Formfin

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 16:10 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Formfin er ein møbelfabrikk som ligg i Hundeidvik i Sykkylven kommune. Verksemda vart etablert i 1946 av brørne Lars O. og Jakob O. Utgård, Johnny Myrseth og Magne Bueide. Sidan 1970-talet har fabrikken vore ein av dei største salongprodusentane i Noreg, og modellane «Flexi» og «Verona» er mellom dei mest kjende. I 2009 gjekk møbelprodusentane i Sykkylven saman for å lage verdas lengste sofa, og Formfin sin salongmodell «Basic» vart då vald som grunnlag. Formfin Møbler AS rår i 2013 over eit bygg med ei grunnflate på 11.000 kvadratmeter.

Starten

Opptaket til bedrifta kan ein spore tilbake til 1938. Då gjekk Lars og Jakob Utgård saman om Stålullfabrikken. Lars hadde vore i USA nokre år, og han kom heim att med litt kapital. For desse pengane kjøpte han ein stålullmaskin i Stordal. Småindustrikontoret i Ålesund hjelpte dei to karane i gang og sytte for salet. I fleire år heldt dei til i kjellaren i stovehuset som faren hadde bygd på bruket Sjøbakken i 1902. Ved sida av at dei laga såpeblanda stålull nytta dei stålråstoffet til å lage bordknivar og murskeier. Det var meir å tene på slike varer enn på stålulla

Dei hadde planar om å halde fram med stålullproduksjonen etter krigen. Difor bygde dei fabrikk i tre ved kaia i Hundeidvik i 1947. Men det synte seg at det var uråd å få tak i utstyr som kunne erstatte den etter kvart utslitne stålullmaskina.

Frå stålull til møblar

Då dei byrja å spekulerere på kva dei skulle bruke bygget til, fall tankane naturleg på møbelproduksjonen. I Hundeidvik var det arbeidarar med erfaring frå faget som var interesserte i arbeid nærare heimstaden. Slik var det til dømes med Johnny Myrseth og Magne Bueide. Dei hadde tidlegare arbeidd ved Tynes Møbelfabrikk og Stilig i Tusvika. Johnny Myrseth hadde også, i lag med John Midtgård, drive ein møbelfabrikk frå 1944 til 1946 i det gamle meieriet i Hundeidvik.

Heilt fra starten tok dei fire eigarane av Formfin inn fem-seks mann i produksjonen. Treverket tok dei frå den utflytte sykkylvingen Erling Lyshol som hadde etablert trevarefabrikk på Vartdal. Nokre av dei første modellane sine fekk Formfin også gjennom Lyshol.

Bedrifta har heile tida satsa på salongar i mellomklassa. I byrjinga vart det også laga sovesofaer. Salet har gått gjennom agentar som har dekt heile landet. Mykje har gått nordover, likevel har Austlandet vore hovudmarknaden.

Tretten personar var sysselsette i bedrifta i 1949. Dei neste åra låg bemanninga stabilt på 11 personar.

Nybygg

Det opphavelege trebygget i to høgder vart etter ti år utvida med eit tilbygg i mur. Då disponerte bedrifta over eit bygg med ei grunnflate på 500 kvadratmeter. Likevel vart lokala snart for små for ein fabrikk i jamn vekst. I 1965 hadde leiinga planar om å utvide bygget ytterlegare, men det ordna seg ikkje med grunn. I staden kjøpte Formfin-aksjonærane ei tomt på Hundeide der dei førte opp eit nytt fabrikkbygg i betong. Med den nye lokaliseringa kom dei 700 meter lenger vekk frå kaia. Det talde med i ei tid då mykje av transporten til og frå skjedde sjøvegen. I ettertid har lokaliseringa på Hundeide likevel synt seg å vere positiv for Formfin. Der var det god plass for dei påbygga som sidan skulle kome. Elles tok bilane meir og meir over transporten.

Då dei nye lokala kunne takast i bruk hausten 1966, fekk bedrifta kapasitet til å ta det meste av trevareproduksjonen sjølv. Likevel har Formfin alltid supplert med treverk frå underleverandørar.

Første byggesteget på Hundeide var på 1500 kvadratmeter golvflate. I 1976 kom eit større tilbygg i betong på 1200 kvadratmeter. Til saman disponerte verksemda då 3700 kvadratmeter golvplass. I 1976 var arbeidsstyrken auka til 35 personar. I hovudsak var det hundeidvikarar, men også personar frå Sørestranda i Sykkylven og nabokommunen Ørsta har funne sysselsetting på Formfin.

Ein stor salongprodusent

Formfin Møbler AS er ein av dei største salongprodusentane i Noreg. Det var frå om lag 1970 at verksemda byrja å ruve. Då lanserte dei ein av dei første salongane i landet med formstøypte puter i ryggen. Modellen fekk namnet Flexi. Flexi var i produksjon i ti år og gav bedrifta ein god skuv framover. Den høgrygga salongen Verona hadde ein tilsvarande effekt.

Tidleg i 1980-åra heldt ekspansjonen fram. På dei fem åra frå 1980 til 1985 auka omsetninga frå 16.5 millionar kroner til 38.5 millionar, og talet på tilsette voks frå 45 til 79, begge tala inklusive deltidsarbeidarane.

Formfin har dei siste åra arbeidd mykje med produksjonslayouten for å få til ein mest mogeleg rasjonell produksjon, noko som er avgjerande for å halde oppe konkurransekrafta i eit høgkostland som Noreg. Bedrifta har lagt opp til at kundane kan vere med å avgjere korleis møbelet dei kjøper skal sjå ut. Mange av salongmodellane kan varierast med omsyn til storleik, utføring og tekstilval. Formfin er ei miljøbedrift som er sertifisert etter krava i Miljøfyrtårnordninga.

Då møbelindustrien i Sykkylven i 2009 gjekk saman for å lage verdas lengste sofa var det Formfin sin salongmodell Basic som vart vald som grunnlag. Verda lengste sofa vart kontrollmålt til 890.25 meter, og rekorden er notert i Guinness Book of Records.

Leiarar

Jakob O. Utgård var disponent for Formfin i 30 år. Han vart i 1977 avløyst av sonen, Olav Utgård, som hadde utdanning som siviløkonom. Johnny Myrseth hadde i mange år ansvaret for salet. Etter kvart tok sonen, Steinar Myrseth, over som salssjef. Magne Bueide var lenge produksjonsleiar. I dag har Ronny Bjøringsøy den oppgåva.

Kjelder