Forliset i Nautsundet 24. januar 1876

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Nautsundet (Nordheimsundet) mellom Stabblandet (nærmast kameraet) og Solskjelsøya sett frå åsryggen Nauthatten.
Foto: Olve Utne (februar 2012).

Under forliset i Nautsundet (no Nordheimsundet) mellom Solskjelsøya og Stabblandet i noverande Aure kommuneNordmøre måndagen den 24. januar 1876 omkom to mann.

Dagen føre, søndagen den 23. januar, hadde tre båtlag på veg frå Surnadalen og Kvenna (Kvanne) til Veiholmenskreifiske lagt seg til ved Skomakarøya (Solskjeløygarden). På måndagsmorgonen begynte det å blåse opp, og fem mann frå det eine av dei to surnadalsbåtlaga la utpå i ein trirøing for å sikre seglet på storbåten. Med dei var utpå auka han på til storskavêr, og da dei skulle i land att prøvde dei å dra seg til langs etter landtauget til storbåten. Men i mellomtida hadde sjøen stige slik at åborden låg fleire famner ut frå land, og dei laut fram med årane. Da kom det ei rosse og blåste i koll båten. Tre mann av dei fem greiide å berge seg i land, der dei laut liggja og halde seg fast for ikkje å bli tekne av vêret. Dei tre som hadde greidd seg, kom seg etterkvart bortåt gardshusa på Øygarden, der dei losjerte. Der hadde stormen flytta eit stabbur, blåst ned ein skorstein og teke noko av stuetaket.[1]

Dei to omkomne var surndalingane Inderst Matthias Beraugsen, 38, Glæreim; og ungkarl Ole Sivertsen (f. 18/10 1846), Bævre. I Ministerialboka for Surnadal står det om dei: Omkomne pa Söen og jordfæstede paa Edö.[2] Jordfestinga skjedde på Gullstein kyrkjegard måndagen den 17. april 1876. Det var sju jordfestingar den dagen — den førre jordfestinga fann stad søndagen den 20. februar same året. I Ministerialboka for Tustna står det om dei: Druknede paa Reise til Veiholmen, idet en orkanagtig Storm kaſtede Baaden om, liggende paa Havn ved Solskjær.[3]

Kjelder

  • Fugelsøy, Maurits: Nordmøre fiskersoge. [s.l.] : Nordmøre Fiskarlag, 1962.
  • Ministerialbok for Surnadal, 1874–1884
  • Ministerialbok for Tustna, 1875–1879

Fotnotar