Formfin: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 13: Linje 13:
Tretten personar var sysselsette i bedrifta i 1949. Dei neste åra låg bemanninga stabilt på 11 personar.

Det opphavelege trebygget i to høgder vart etter ti år utvida med eit tilbygg i mur. Då disponerte bedriftar over eit bygg med ei grunnflate på 500 kvadratmeter. Likevel vart lokala snart for små for ein fabrikk i jamn vekst. I 1965 hadde leiinga planar om å utvide bygget ytterlegare, men dt ordna seg ikkje med grunn. I staden kjøpte Formfin-aksjonærane ei tomt på Hundeide der dei førte opp eit nytt fabrikkbygg i betong. Med den nye lokaliseringa kom dei 700 meter lenger vekk frå kaia. Det talde med i ei tid då mykje av transporten til og frå skjedde sjøvegen. I ettertid har lokaliseringa på Hundeide synt seg å vere positiv for Formfin. Der var det god plass for dei påbygga som sidan skulle kome. Elles tok bilane meir og meir over transporten.
Det opphavelege trebygget i to høgder vart etter ti år utvida med eit tilbygg i mur. Då disponerte bedriftar over eit bygg med ei grunnflate på 500 kvadratmeter. Likevel vart lokala snart for små for ein fabrikk i jamn vekst. I 1965 hadde leiinga planar om å utvide bygget ytterlegare, men det ordna seg ikkje med grunn. I staden kjøpte Formfin-aksjonærane ei tomt på Hundeide der dei førte opp eit nytt fabrikkbygg i betong. Med den nye lokaliseringa kom dei 700 meter lenger vekk frå kaia. Det talde med i ei tid då mykje av transporten til og frå skjedde sjøvegen. I ettertid har lokaliseringa på Hundeide likevel synt seg å vere positiv for Formfin. Der var det god plass for dei påbygga som sidan skulle kome. Elles tok bilane meir og meir over transporten.

Då dei nye lokala kunne takast i bruk hausten 1966, fekk bedrifta kapasitet til å ta det meste av trevareproduksjonen sjølv. Likevel har Formfin alltid supplert med treverk frå underleverandørar.  

Første byggesteget på Hundeide var på 1500 kvadratmeter golvflate. I 1976 kom eit større tilbygg i betong på 1200 kvadratmeter. Til saman disponerte verksemda då 3700 kvadratmeter golvplass. I 1976 var arbeidsstyrken auka til 35 personar. I hovudsak var det hundeidvikarar, men også personar frå Sørestranda i SYkkylven og nabokommunen Ørsta har funne sysselsetting på Formfin.
Første byggesteget på Hundeide var på 1500 kvadratmeter golvflate. I 1976 kom eit større tilbygg i betong på 1200 kvadratmeter. Til saman disponerte verksemda då 3700 kvadratmeter golvplass. I 1976 var arbeidsstyrken auka til 35 personar. I hovudsak var det hundeidvikarar, men også personar frå Sørestranda i Sykkylven og nabokommunen [[Ørsta]] har funne sysselsetting på Formfin.

Formfin Møbler AS, er ein av dei største salongprodusentane i Noreg. Det var frå om lag 1970 at verksemda byrja å ruve. Då lanserte dei ein av dei første salongane i landet med formstøypte puter i ryggen. Modellen fekk namnet Flexi. Flexi var i produksjon i ti år og gav bedrifta ein god skuv framover. Den høgrygga salongen Verona hadde ein tilsvarande effekt.

Linje 23: Linje 23:
Tidleg i 1980-åra heldt ekspansjonen fram. På dei fem åra frå 1980 til 1985 auka omsetninga frå 16.5 millionar kroner til 38.5 millionar, og talet på tilsette voks frå 45 til 79, begge tala inklusive deltidsarbeidarane.  

Jakob O. Utgård var disponent for Formfin i 30 år. Han vart i 1977 avløyst av sonen, Olav Utgård, som hadde utdanning som siviløkonom. Johhny Myrset hadde i mange år ansvaret for salet. Etter kvart tok sonen, Steinar Myrseth, over som salssjef. Magne Bueide var lenge produksjonsleiar. I dag har Ronny Bjøringsøy den oppgåva.  
Jakob O. Utgård var disponent for Formfin i 30 år. Han vart i 1977 avløyst av sonen, Olav Utgård, som hadde utdanning som siviløkonom. Johnny Myrseth hadde i mange år ansvaret for salet. Etter kvart tok sonen, Steinar Myrseth, over som salssjef. Magne Bueide var lenge produksjonsleiar. I dag har Ronny Bjøringsøy den oppgåva.  

Formfin disponerar i 2013 over eit bygg med ei grunnflate på 6000 kvadratmeter.

===Kjelde:===
===Kjelde:===

Sideversjonen fra 28. des. 2012 kl. 16:43

Formfin er ein møbelfabrikk som ligg i Hundeidvik i Sykkylven kommune. Verksemda vart etablert i 1946 av brørne Lars og Jakob O. Utgård, Johnny Myrseth og Magne Bueide.

