Folkestadbyen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. sep. 2011 kl. 18:31 av Olav Momrak-Haugan (samtale | bidrag) (Ny side: '''Folkestadbyen''' ligg sentralt i Fyresdal kommune. Dette er ei samling hus som ber preg av ein hageby og vart bygd opp etter år 1870 stort sett av handverkarar. [[Bilde:Folkestadbyen.jp...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Folkestadbyen ligg sentralt i Fyresdal kommune. Dette er ei samling hus som ber preg av ein hageby og vart bygd opp etter år 1870 stort sett av handverkarar.

Folkestadbyen i sentrum (Fotograf:Bjørn Østrem)
Folkestadbyen, gatekart

Om Folkestadbyen skriv arkitektfirmaet Snøhetta:

Folkestadbyen har ein sjølvgrodd typologi, der mest alle bygningane er av same storleik. At byen er sjølvgrodd tyder at han ikkje er planlagt etter lineære aksar eller rutenett. Tettstaden har vakse fram etter som folk har flytt til. Dei kom flyttande frå gardane og grendene i bygda. Dei tok med seg husa sine, sette opp uthus og laga ein hage rundt. Dei ordna seg så tett langsetter vegane at vegane blei kalla gater. Denne strukturen av ein hageby har Fyresdal ennå. Og det er dette som gjer at han er særskild samanlikna med andre bygder; Det er godt med plass rundt og elles i bygda og dalføret, men i Folkestadbyen er det intimt og tett mellom husa.

Bendik Taraldlien skriv:

Fyrst blei plassen Snippen bygd på prestegarden sin grunn. Så tok Knut Larsson til å bygge seg stove og uthus. Dette blei kalla Folkestad, og etter det heve no byen navne sitt.

Det var frå 1870-åra at bygginga tok fatt. Det var stort sett handverkarar som busette seg der. Det kunne vere skomakar, skreddar og salmakar som ofte arbeidde utover kveldane, og han som var sagmeister om dagen var skomakar om kvelden. Her var og smed og hovslagar. I dei større bygningane var det vanleg at det budde både to og tre familiar. Her var butikkar og fleire hotell, meieri og badstove, bakeri og frisør, her vart arbeidd med stamping og farging av tøy og her var sagbruk. Her budde snikkarar og folk med tilsvarande yrker. I eit hus budde drosjeeigar, i eit anna var det telefonsentral. Postkøyrar var her og. Eit bedehus, Betel, var sentralt, likeeins eit ungdomshus, Ånerud.

I Folkestadbyen levde dei fleste såleis av å produsere tenester for andre. I 1906 var der 34 bygningar som det budde folk i, og tilhøyrande uthus, i alt 75 taktekte hus og om lag 140 menneske. Bendik Taraldlien skriv at det då var 3 handelsbuer, 2 bakeri, 1 fargeri, 2 smier, 1 badstove, 1 meieri, 1 sagbruk og mølle, 2 skreddarrom, 1 bank, 1 bedehus, 1 ungdomshus, 1 safteri, 1 urmakar og 1 blekkslagarverkstad m. m.

Av «gater» er det tre stykke og dei dannar ein trekant. Basis er den gamle hovudvegen som går mellom Øyskogen og «byen» hovudsakleg i retning nord – syd. Ut mot denne ligg eigedomen Folkestad som har gjeve staden namn. Ut frå denne går to gater i retning vest og dei møtest i ein spiss. I den eine budde han som var skipper på D/S Fyresdølen og denne har difor frå gamalt av hatt namnet Skippergata. I den andre budde lensmannen og denne har likeeins frå gamalt av hatt namnet Lensmannsgata. I nord og syd var det store jorder som låg heilt inn til ein vel avgrensa busetnad.


Folkestadbyen i 2011

Når folk i sentrale delar av Fyresdal skal burt i sentrum i ein forretning eller eit anna ærend seier dei enno at ein skal ein tur burt i «byen».

Folkestadbyen grensar i vest mot Øyskogen med Fyresdal Bygdemuseum og dette har i 2011 to eigedomar i området, det gamle bakeriet (3 på kartet) og Øystad (1 på kartet) som er eit bustadhus med uthus med fjøs og stall samt stabbur og do omgjeve av ein tradisjonell hage. Dei fleste husa i Folkestadbyen er no berre bustadhus og staden vert godt hegna om.

Det vert arbeidd med å setje namn på vegar i kommunen og det er då eit framlegg om å kalle vegen mellom Folkestadbyen og Øyskogen for Folkestadgata etter eigedomen som grensar ut mot denne.

I 2002 fekk Fyresdal kommune Tettstadprisen for Telemark. Prisen vart gjeve kommunen for sitt arbeid med utviklinga av Folkestadbyen til eit trivleg og tydeleg sentrum i kommunen. I tillegg til prisen vart det satt av kr. 250 000,- til vidare arbeid. Arkitektfirmaet Snøhetta A/S ved landskapsarkitekt Ragnhild Momrak laga same år eit dokument med framtidige planar for Folkestadbyen. Diverse tiltak skal styrke staden sin identitet og delprosjekt vert utførde etter kvart.


Kjelder og litteratur

Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009. S. 5-34.

Moland Kulturminneløype

Taraldlien, Bendik. Fyresdal Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.