og folkedans i Telemark. Alle interesserte kan få tilgang til samlinga ved å kontakte arkivet. Ein kan også vende seg til arkivet med spørsmål som gjeld folkemusikk og folkedans.

Arkivet

Folkemusikkarkivet har over 8 000 registrerte artiklar og andre dokument om folkemusikk og utøvarar, hovudsakleg frå Telemark. Her finst informasjon om musikk og dans frå langt attende i tida og fram til i dag. Hovudtyngda av materialet er avisartiklar, men det eksisterer også ei rekke andre artiklar, bøker, forskjellige manuskript og diverse anna skriftleg materiale. Arkivet har dei fleste utgåvene av Spelemannsbladet, samt fleire andre tidsskrift.

Samlinga er søkbar på folkemusikkarkivet si heimeside. Sjå lenke.

Opptakssamlinga

Opptakssamlinga til Folkemusikkarkivet omfattar meir enn 17.000 kutt. Det meste av dette er lydopptak, medan ein mindre del er videoopptak. Opptaka er av varierande kvalitet, avhengig av alder, opptakssituasjon, opptaksutstyr som blei nytta og alder/tilstand på utøvaren. Det meste av samlinga er upubliserte opptak, men utgitte fonogram eksisterer også i mindre omfang.

Samlinga er søkbar på Folkemusikkarkivet si heimeside. Sjå lenke.

Kjelder

  • Folkemusikkarkivet i Telemark si heimeside. Sjå lenke.