Formfin

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Formfin er ein møbelfabrikk som ligg i Hundeidvik i Sykkylven kommune. Verrksemda vart etablert i 1946 av brørne Lars og Jakob Utgård, Johnny Myrseth og Magne Bueide.

Opptaket til bedriftet kan ein spore tilbake til 1938. Då gjekk Lars og Jakob Utgård saman om Stålullfabrikken. Lars hadde vore i USA nokre år, og han kom heim att med litt kapital. For desse pengane kjøpte han ein stålullmaskin i Stordal. Småindustrikontoret i Ålesund hjelpte dei to karane i gang og sytte for salet. I fleire år heldt dei til i kjellaren i stovehuset som faren hadde bygd på bruket Sjøbakken i 1902. Ved sida av at dei laga såpeblanda stålull nytta dei stålråstoffet til å lage bordknivar og muskeier. Det var meir å tene på slike varer enn på stålulla.

Dei hadde planar om å halde fram med stålullproduksjonen etter krigen. Difor bygde dei fabrikk i trematerialar ved kaia i Hundeidvik i 1947. Men det synte seg at det var uråd å få tak i utstyr som kunne erstatte den etter kvart utslitne stålullmaskina.

Då dei byrja å spekulerere på kva dei skulle bruke bygget til, fall tankane naturleg på møbelproduksjonen. I Hundeidvik var det arbeidarar som erfaring frå faget og var interesserte i arbeid nærare heimstaden. SLik var det til dømes med Johnny Myrseth og Magne Bueide. Dei hadde tidlegare arbeidd ved Tynes Møbelfabrikk og Stilig i Tusvika. Johnny Myrseth hadde også, i lag med John Midtgård, drive ein fabrikk frå 1944 til 1946 i det gamle meieriet i Hundeidvik.

Heilt fra starten tok dei fire eigarane av Formfin inn fem-seks mann i produksjonen. Treverket tok dei frå den utflytte sykkylvingen Erling Lyshol som hadde etablert trevarefabrikk på Vartdal. Nokre av dei første modellane sine fekk Formfin også gjennom Lyshol.

Bedrifta har heile tida satsa på salongar i mellomklassa. I byrjinga vart det også laga sovesofaer. Salet har gått gjennom agentar som har dekt heile landet. Mykje har gått nordover, likevel har Austlandet vore hovudmarknaden.

Tretten personar var sysselsette i bedrifta i 1949. Dei neste åra låg bemanninga stabilt på 11 personar.

Det opphavelege trebygget i to høgder vart etter ti år utvida med eit tilbygg i mur. Då disponerte bedriftar over eit bygg med ei grunnflate på 500 kvadratmeter. Likevel vart lokala snart for små for ein fabrikk i jamn vekst. I 1965 hadde leiinga planar om å utvide bygget ytterlegare, men dt ordna seg ikkje med grunn. I staden kjøpte Formfin-aksjonærane ei tomt på Hundeide der dei førte opp eit nytt fabrikkbygg i betong. Med den nye lokaliseringa kom dei 700 meter lenger vekk frå kaia. Det talde med i ei tid då mykje av transporten til og frå skjedde sjøvegen. I ettertid har lokaliseringa på Hundeide synt seg å vere positiv for Formfin. Der var det god plass for dei påbygga som sidan skulle kome. Elles tok bilane meir og meir over transporten.

Då dei nye lokala kunne takast i bruk hausten 1966, fekk bedrifta kapasitet til å ta det meste av trevareproduksjonen sjølv. Likevel har Formfin alltid supplert med treverk frå underleverandørar.

Første byggesteget på Hundeide var på 1500 kvadratmeter golvflate. I 1976 kom eit større tilbygg i betong på 1200 kvadratmeter. Til saman disponerte verksemda då 3700 kvadratmeter golvplass.