Opptaket til bedrifta kan ein spore tilbake til 1938. Då gjekk Lars og Jakob Utgård saman om Stålullfabrikken. Lars hadde vore i USA nokre år, og han kom heim att med litt kapital. For desse pengane kjøpte han ein stålullmaskin i Stordal. Småindustrikontoret i Ålesund hjelpte dei to karane i gang og sytte for salet. I fleire år heldt dei til i kjellaren i stovehuset som faren hadde bygd på bruket Sjøbakken i 1902. Ved sida av at dei laga såpeblanda stålull nytta dei stålråstoffet til å lage bordknivar og murskeier. Det var meir å tene på slike varer enn på stålulla.

Dei hadde planar om å halde fram med stålullproduksjonen etter krigen. Difor bygde dei fabrikk i tre ved kaia i Hundeidvik i 1947. Men det synte seg at det var uråd å få tak i utstyr som kunne erstatte den etter kvart utslitne stålullmaskina.

Då dei byrja å spekulerere på kva dei skulle bruke bygget til, fall tankane naturleg på møbelproduksjonen. I Hundeidvik var det arbeidarar med erfaring frå faget som var interesserte i arbeid nærare heimstaden. Slik var det til dømes med Johnny Myrseth og Magne Bueide. Dei hadde tidlegare arbeidd ved Tynes Møbelfabrikk og Stilig i Tusvika. Johnny Myrseth hadde også, i lag med John Midtgård, drive ein møbelfabrikk frå 1944 til 1946 i det gamle meieriet i Hundeidvik.

Heilt fra starten tok dei fire eigarane av Formfin inn fem-seks mann i produksjonen. Treverket tok dei frå den utflytte sykkylvingen Erling Lyshol som hadde etablert trevarefabrikk på Vartdal. Nokre av dei første modellane sine fekk Formfin også gjennom Lyshol.

Bedrifta har heile tida satsa på salongar i mellomklassa. I byrjinga vart det også laga sovesofaer. Salet har gått gjennom agentar som har dekt heile landet. Mykje har gått nordover, likevel har Austlandet vore hovudmarknaden.

Tretten personar var sysselsette i bedrifta i 1949. Dei neste åra låg bemanninga stabilt på 11 personar.

Det opphavelege trebygget i to høgder vart etter ti år utvida med eit tilbygg i mur. Då disponerte bedriftar over eit bygg med ei grunnflate på 500 kvadratmeter. Likevel vart lokala snart for små for ein fabrikk i jamn vekst. I 1965 hadde leiinga planar om å utvide bygget ytterlegare, men det ordna seg ikkje med grunn. I staden kjøpte Formfin-aksjonærane ei tomt på Hundeide der dei førte opp eit nytt fabrikkbygg i betong. Med den nye lokaliseringa kom dei 700 meter lenger vekk frå kaia. Det talde med i ei tid då mykje av transporten til og frå skjedde sjøvegen. I ettertid har lokaliseringa på Hundeide likevel synt seg å vere positiv for Formfin. Der var det god plass for dei påbygga som sidan skulle kome. Elles tok bilane meir og meir over transporten.

Då dei nye lokala kunne takast i bruk hausten 1966, fekk bedrifta kapasitet til å ta det meste av trevareproduksjonen sjølv. Likevel har Formfin alltid supplert med treverk frå underleverandørar.

Første byggesteget på Hundeide var på 1500 kvadratmeter golvflate. I 1976 kom eit større tilbygg i betong på 1200 kvadratmeter. Til saman disponerte verksemda då 3700 kvadratmeter golvplass. I 1976 var arbeidsstyrken auka til 35 personar. I hovudsak var det hundeidvikarar, men også personar frå Sørestranda i Sykkylven og nabokommunen Ørsta har funne sysselsetting på Formfin.

Formfin Møbler AS, er ein av dei største salongprodusentane i Noreg. Det var frå om lag 1970 at verksemda byrja å ruve. Då lanserte dei ein av dei første salongane i landet med formstøypte puter i ryggen. Modellen fekk namnet Flexi. Flexi var i produksjon i ti år og gav bedrifta ein god skuv framover. Den høgrygga salongen Verona hadde ein tilsvarande effekt.

Tidleg i 1980-åra heldt ekspansjonen fram. På dei fem åra frå 1980 til 1985 auka omsetninga frå 16.5 millionar kroner til 38.5 millionar, og talet på tilsette voks frå 45 til 79, begge tala inklusive deltidsarbeidarane.

Jakob O. Utgård var disponent for Formfin i 30 år. Han vart i 1977 avløyst av sonen, Olav Utgård, som hadde utdanning som siviløkonom. Johnny Myrseth hadde i mange år ansvaret for salet. Etter kvart tok sonen, Steinar Myrseth, over som salssjef. Magne Bueide var lenge produksjonsleiar. I dag har Ronny Bjøringsøy den oppgåva.

Formfin disponerar i 2013 over eit bygg med ei grunnflate på 6000 kvadratmeter.

Kjelde:

  • Eldar Høidal: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990.